Vikariat i Ulstein kulturskule frå 19.01.2027-18.06.2027. Arbeidsoppgåver Undervise i kulturskulen i følgande fag: • Slagverk • Musikkproduksjon • Gitar • Bass • Piano • Song Kvalifikasjonar • Utdanning i rytmisk musikk og relevant arbeidserfaring er ynskjeleg. • Godkjend pedagogisk utdanning (PPU eller tilsvarande) • Kompetanse innan musikkteknologi og musikkproduksjon • Undervisingserfaring Relevant arbeidserfaring kan bli vektlagt. Personlege eigenskapar • Du viser god evne til samarbeid over tid • Du er utadvendt og kommuniserer godt med elevar, føresette og kollegaer • Du kan arbeide sjølvstendig og med andre • Du held deg fagleg oppdatert • Du har evne til å motivere og skape engasjement • Du viser god gjennomføringsevne • Du er ein tydeleg klasseleiar og relasjonsbyggjar • Du kan nytte deg av handlingsrommet ditt som kulturskulelærar Personlege eigenskapar vert lagt stor vekt på. Vi tilbyr • Samarbeid i eit profesjonelt læringsfellesskap • Gode undervisingslokalar • Løn etter HTA • Gode pensjons- og forsikringsvilkår Lurer du på noko om stillinga? Ta kontakt med rektor i kulturskulen for ein hyggeleg prat. Kontaktinformasjon Robert Pedersen Løkketangen, Rektor, +47 46822581 Arbeidsstad Reiten 6065 Ulsteinvik Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Oppvekst og kulturetaten Referansenr.: 5194575605 Stillingsprosent: 40% Vikar Startdato: 19.01.2027 Sluttdato: 18.06.2027 Søknadsfrist: 15.11.2026
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.