Os vidaregåande skule er ein kombinert skule som tilbyr studiespesialisering og yrkesfag. Skulen har om lag 700 elevar og 130 tilsette fordelt på to lokasjonar: Kolgskogheiane og Gymnasvegen. Ved studiespesialiserande tilbyr skulen fordjuping innan idrettsfag, realfag eller språk- og samfunnsfag. Skulen tilbyr fem yrkesfaglege utdanningsprogram: bygg- og anleggsteknikk, elektro- og datateknologi, helse- og oppvekstfag, sal, service og reiseliv, og teknologi- og industrifag. I tillegg har vi landsliner innan anleggsteknikk og yrkessjåfør, påbygg til generell studiekompetanse og særskilt tilrettelagd opplæring. Skulen sitt elevsyn er å møta eleven med respekt, fleksibilitet og ei positiv innstilling. Visjonen vår byggjer på føremålsparagrafen i opplæringslova: Vi arbeider med samfunnets viktigaste verdi og bidreg til ei god framtid gjennom å utvikla sosialt kompetente og fagleg dyktige elevar og lærlingar for vidare liv, utdanning og yrke. Skulen har frå 1. januar 2027 ledig 100 % fast stilling som miljøarbeidar. Stillinga er for tida knytt til tilrettelagt opplæring, HTA og HTH. Arbeidsoppgåver Miljøarbeidaren har ein viktig funksjon i elevane sin skulekvardag: • deltek i planlegging og oppfølging av elevar i lag med lærar som har ansvar for undervisninga • samarbeider med føresette og har kunnskap om medbestemming for born og ungdom • hjelper elevar med ulike former for tilretteleggingsbehov i skulekvardagen • hjelper ev. til i samband med reise til og frå skule, og under ev. arbeidsutplassering i verksemd Kvalifikasjonar • Fagbrev og erfaring frå arbeid retta mot ungdom med ulike utfordringar. • Relevant fagbrev innan skulen sine utdanningstilbod, eller anna helsefagleg bakgrunn. • Du må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk. Det er krav om politiattest for alle som skal tilsettast i vidaregåande skule. Personlege eigenskapar Personlege eigenskapar blir vektlagde. Vi ønsker at du: • har særskild interesse for, og kommuniserer godt med, elevar med særskilte behov og læringsutfordringarer • samarbeider godt i team med føresette og kollegaer • er trygg, tydeleg og inkluderande • er initiativrik • deltar på fysiske aktivitetar i lag med elevane • meistrar å jobbe i ein hektisk kvardag med varierte arbeidsoppgåver Vi tilbyr • eit miljø som er oppteken av utvikling for ungdom • eit engasjert kollegafellesskap med godt samarbeid opp mot lokalt næringsliv • løn- og arbeidsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk • gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår • 100% stilling men 89% lønn siden stillinga følger skuleruta. KontaktinformasjonJan Kåre Greve, rektor, +47 91680978 Arbeidsstad Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5193872301 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 28.10.2026
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.