Hildre Montessoribarnehage søkjer ein engasjert barnehagelærar i 100% vikariat. Vikariatet varer frå 01.11.2026 til mai 2027. Vi er ein liten barnehage i naturnære omgjevnader. Vil du bidra til varme og trygge dagar for barna? Hva vi ser etter Kvalifikasjonar • Utdanning som barnehagelærar • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg • Erfaring frå barnehage • Interesse for eller nysgjerrigheit på montessoripedagogikk • Gode digitale ferdigheiter • Gyldig politiattest må leverast før oppstart Personlege eigenskapar • Du er varm, trygg og god på relasjonar • Du er fleksibel, løysingsorientert og engasjert -- og trivst i ein barnehage i utvikling • Du er open, inkluderande og skapar tillit i møte med barn, foreldre og kollegaer • Du kommuniserer godt • Du er leiken, aktiv og likar å bruke naturen i arbeidet • Du bidreg til eit positivt, profesjonelt og utviklingsorientert arbeidsmiljø Personlege eigenskapar og gode referansar vil bli vektlagde. Arbeidsoppgaver • Arbeide med barn 0--6 år i tråd med barnehagelova, rammeplanen og montessoripedagogikken • Vere ein aktiv, leiken og observant vaksen som støttar kvart enkelt barn • Skape ein trygg og god barnehagedag gjennom varme, leik og tydelegheit • Planleggje og gjennomføre aktivitetar i det montessoriforbredte miljøet • Bidra til gode lærings- og sosialmiljø i barnegruppa • Samarbeide med kollegaer og bidra positivt i det daglege arbeidet • Ha godt foreldresamarbeid og kommunisere tydeleg og respektfullt • Følgje barnehagen sine rutinar, rettleiing og HMS‑prosedyrar Vi tilbyr • 100 % vikariat frå 1. november 2026 som barnehagelærar i eit lite og trygt miljø • Lønn etter gjeldande tariff og gode pensjonsordningar • Varierte, spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver • Engasjerte og positive kollegaer, føresette og barnehageeigarar • Naturnære omgjevnader, med fine turområde og små barnegrupper • Høve til å bli del av eit større montessorimiljø Det krevst godkjend politiattest før oppstart.
Hildre Montessoribarnehage søkjer tilkallingsvikarar. Vi er ein liten barnehage i naturnære omgjevnader. Vil du bidra til varme og trygge dagar for barna? Hva vi ser etter Kvalifikasjonar • Erfaring frå arbeid med barn og unge er ein fordel. • Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget eller anna relevant utdanning er positivt, men ikkje eit krav. • Erfaring innan montessoribarnehage, eventuelt interesse og nysgjerrigheit for montessoripedagogikk • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg • Gyldig politiattest må leverast før oppstart Personlege eigenskapar • Du er varm, omsorgsfull og trygg. • Du likar å vere saman med barn og engasjere deg i leiken deira. • Du er fleksibel og kan stille opp på kort varsel. • Du er positiv, ansvarsbevisst og løysingsorientert. • Du likar å vere ute og bruke naturen som arena for leik og utforsking. • Du bidreg til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø. • Du jobbar sjølvstendig, men samarbeider godt i team. • Du reflekterer over eigen praksis og søkjer rettleiing når det trengst. Personlege eigenskapar og gode referansar vil bli vektlagde. Arbeidsoppgaver • Gi omsorg, støtte og vere ein trygg vaksen for barna. • Delta aktivt i leik, aktivitetar, måltid og daglege rutinar. • Bidra til at alle barn opplever tilhøyrsle, meistring og trivsel. • Støtte barna si utvikling gjennom språk, samspel og gode relasjonar. • Legge til rette for aktivitetar og miljø i tråd med montessoripedagogikken. • Vere med på turar og uteaktivitetar gjennom året. • Følgje barnehagen sine rutinar, HMS-prosedyrar og retningslinjer. • Støtte barn i medverknad og positiv grensesetting, individuelt og i gruppe. • Samarbeide godt med kollegaer og føresette. • Ta imot rettleiing og bidra positivt i arbeidsmiljøet. Vi tilbyr Vi tilbyr • Lønn etter gjeldande tariff og gode pensjonsordningar • Varierte, spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver • Engasjerte og positive kollegaer, føresette og barnehageeigarar • Naturnære omgjevnader, med fine turområde og små barnegrupper • Høve til å bli del av eit større montessorimiljø Det krevst godkjend politiattest før oppstart.
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.