Vil du vere med å bidra til tryggleik, rehabilitering og utvikling innan sikkerheitspsykiatri? Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen etablerte i april 2026 ei ny lukka sengepost med åtte senger i Sandviken-området. Sengeposten tilbyr spesialisert behandling til pasientar i eit sikkerheitspsykiatrisk behandlingsforløp, med særleg fokus på tryggleik, stabilisering, rehabilitering og gradvis tilbakeføring til eit lågare omsorgsnivå. Sidan oppstart har sengeposten bygd opp eit solid fagmiljø med høg fagkompetanse og god fagdekning gjennom heile døgnet. Medarbeidarane er kjenneteikna av fagleg engasjement, samarbeid og eit felles mål om å skape best mogleg behandling og utvikling for pasientane våre. Fagfeltet er i kontinuerleg utvikling, og vi søker deg som ønsker å vere med på å vidareutvikle eit viktig behandlingstilbod. Vi har ein ledig 25% fast helgestilling på natt for sjukepleiar/vernepleiar Stillinga er primært organisert med langvakter om lag kvar fjerde helg (fredag, laurdag og søndag). Ønskt tiltreding er januar 2027. Kandidatar kan bli kalla inn til intervju undervegs i prosessen. Arbeidsoppgåver • Miljøterapeutisk arbeid og oppfølging i postmiljø • Teamarbeid og tverrfagleg samarbeid • Observasjon og dokumentasjon av symptom på psykisk liding • Ansvarsvakt og medikamenthandtering • Bidra til å skape ei trygg og strukturert postatmosfære med omsorg, støtte og gode grenser • Praktiske oppgåver og dagleg drift • Aktivisering og støtte i daglege gjeremål • Bidra til fagleg utvikling og kvalitet i pasientforløpa Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar • Relevant erfaring med pasientgruppa • Erfaring frå psykisk helsevern er ønskeleg • Erfaring frå oppfølging og behandling av personar med rusavhengigheit er ønskeleg • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare. Dokumentasjon må leggast ved søknad. • Vandelsattest må leggast fram før tilsetting Personlege eigenskapar • Løysingsorientert, sjølvstendig og målretta • Strukturert og pasientorientert • Respektfull i møte med pasientar og pårørande • God evne til å arbeide tverrfagleg og i team • Trivst i eit aktivt miljø • Etterspør og nyttar rettleiing • Persoleg eignaheit vil bli vektlagt Vi tilbyr • Å vere med og forme eit nytt behandlingstilbod innen sikkerhetspsykiatri • 15 000 kroner pr år i særtillegg • Eit spennande og fagleg miljø der folk trivst på jobb • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Arbeidsstad i Sandvikenområdet • Nye Sandviken Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Cecilie Engelsgjerd Eikestad, Seksjonsleiar, 90180905, cecilie.engelsgjerd.eikestad@helse-bergen.no Britt Jeanette Hartwig, Ass. Seksjonsleiar, britt.jeanette.hartwig@helse-bergen.no Arbeidsstad Sandviksleitet 1 5036 Bergen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5189572109 Stillingsprosent: 25% Fast Startdato: 01.01.2027 Søknadsfrist: 15.11.2026
Vil du vere med å bygge opp eit helt nytt tilbod for ungdom med alvorlege psykiske lidingar og høg valdsrisiko? Ved Regional sikkerheitsseksjon etablerer vi no eit nytt spesialisert tilbod for ungdom i Helse Vest. Vi søker ein engasjert barne- og ungdomspsykiater som ønsker å vere med å forme fagutviklinga, tenestetilbodet og behandlingskulturen frå starten av. Dette er ein sjeldan moglegheit til å kombinere klinisk arbeid med fagutvikling i eit felt der behovet for kunnskap og spesialisert behandling er stort. RSA Ung Vest er under etablering og er planlagt å vere i drift frå januar 2027. Tilbodet skal gi utgreiing og behandling til ungdom med alvorlege psykiske lidingar og samansett problematikk, ofte kombinert med betydeleg valdsrisiko. Eininga vil bestå av både døgnplassar og ambulante tenester, og skal betene heile Helse Vest i tett samarbeid med BUP-einingar, barnevernsinstitusjonar, kriminalomsorgen og øvrige spesialisthelsetenester. Tilbodet er etablert som ein oppfølging av nasjonale anbefalingar om å utvikle sikkerheitspsykiatriske tenester for barn og unge på regionalt nivå, tilknytta dei regionale sikkerheitsavdelingane. Same tilbod byggast samtidig opp i Helse Midt og Helse Sør-Øst og det vil bli samarbeid nasjonalt. Helse Nord har inngått avtale med Helse Vest om at RSA Ung Vest vil betene deira opptaksområde for ein periode. Om Klinikk sikkerheitspsykiatri Regional sikkerheitsavdeling (RSA) er ein del av Klinikk sikkerheitspsykiatri, som er organisert under Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen. Klinikken består av seks seksjonar og tilbyr spesialiserte tenester innan sikkerheits-, fengsels- og rettspsykiatri. Klinikken er ein av landets leiande fagmiljø der forsking, undervising og fagutvikling er sentrale delar av verksemda. Dette gir unike moglegheiter for samarbeid, kompetanseutvikling og vidareutvikling av spesialiserte behandlingstilbod. Vil du vere med og forme framtidas tilbod til ungdom med dei mest komplekse behandlingsbehova? Då vil vi gjerne høyre frå deg. Kvalifikasjonar For å trivast med arbeidsoppgåver hos oss, ser vi etter deg som har følgande kvalifikasjonar: • Spesialist i barne- og ungdomspsykiatri (eller er i sluttfasen av LIS-utdanninga) • Kunnskap om valdsrisikovurdering og -handtering • Kunnskap om psykosetilstandar hos barn og unge • Kunnskap om personlegdomsproblematikk hos barn og unge • Kunnskap om nevroutviklingsforstyrringar og psykisk utviklingshemming • Erfaring frå klinisk forsking er ønskeleg • Krav om godkjend politiattest Vi ber om at relevant dokumentasjon blir lagt ved søknaden. Personlege eigenskapar Kven er du? • Du er robust og har evne til å stå støtt i krevande situasjonar på jobb • Du er ein lagspelar som samarbeider godt på tvers av ulike fagmiljø, og bidrar aktivt til eit godt arbeidsmiljø • Du kommuniserer opent og respektfullt med både pasientar, pårørande og kollegaer, og legg vekt på å bygge tillitsfulle relasjonar • Du har eit brukar- og pasientfokus, og jobbar for å sikre gode pasientforløp og effektive arbeidsprosessar • Du er utviklingsorientert og ser moglegheiter i endring, spesielt i ein tid der vi utviklar tenestene våre • Du tar initiativ, trivst med å finne løysingar og handterer endringar på ein positiv og fleksibel måte • Du er både fagleg og personleg trygg, arbeider sjølvstendig og strukturert, og tar ansvar for eigne oppgåver • Du skapar tillit gjennom å vere ein aktiv lyttar, og er open for tilbakemeldingar og nye perspektiv • Du har eit ønske om fagleg utvikling, og tar ansvar for eigen læring og kompetanseheving • Du har førarkort klasse B • Du kan reise på kortare oppdrag i region Vest og Nord Vi tilbyr Hos oss får du: • Moglegheit til å bygge opp eit nytt fagmiljø frå grunnen av • Arbeid i skjeringspunktet mellom barne- og ungdomspsykiatri, sikkerheitspsykiatri og rettspsykiatri • Tett samarbeid med overlegar, psykologspesialistar og anna høgt kvalifiserte fagpersonar • Moglegheit til å påverke utviklinga av fremtidas behandlingstilbod for ein svært sårbar pasientgruppe • Gode moglegheiter for forsking, undervisning og fagutvikling Høyrest dette ut som ei stilling for deg? Vi ser fram til å høyre frå deg. Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Marthe Halvorsen Kjærstad, Konst. klinikkleiar, 90936016, mrhr@helse-bergen.no Arbeidsstad Sandviksleitet 1 5036 Bergen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5195548484 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 08.11.2026
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.