Vil du jobba på ei spennande og variert avdeling saman med energiske og flotte kollegaer? Me har no ledig eit vikariat på 62,5 % natt. Hemato/endo/infeksjon er ei medisinsk avdeling med 16 sengeplassar som omfattar tre fagfelt. Du vil jobba innanfor alle områda, og her er det rom for stor fagleg og personleg utvikling. I løpet av april/mai 2027 skal avdelinga delast, og det blir etablert ei eiga sengepost for kreft- og blodsjukdomar. Den som blir tilsett i dette vikariatet, vil få moglegheit til å vere med på denne utviklinga og bli ein del av det nye fagmiljøet. Dette gir ei unik moglegheit til å bidra i oppbygginga av ei ny sengepost og vere med på å forme framtidas behandlingstilbod for pasientgruppa. Høyrest dette ut som noko for deg? Då håpar me å høyra frå deg! 💙 Kva går jobben ut på? • Utføra prosedyrar som sårstell, antibiotikabehandling, kateterisering og handtering av sentrale og perifere venekateter. • Delta i arbeid på sengepost, undervisning, vaktarbeid og tverrfagleg samarbeid. • Ta imot og følgja opp pasientar. • Delta i tverrfagleg samarbeid for å gi pasientane eit best mogleg opphald på avdelinga. • Gi god omsorg til pasientar og pårørande. • Delta i tverrfaglege grupper. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? • Autorisert sjukepleiar. • Erfaring frå kreft, infeksjon og/eller diabetes er ein fordel. • Vidareutdanning innan kreft, diabetes eller infeksjon er relevant og vil bli vektlagt. • Må meistra godt norsk, både munnleg og skriftleg. • Gode IKT-kunnskapar. Kva ser vi etter hos deg? • Du må kunne arbeida godt både sjølvstendig og i team. • Du tilpassar deg lett og er løysningsorientert og fleksibel. • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet. • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø. • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert. • Du trivst med å arbeida i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo. Kvifor skal du velje oss? • Som nytilsett får du eit opplæringsprogram som gjer at du skal kjenna deg trygg og ivareteken. • Me tilbyr ein variert arbeidskvardag der du kontinuerleg lærer nye ting og får utfordra deg sjølv. • Eit godt arbeidsmiljø med fokus på sosialt samspel. • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst. • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA). Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter. Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Kontaktinformasjon Elisabeth Eilerås Bertelsen, Funksjonsleiar, +47 99360935 Arbeidsstad Karmsundgata 120 5528 HAUGESUND Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5203107380 Stillingsprosent: 62,5% Vikariat Startdato: 01.02.2027 Sluttdato: 31.01.2028 Søknadsfrist: 16.11.2026
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.