Vil du vere den faglege tryggleiken gjennom natta? Ved Kviteseid omsorgssenter er det ledig 52,11 % fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar på natt, frå d.d. Me søkjer deg som trivst med sjølvstendig arbeid, som er trygg i faglege vurderingar og som ønskjer å gjere ein forskjell for pasientane våre gjennom heile døgnet. Som nattevakt vil du ha ei sentral rolle i å sikre kvalitet, pasienttryggleik og god oppfølging for bebuarane våre. Om arbeidsplassen : Kviteseid omsorgssenter er ein sjukeheim med 32 plassar fordelt på fire avdelingar, inkludert nyetablert korttidsavdeling. Pasientgruppa er samansett og omfattar mellom anna personar med demenssjukdom, kroniske sjukdomar, rehabiliteringsbehov og behov for lindrande behandling. Som sjukepleiar/vernepleiar på natt har du ansvar på tvers av alle avdelingane og samarbeider tett med øvrig nattevakt for å sikre trygg og fagleg forsvarleg drift gjennom natta. Stillinga inngår i årsturnus med arbeid kvar tredje helg. Arbeidsoppgåver· Sjukepleie- og miljøterapeutisk oppfølging av pasientar på natt · Kliniske observasjonar, vurderingar og dokumentasjon · Oppfølging av pasientar med samansette og akutte helseutfordringar · Medikamenthandtering etter gjeldande retningslinjer · Oppfølging av pasientar innan demensomsorg, palliasjon, KOLS og diabetes · Bidra til ro, tryggleik og omsorg for pasientane gjennom natta · Samarbeid med lege, legevakt og andre samarbeidspartnarar ved behov · Rettleiing og fagleg støtte til øvrige medarbeidarar på vakt · Delta i kvalitets- og forbetringsarbeid · Sikre god informasjonsflyt mellom natt- og dagpersonellKvalifikasjonar · Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar · God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne · God digital kompetanse · Interesse for fagutvikling og kvalitetsarbeid Det er ønskjeleg med erfaring frå: · Sjukeheim eller kommunehelsetenesta · Demensomsorg · Korttids- og rehabiliteringsavdeling · Palliasjon · KOLS- og diabetesoppfølging Personlege eigenskapar Me ser etter deg som: · Er fagleg trygg og sjølvstendig · Har gode observasjons- og vurderingsevner · Er roleg og handlingsdyktig i utfordrande situasjonar · Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner · Er strukturert og løysingsorientert · Bidreg til eit positivt arbeidsmiljø · Møter pasientar, pårørande og kollegaer med respekt og omsorg Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt. Vi tilbyr· Fast nattstilling i 52,11 % · Årsturnus · Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver · Faglege utfordringar på tvers av fire avdelingar, samt samarbeid med heimetenestene · Moglegheit til å utvikle kompetanse · Intern og ekstern undervisning · Fokus på simulering, øving og ferdigheitstrening · Moglegheit for støtte til relevant vidareutdanning · Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer, godt samhald og mykje humorKontaktinformasjonHelene Stensrud Flatland, Einingsleiar Kviteseid omsorgsenter, +47 90 21 37 57, helene.stensrud@kviteseid.kommune.no ArbeidsstadLundenvegen 30 3850 Kviteseid Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kviteseid kommune Referansenr.: 5195144929 Stillingsprosent: 52,11% Fast Søknadsfrist: 06.11.2026
Ved fellestenestene har vi ledig spennande stilling Rekneskapsansvarleg i 100% fast stilling Stillinga ligg rett under økonomisjef/assisterande kommunedirektør og du blir ein del av eit godt team. Arbeidsoppgåver· Fagansvarleg for kommunerekneskapen og underliggande verksemder · Utarbeiding av årsrekneskap · Kostra-rapportering · Internkontroll og kvalitetssikring · Rådgjeving og rapportering til budsjettansvarlege · Bokføring og avstemming · Andre rekneskapsrelaterte oppgåverKvalifikasjonarVi ynskjer at du har: • Økonomisk utdanning på minimum bachelornivå, relevant erfaring kan kompensera for manglande formell utdanning • Regnskapserfaring frå A til Å, gjerne frå kommunal verksemd • God kjennskap til lov- og avtaleverk innan fagområdet, særleg frå offentleg forvaltning • God IT- og systemforståingPersonlege eigenskapar Kva type personlege eigenskapar vil me ha med på laget vårt? Me ser etter deg som er sjølvstendig og uredd. Me ser etter deg som er god på menneskelege relasjonar. Me ser etter deg som likar faglege utfordringar og som klarar å leite deg fram til svar på eigenhand. Me ser etter deg som forstår viktigheita av tidsfristar og som har høg arbeidskapasitet. Me ser etter deg som har gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner. Me ser etter deg som har eit raust menneskesyn og som bidrar sosialt på arbeidsplassen. Vi tilbyr • Ein spennande jobb med meiningsfulle arbeidsoppgåver • Eit godt arbeidsmiljø der latteren sit laust • Ein jobb med gode moglegheiter for kompetanseutvikling • Konkurransedyktig løn • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP Me kan vere behjelpeleg med å skaffe bustad Kommunen brukar nynorsk som språk. Du må kunne visa fram ny politiattest før tilsetjing. Kan dette vere noko for deg, ikkje nøl med å ta kontakt. KontaktinformasjonSnorre Halvor Djupedal, HR leiar, +47 481 78 566 ArbeidsstadKviteseidgata 13 3850 KVITESEID Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kviteseid kommune Referansenr.: 5194151777 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 02.11.2026
Vil du vere med og skape ein trygg, inkluderande og meiningsfull skulekvardag for elevane våre? Ved Kviteseid skule har vi ledig inntil 60% vikariat som fagarbeidar frå omgåande til 31.12 med stor moglegheit for forlenging. Vi søkjer etter ein varm, tydeleg og relasjonssterk vaksen som ønskjer å vere ein viktig del av laget rundt elevane våre. Stillinga vil innebere arbeid både i skule og eventuelt på SFO Arbeidsoppgåver• Følgje opp enkeltelevar og elevgruppa • Bidra til eit trygt, inkluderande og godt læringsmiljø • Støtte elevar med ulike behov og utfordringar i skulekvardagen • Delta aktivt i samarbeid med lærarar, føresette og andre tilsette • Arbeid på SFO kan vere aktueltKvalifikasjonar•Utdanning som vernepleiar er ønskjeleg Anna relevant utdanning eller erfaring kan òg vere aktuell • Erfaring frå arbeid med barn og unge vil vere ein fordel • Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt Personlege eigenskapar • Er ein varm, raus og tydeleg vaksenperson • Er glad i barn og oppteken av at alle elevar skal oppleve meistring og trivsel • Har evne til å byggje gode relasjonar og sjå det beste i elevane • Kan møte elevar med ulike behov med tryggleik, tolmod og omsorg • Er fleksibel, samarbeidsvillig og løysingsorientert • Kan ta imot rettleiing og beskjedar, samstundes som du kan arbeide sjølvstendig og ta gode val i kvardagen • Bidreg positivt inn i arbeidsmiljøet og samarbeidet på skulen Vi tilbyr• Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø • Meiningsfulle og varierte arbeidsdagar • Dyktige og engasjerte kollegaer • Moglegheit til å gjere ein viktig forskjell i elevane sin kvardag • Lønn etter gjeldande avtaleverk • Gode pensjons- og forsikringsordningarKontaktinformasjonSiv Omtveit Aasan, Avdelingsleiar Kviteseid skule, +47 93063991 Unni Elisabeth Øygarden, Einingsleiar Tilrettelagde tenester, 90756486 ArbeidsstadSkulevegen 9 3850 Kviteseid Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kviteseid kommune Referansenr.: 5194209681 Stillingsprosent: 60% Vikar Startdato: 02.11.2026 Sluttdato: 31.12.2026 Søknadsfrist: 27.10.2026
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.