Vil du vere den faglege tryggleiken gjennom natta? Ved Kviteseid omsorgssenter er det ledig 52,11 % fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar på natt, frå d.d. Me søkjer deg som trivst med sjølvstendig arbeid, som er trygg i faglege vurderingar og som ønskjer å gjere ein forskjell for pasientane våre gjennom heile døgnet. Som nattevakt vil du ha ei sentral rolle i å sikre kvalitet, pasienttryggleik og god oppfølging for bebuarane våre. Om arbeidsplassen : Kviteseid omsorgssenter er ein sjukeheim med 32 plassar fordelt på fire avdelingar, inkludert nyetablert korttidsavdeling. Pasientgruppa er samansett og omfattar mellom anna personar med demenssjukdom, kroniske sjukdomar, rehabiliteringsbehov og behov for lindrande behandling. Som sjukepleiar/vernepleiar på natt har du ansvar på tvers av alle avdelingane og samarbeider tett med øvrig nattevakt for å sikre trygg og fagleg forsvarleg drift gjennom natta. Stillinga inngår i årsturnus med arbeid kvar tredje helg. Arbeidsoppgåver· Sjukepleie- og miljøterapeutisk oppfølging av pasientar på natt · Kliniske observasjonar, vurderingar og dokumentasjon · Oppfølging av pasientar med samansette og akutte helseutfordringar · Medikamenthandtering etter gjeldande retningslinjer · Oppfølging av pasientar innan demensomsorg, palliasjon, KOLS og diabetes · Bidra til ro, tryggleik og omsorg for pasientane gjennom natta · Samarbeid med lege, legevakt og andre samarbeidspartnarar ved behov · Rettleiing og fagleg støtte til øvrige medarbeidarar på vakt · Delta i kvalitets- og forbetringsarbeid · Sikre god informasjonsflyt mellom natt- og dagpersonellKvalifikasjonar · Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar · God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne · God digital kompetanse · Interesse for fagutvikling og kvalitetsarbeid Det er ønskjeleg med erfaring frå: · Sjukeheim eller kommunehelsetenesta · Demensomsorg · Korttids- og rehabiliteringsavdeling · Palliasjon · KOLS- og diabetesoppfølging Personlege eigenskapar Me ser etter deg som: · Er fagleg trygg og sjølvstendig · Har gode observasjons- og vurderingsevner · Er roleg og handlingsdyktig i utfordrande situasjonar · Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner · Er strukturert og løysingsorientert · Bidreg til eit positivt arbeidsmiljø · Møter pasientar, pårørande og kollegaer med respekt og omsorg Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt. Vi tilbyr· Fast nattstilling i 52,11 % · Årsturnus · Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver · Faglege utfordringar på tvers av fire avdelingar, samt samarbeid med heimetenestene · Moglegheit til å utvikle kompetanse · Intern og ekstern undervisning · Fokus på simulering, øving og ferdigheitstrening · Moglegheit for støtte til relevant vidareutdanning · Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer, godt samhald og mykje humorKontaktinformasjonHelene Stensrud Flatland, Einingsleiar Kviteseid omsorgsenter, +47 90 21 37 57, helene.stensrud@kviteseid.kommune.no ArbeidsstadLundenvegen 30 3850 Kviteseid Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kviteseid kommune Referansenr.: 5195144929 Stillingsprosent: 52,11% Fast Søknadsfrist: 06.11.2026
Vil du vere med å skape trygge netter for pasientane våre? Ved Kviteseid omsorgssenter er det ledig 52,11 % fast stilling som helsefagarbeidar på natt frå 01.01.2027. Me søkjer deg som trivst med sjølvstendig arbeid, er fagleg engasjert og har eit hjarte for eldreomsorg. Som nattevakt er du med på å skape tryggleik, omsorg og verdigheit for pasientane våre gjennom natta. Du vil vere ein viktig del av teamet og bidra til at pasientane får gode og fagleg forsvarlege tenester. Arbeidsoppgåver· Gi helse- og omsorgstenester i tråd med gjeldande lovverk og kvalitetskrav · Observere, vurdere og rapportere endringar i pasientane sin helsetilstand · Bidra til tryggleik, omsorg og ro gjennom natta · Utføre pleie- og omsorgsoppgåver ut frå den enkelte pasienten sine behov · Dokumentere i elektronisk journalsystem · Bidra til godt samarbeid med kollegaer og andre faggrupper · Delta i kvalitets- og forbetringsarbeid · Medverke til eit godt arbeidsmiljøKvalifikasjonar · Autorisasjon som helsefagarbeidar eller annan relevant helseutdanning · Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg · God digital kompetanse · Interesse for fagutvikling og kvalitetsarbeid Det er ein fordel om du har erfaring eller interesse innan: · Demensomsorg og personsentrert omsorg · Palliasjon og lindrande behandling · KOLS · Diabetes · Rehabilitering · Korttidsopphald · Miljøarbeid Personlege eigenskapar Me ser etter deg som: · Er omsorgsfull og trygg i møte med pasientar og pårørande · Har gode observasjons- og samarbeidsevner · Er strukturert og ansvarsbevisst · Kan arbeide sjølvstendig og ta initiativ · Er fleksibel og løysingsorientert · Bidreg til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø · Har evne til å halde hovudet kaldt og hjartet varmt når det trengst Vi tilbyr· Fast nattstilling i 52,11 % · Årsturnus · Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver · Faglege utfordringar på tvers av fire avdelingar · Intern og ekstern undervisning · Fokus på øving, simulering og ferdigheitstrening · Moglegheit for kompetanseutvikling og vidareutdanning · Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer, godt samhald og mykje humorKontaktinformasjonHelene Stensrud Flatland, Einingsleiar Kviteseid omsorgsenter, +47 90213757, helene.stensrud@kviteseid.kommune.no ArbeidsstadLundenvegen 30 3850 Kviteseid Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kviteseid kommune Referansenr.: 5191412909 Stillingsprosent: 52,11% Fast Søknadsfrist: 28.10.2026
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.