Ungdomsavdeling psykisk helsevern (UPH)er ein av fire seksjonar i Psykisk helsevern for barn og unge (PBU) i Helse Førde. UPH er ei døgnavdeling for ungdom i alderen 12-18 år, og den einaste av sitt slag i Helse Førde. Avdelinga har akutt-, intermediær- og langtidsplassar. Vi søkjer miljøterapeut med medisinsk kompetanse (sjukepleiar/vernepleiar): • 100 % faststilling med oppstart i januar 2027 • Stillinga inngår i tredelt turnus, med moglegheit for langvakter. Vi ønskjer å fremje kjønnsbalanse i avdelinga og oppmodar difor menn til å søkje. Arbeidsoppgåver • Gjennomføre miljøterapeutiske oppgåver i samsvar med avdelinga sine rutiner • Følgje opp ut ifrå behandlingsplan og gjeldande rutiner • Delta i teamarbeid og samarbeid med eksterne partar Kvalifikasjonar • Må ha medisinsk kompetanse, til dømes autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar • Må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg • Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid med ungdom Personlege eigenskapar • Vi ønskjer oss engasjerte og arbeidssame kollegaer som kan trivast i eit kunnskapsrikt fagmiljø • Gode kommunikasjonsevner, sjølvstendigheit og struktur blir verdsatt • Må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team • Trivst med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo • Gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar Vi tilbyr • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst • Gode pensjons- og forsikringsordingar • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø • Høgt fagleg nivå Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Frank Roger Kalstad, Seksjonsleiar, (+47) 578 39 786 Arbeidssted Svanehaugvegen 7 6812 Førde Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5205446067 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 22.11.2026
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.