Vil du vere med og gi omsorg og behandling til pasientar med psykoseproblematikk? Psykoseposten ved Valen sjukehus er ein viktig del av Klinikk for psykisk helsevern i Helse Fonna, der vi tilbyr spesialisert behandling i trygge og omsorgsfulle omgjevnader. Med plass til opptil 9 pasientar, legg vi stor vekt på kvalitet og individuell tilpassing av behandlinga. Hos oss tek vi imot planlagde innleggingar basert på søknad, og vi jobbar målretta for å støtte pasientane på vegen mot eit betre liv. Er du klar til å bli ein del av vårt dedikerte team og gjere ein forskjell? Vi ser fram til å høyre frå deg! Kva går jobben ut på? • Natt-teneste på døgnpost. • Gi pasienten medisinsk og miljøterapeutisk behandling som er naudsynt for å oppfylle dei krav som er sett for kvar einskild pasient. • Vere med i beredskap på natt og bistå andre postar ved behov. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar. • Det er ønskjeleg med erfaring og realkompetanse innan psykiatri. • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Kva ser vi etter hos deg Hos oss er det viktig at du: • er robust, tilpasningsdyktig og handterer krevjande situasjonar med ro og fagleg tryggleik • samarbeider godt, kommuniserer tydeleg og trivst i tverrfaglege team • er initiativrik, engasjert og møter pasientar med respekt • bidreg til eit godt arbeidsmiljø • etterspør rettleiing når det er behov for det • er lojal i forhold til avgjerder For å oppretthalde samansetninga i personalgruppa vert menn oppmoda om å søkje Vi tilbyr • Triveleg arbeidsmiljø. • Tilbod om opplæring, internundervisning og rettleiing. • Gode pensjons- og forsikringsordningar. • Vi tilbyr bedriftsavtale med treningssenter og tilgang til trimrom på sjukehuset. • Kvinnherad kommune har rimelege barnehageplassar og gratis SFO. Kontaktinformasjon Britt Mari Ludvigsen, Funksjonsleder , +47 53466473 Arbeidsstad Sjukehusvegen 26 5451 VALEN Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5198975193 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 01.02.2027 Søknadsfrist: 16.11.2026
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.