Vil du vera med å halda hjula i gang ved eit av dei nasjonale fartøyvernsentra? Til stillinga søkjer me ein strukturert og serviceinnstilt administrasjonskonsulent som vil spela ei sentral rolle i den daglege drifta av verksemda. Stillinga er variert og omfattar oppgåver innan administrasjon, logistikk, innkjøp, HMS, kvalitetssystem, lærlingoppfølging og intern koordinering. Som administrasjonskonsulent bidreg du til at fagmiljøa våre kan konsentrera seg om kjerneoppgåvene sine innan fartøyvern, handverksopplæring, kulturminneforvaltning og formidling. Du får ei viktig rolle i å sikra gode rutinar og velfungerande administrative system. Arbeidsoppgåver • fakturering og administrativ oppfølging • drift av felles e-postkontoar og oppfølging av telefonkø • koordinering av møte og interne arrangement • innhenting av tilbod og gjennomføring av innkjøp • oppfølging av lagerhald, vareflyt, post og frakt • organisering av tenestereiser og overnattingar • oppfølging av kurs, sertifikat og kompetansedokumentasjon • administrativ oppfølging av lærlingar og lærekontraktar • administrasjon av volontørordningar og internasjonale utvekslingsprogram • adminstrasjon og oppfølging av kvalitets- og HMT-arbeidet • administrasjon av Miljøfyrtårn-sertifisering og tilhøyrande rapportering • administrasjon av nøklar, nøkkelkort og tilgangsstyring • oppdatering av administrative informasjonssider og interne kommunikasjonskanalar • koordinering av service, vedlikehald og lovpålagde kontrollar av maskiner og utstyr Kvalifikasjonar • relevant utdanning innan administrasjon, kontor- og organisasjonsfag eller tilsvarande • relevant erfaring kan kompensera for formell utdanning • god digital kompetanse og erfaring med administrative IT-system som HMT-, kvalitets- eller internkontrollsystem • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk Det er ein fordel om du har • erfaring frå større verksemder eller organisasjonar • erfaring med innkjøp og logistikk • kjennskap til lærlingordningar • interesse for kulturvern, museum eller handverksfag Personlege eigenskapar • strukturert og sjølvstendig med god gjennomføringsevne • serviceinnstilt og løysingsorientert • trivst med varierte arbeidsoppgåver, evnar å handtera fleire oppgåver samstundes og prioritera mellom dei • har gode samarbeidsevner Personlege eigenskapar vert tillagde stor vekt Me kan tilby Ei variert og meiningsfull stilling ved eit av dei fremste fagmiljøa innan maritim kulturhistorie, fartøyvern og tradisjonshandverk i Noreg. Du får arbeida tett på både fagpersonar og leiarar i ei verksemd med stort samfunnsoppdrag og høgt aktivitetsnivå. Hardanger fartøyvernsenter kan tilby gode pensjons- og forsikringsordningar, bedriftshelseteneste og velferdsordningar. Hardanger og Voss museum er tilknytta tariffavtalen "Landsoverenskomsten for museum og andre kulturinstitusjonar". Nærare opplysningar om stillinga kan du få ved å kontakta avdelingsleiar ved HFS, Sjur Tarjei Fykse på telefon 97 66 56 55. Send søknad med CV og referansar til personal@hvm.museum.no innan 29.11.2026.
Vil du vera med å leia eit av dei fremste fagmiljøa innan fartøyvern i Noreg? Me søkjer leiar for fartøyverneininga vår, som er den største av fire einingar ved HFS. Dette er ei sentral leiarstilling med ansvar for fag, personale, prosjekt og økonomi i ei av dei største fartøyvernverksemdene i landet. Næraste overordna er avdelingsleiar ved HFS. Fartøyverneininga utfører restaurering, vedlikehald og dokumentasjon av historiske fartøy for eigarar frå heile landet. Verksemda omfattar både større restaureringsprosjekt, vedlikehaldsoppdrag, rådgjeving og dokumentasjonsarbeid. HFS har eit sterkt fagmiljø innan tradisjonell trebåtbygging, skipstømring og maritimt handverk, og spelar ei viktig rolle i utviklinga av fartøyvernfaget nasjonalt. Som einingsleiar får du ansvar for å leia og vidareutvikla fartøyverneininga i tråd med HFS sine strategiske mål. Du vil arbeida tett saman med avdelingsleiar, fagansvarlege og handverkarar, og vera ein viktig representant for Hardanger fartøyvernsenter i møte med kundar, samarbeidsaktørar og fagmiljø. Arbeidsoppgåver • personalansvar for tilsette og lærlingar i fartøyverneininga • overordna ansvar for planlegging og gjennomføring av restaurerings- og istandsettingsprosjekt • budsjettansvar og oppfølging av økonomi, ressursbruk og lønsemd • utarbeiding og kvalitetssikring av kostnadsoverslag • kundekontakt og oppfølging av kontraktar og avtalar • sikra fagleg kvalitet i fartøyvernprosjekta og etterleving av antikvariske prinsipp • representera Hardanger fartøyvernsenter i relevante fagnettverk og samarbeidsforum • vera del av leiargruppa ved HFS Kvalifikasjonar • relevant utdanning innan leiing, kulturvern, handverk eller tekniske fag • relevant realkompetanse kan kompensera for formell utdanning • økonomiforståing og erfaring med prosjektstyring Det er ein fordel om du har • fagkompetanse innan fartøyvern, trebåtbygging, skipstømring eller anna relevant tradisjonshandverk • erfaring frå restaurering av fartøy • kjennskap til antikvariske prinsipp og kulturminneforvaltning • erfaring frå oppdragsbasert verksemd • erfaring frå offentleg forvaltning eller museumssektoren • etablert nettverk innan kulturvern- eller fartøyvernmiljøet Personlege eigenskapar • tydeleg og inkluderande leiarstil • gode samarbeidsevner og evne til å byggja tillit • strukturert og løysingsorientert • god gjennomføringsevne • evne til å kombinera fagleg kvalitet med effektiv ressursbruk • interesse og engasjement for kulturvern og tradisjonshandverk Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt. Me kan tilby Ei spanande og utviklande leiarstilling ved eit av dei nasjonale fartøyvernsentra. Du får arbeida i eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse innan tradisjonelt maritimt handverk og kulturvern, og vera med på å forma utviklinga av fartøyvernfeltet vidare. Hardanger fartøyvernsenter kan tilby gode pensjons- og forsikringsordningar, bedriftshelseteneste og velferdsordningar. Hardanger og Voss museum er tilknytta tariffavtalen "Landsoverenskomsten for museum og andre kulturinstitusjonar". Nærare opplysningar om stillinga kan du få ved å kontakta avdelingsleiar ved HFS, Sjur Tarjei Fykse på telefon 97 66 56 55. Send søknad med CV og referansar til personal@hvm.museum.no innan 22.11.2026.
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.