Til deg som er barnehagelærar. Vi i Golvsengane barnehage treng fleire dyktige medarbeidarar og ser etter deg som vil jobbe hos oss. Stillinga er fast, 100 prosent og gjeldande frå 1. januar 2027 eller etter avtale. Vi ser etter deg som er fagleg ansvarleg for det pedagogiske arbeidet i vår barnehage i samspel med dine medarbeidarar. Du må kunne gje barna omsorg og tryggheit. I dette legg vi at du får medansvar for organisering av leik og læring, med fokus på meistring for kvart enkelt barn. Du skal vere med på å bygge gode relasjonar for å skape lærelyst hos barna. Du er engasjert, løysingsorientert, kan samarbeide, leie og reflektere saman med andre, har godt humør og stå på-vilje. Hos oss får du eit støttande og godt kollegium der vi gir plass til fagleg og personleg utvikling gjennom eit inspirerande miljø. Barnehagen vår er ein avdelingsbarnehage med åtte avdelingar organisert med små- og storbarnsavdelingar. Barnehagen ligg sentralt til på Nordfjordeid med kort avstand til skog, fjord, fjell, operahuset med biblioteket og Sagastad/Sagaparken. Vår visjon er "Små og store hand i hand". Barna sitt beste står i sentrum for vårt arbeid, men for å få det til treng vi deg. Vi ser etter medarbeidarar som ynskjer å jobbe i eit godt kollegium der barna sin omsorg, leik og læring står i sentrum for jobben. Arbeidsoppgåver • Arbeide systematisk og målretta med det pedagogiske utviklingsarbeidet i barnehagen • Planlegge, gjennomføre og organisere foreldresamtalar og møte med foreldra • Bidra til å skape eit trygt, godt og inkluderande barnehagemiljø • Legg til rette for leik som gir læring og utvikling for alle barna • Planlegge og gjennomføre den daglege oppfølginga av barna • Samarbeide med interne og eksterne samarbeidspartnarar • Samarbeide med øvrige tilsette Kvalifikasjonar • Godkjent barnehagelærarutdanning • Teiknspråk-kompetanse er sterkt ønskeleg • Tar initiativ til aktivitetar og er ein pådrivar • Du kan følgje opp barnegruppa, enkeltbarn og barn med spesielle behov • Du kan kommunisere på norsk, både munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar Du har nokre av desse eigenskapane: • Du tek initiativ, har gode evner til samarbeid og kan jobbe sjølvstendig • Du er genuint opptatt av og bevisst på at kvart barn er unikt, kompetent og sårbart • Du er ein trygg omsorgsperson og ein god rollemodell • Du kan kommunisere godt med barn, foreldre og kollegaer • Du har arbeidsglede og ei positiv haldning • Du har god arbeidskapasitet, er pliktoppfyllande, påliteleg og trivst med eit varierande arbeidstempo Vi tilbyr • Ein spanande, variert og meiningsfull arbeidskvardag • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø • Godt og nært fagleg samarbeid med flinke kollegaer • Løn etter gjeldande avtaleverk • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt Stad kommune har seks månader prøvetid. Politiattest skal leggjast fram ved tilsetjing. Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp saman med søknaden. Vi ynskjer at du skriv opp referansar viss du har. Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast. Har du spørsmål om barnehagen eller stillinga, så må du gjerne kontakte styrar Øyvind Dypveit, tlf. 90 66 19 03. Kontaktinformasjon Øyvind Dypveit, Styrar Golvsengane barnehage, 4142 62 06, oyvind.dypveit@stad.kommune.no Arbeidsstad Golvsengane 1 6770 Nordfjordeid Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Stad kommune Referansenr.: 5197888218 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 22.11.2026
Heisann, så fint du les annonsen vår 😊 Vi ser etter deg som likar å arbeid med barn og vere ein positiv del av livet deira. Å jobbe her kan til tider vere noko hektisk, men også innhaldsrikt og veldig givande. Vi i Golvsengane barnehage treng fleire dyktige medarbeidarar og ser etter deg som vil jobbe som barne- og ungdomsarbeidar. Vi har to faste stillingar, begge er 100 prosent og gjeldande frå 1. januar 2027 eller etter avtale. Har du ikkje fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, kan du gjerne søkje og forplikte deg til å ta det innan rimeleg tid. Vi ser etter deg som vil vere fagleg medansvarleg for det pedagogiske arbeidet i barnehagen vår. Du må kunne gje barna omsorg og tryggleik. I dette legg vi at du får medansvar for organisering av leik og læring, med fokus på meistring for kvart enkelt barn. Du skal vere med på å bygge gode relasjonar for å skape lærelyst hos barna. Du er engasjert, løysingsorientert, kan samarbeide og reflektere saman med andre, har godt humør og stå på-vilje. Hos oss får du eit godt kollegium der vi gir plass til fagleg og personleg utvikling gjennom eit inspirerande miljø. Barnehagen vår er ein avdelingsbarnehage med åtte avdelingar organisert med små- og storbarnsavdelingar. Barnehagen ligg sentralt til på Nordfjordeid med kort avstand til skog, fjord, fjell, biblioteket og Sagastad/Sagaparken. Vår visjon er "Små og store hand i hand". Vi ser etter medarbeidarar som ynskjer å jobbe i eit godt kollegium der barna sin omsorg, leik og læring står i sentrum. Håpar du søkjer! Arbeidsoppgåver • Bidra til å skape eit trygt, godt og inkluderande barnehagemiljø • Legge til rette for leik som gir læring og utvikling for alle barna • Planlegge og gjennomføre den daglege oppfølginga av barna • Samarbeide med føresette, interne og eksterne samarbeidspartnarar • Samarbeide med øvrige tilsette Kvalifikasjonar • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar • Ufaglærte med motivasjon til å ta fagbrev innan rimeleg tid kan bli vurderte • Teiknspråk-kompetanse er ønskeleg • Tar initiativ til aktivitetar og er ein pådrivar • Ser postitivt på å følgje opp barnegruppa, enkeltbarn og barn med spesielle behov • Erfaringar frå tidlegare arbeid eller interesser som kan vere positive for å jobbe i barnehage Personlege eigenskapar Du har nokre av desse eigenskapane: • Du har arbeidsglede og ei positiv haldning og trivast saman med barna • Du har evne til å sjå det enkelte barnet og barnet i ei gruppe • Du er initiativrik og kan jobbe både sjølvstendig og i felleskap med dine kollegaer • Du er fleksibel og løysingsorientert • Du er ein trygg omsorgsperson og ein god rollemodell for barna • Du kan kommunisere godt med barn, foreldre og dine kollegaer • Du har god arbeidskapasitet, er pliktoppfyllande, stå på-vilje, er påliteleg og trivst med eit varierande arbeidstempo Vi tilbyr • Ein spanande, variert og meiningsfull arbeidskvardag • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø • Godt og nært fagleg samarbeid med dyktige kollegaer • Løn etter gjeldande avtaleverk • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt Stad kommune har seks månader prøvetid. Politiattest skal leggjast fram ved tilsetjing. Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp saman med søknaden. Vi ynskjer at du skriv opp referansar viss du har. Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast. Har du spørsmål om barnehagen eller stillinga, så må du gjerne kontakte styrar Øyvind Dypveit, tlf. 90 66 19 03. Kontaktinformasjon Øyvind Dypveit, Styrar Golvsengane barnehage, 4142 62 06, oyvind.dypveit@stad.kommune.no Arbeidsstad Golvsengane 1 6770 Nordfjordeid Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Stad kommune Referansenr.: 5197897820 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 22.11.2026
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.