Vi har ledig 1 fast stilling for psykologspesialist ved poliklinikk BUP Volda! I Helse Møre og Romsdal HF er psykisk helsevern for barn og unge samansett av poliklinikkane i Kristiansund, Molde, Ålesund og Volda (BUP) samt ein døgnseksjon. Poliklinikken i Volda har eit godt arbeidsmiljø med spanande arbeidsoppgåver. Vi tilbyd differensiert poliklinisk utgreiing- og behandlingstilbod til barn, unge og familiar i 7 kommunar på Sunnmøre. Personalgruppa vår er sett saman av personar frå ulike yrkesgrupper som er organisert i tverrfaglege team. I tillegg har vi akutt ambulant team, spiseteam, traumeteam og familieteam. Vi gir tilbod om pasient- og pårørandeopplæring. Vi legg vekt på godt samarbeid med andre helsetenester, både i kommunane og i andre delar av spesialisthelsetenesta. Vi ynskjer å kunne tilby ein god balanse med høve til fagleg fordjuping, organisasjonsutvikling og differensierte kliniske arbeidsoppgåver. Skulle du ha planar om faglege utviklingsprosjekt eller forsking, kan det vere høve til å utvikle dette i samarbeid med fagpersonar med forskingsbakgrunn i seksjonen vår, eller eventuelt saman med samarbeidspartnerar vi har innan forsking og fagutvikling. Frå november 2026 flyttar vi inn i nye lokaler i Volda sentrum. Arbeidsoppgåver • Rettleiing av psykologar • Poliklinisk utgreiing og behandling av born og unge med ulike psykiske lidingar • Rettleiing og konsultasjon til foreldre, skule og nettverk • Deltaking i samarbeidsfora rundt pasientar Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som psykolog • Fullført spesialitet med fordjuping i barne- og ungdomspsykologi • Psykologar som har maks 1 år igjen av spesialiseringsløpet kan også søke • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg • Politiattest må leggast fram før tilsetting Personlege eigenskapar • Du trivast i rettleiingsrolla • Du har interesse for fagutvikling og engasjement for utvikling av eigen arbeidsplass • Du arbeider sjølvstendig • Du har gode samarbeids og kommunikasjonsevner, og kan jobbe strukturert og målretta • Du har evne til å skape trivsel i ein travel arbeidskvardag Det å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting Vi tilbyr • Sterkt tverrfagleg samarbeid • Tilrettelegging for fagleg utvikling • Ein inkluderande arbeidsplass • Løn etter gjeldande overeinskomstar • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane som byr på alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her.- Og her. Kontaktinformasjon Kari Standal, Seksjonsleiar, +47 70058570, kari.standal@helse-mr.no Arbeidsstad Kløvertunvegen 1 6103 Volda Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5201290142 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 11.11.2026
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.