Ved sengeposten Psykosebehandling SNR søkjer vi ein engasjert, fagleg trygg og sjølvstendig sjukepleiar, til ei 100 % nattstilling. Som nattvakt hos oss vert du ein del av et godt fag- og arbeidsmiljø, som legg til rette for god behandling av pasientar med alvorleg psykisk liding. Vi ønsker deg som vil vere ein pådrivar i behandlinga av pasientar med psykose og vil delta i utviklinga av eit framtidsretta behandlingstilbod. Den nyoppretta sengeposten tilby spesialisert behandling til pasientar med psykoseproblematikk. Vi legg stor vekt på tverrfagleg samarbeid og fagleg utvikling. Sengeposten Psykosebehandling SNR ligg i det nye psykiatri- og habiliteringsbygget på Hjelset, og er ein lukka sengepost med 11 sengeplassar. I sengeposten har vi ei bredt samansatt personalgruppe, som driv både med utgreiing av psykoseproblematikk og ulik behandling (medikamenter, samtaleterapi, fysisk aktivitet/trening, turgrupper og miljøterapeutisk tilnærming). Arbeidsoppgåver • Bidra til struktur og tryggleik i pasientane sin kvardag, gjennom målretta miljøterapeutisk arbeid • Systematisk observasjon av psykisk tilstand, funksjon og endring, med dokumentasjon og fagleg rapportering • Administrere og følge opp medikamentell behandling i tråd med gjeldande rutinar og forskrifter • Vere ein del av psykiatri- og habiliteringsbyggets nattevaktsteam, med blant anna utrykning på fellesalarm • Delta aktivt i dialog med andre tilsette (psykiater, lege, psykolog, sjukepleiar, helsefagarbeidar) via munnlege rapportar og journalføring for å videreføre viktig informasjon • Vere med på å utvikle faglege rutinar og bidra til kontinuerleg kvalitetsforbetring • Delta på fagdagar og anna opplæring Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som sjukepleiar • Erfaring frå liknande klinisk arbeid er ønskjeleg • Krav om god meistring av norsk munnleg og skriftleg • Førarkort klasse B (personbil) Personlege eigenskapar • Du er fagleg sterk og engasjert i arbeidsmiljøet • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og trivst med tverrfagleg arbeid • Du er trygg i møte med pasientar og har evne til å skape tillit • Du er fysisk og psykisk eigna for stillinga • Du er positiv til nye utfordringar, omstillingsdyktig i møte med endringar og evnar å sjå løysingar • Du arbeider sjølvstendig • Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyr • Ei spennande og meiningsfull stilling i eit fagmiljø i utvikling • Sterkt tverrfagleg samarbeid • Fagdag, MAP-kurs og fagtid på dag inkludert i turnus • Ein inkluderande arbeidsplass • Løn etter gjeldande overeinskomstar • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår • Sterkt tverrfagleg samarbeid Kontaktinformasjon Ingunn Romundstad Innerdal, Seksjonsleder, ingunn.romundstad.innerdal@helse-mr.no Arbeidsstad Opdølvegen 4 6450 Hjelset Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5203651430 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 16.11.2026
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.