Medisinsk poliklinikk ved Nordfjord sjukehus søkjer sjukepleiar til sommaren 2027. Arbeidsperioden er 28.06.2027-22.08.2027 . Medisinsk poliklinikk tilbyr utgreiing, behandling og oppfølging av pasientar innan mage- og tarm, hjarte, infusjon, lunge, eldremedisin, diabetes, ØNH og skade. Nordfjord sjukehus ligg sentralt til i Nordfjord og er eit av tre sjukehus i Helse Førde. Nordfjordeid er omgitt av vakker natur og er ein triveleg stad å bu. Oppgi i søknaden kva periode du kan arbeide og ønskja stillingsprosent. Opplæring kan med fordel starte tidlegare. Arbeidsoppgåver • Behov for ferievikar på hjartepoliklinikk og skadepoliklinikk, men kan også vere behov ved andre poliklinikkar. • Forberede pasient til undersøkingar, hjelpe lege ved undersøkingar. Kvalifikasjonar • Offentleg godkjent sjukepleiar • Erfaring frå sjukehus er ønskjeleg • Må beherske godt norsk både skriftleg og munnleg • Erfaring med bruk av DIPS er ein fordel Personlege eigenskapar • Du har motivasjon og interesse for fagfelta • Du bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team • Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik • Du må ha evne til systematisk arbeid Vi tilbyr • Varierte og spennande arbeidsoppgåver • Opplæring • Lønn i samsvar med gjeldende overenskomst • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Trivelig arbeidsmiljø Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Arnstein Ivesdal, Einingsleiar, (+47) 578 64 031 Arbeidssted Sjukehusvegen 14 6770 Nordfjordeid Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5202499935 Stillingsprosent: 100% Vikariat Søknadsfrist: 17.01.2027
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.