Rehabiliteringssenteret AiR Oslo Fysioterapeut Fast stilling 100 % Ved vår avdeling i Oslo skal vi januar 2027 starte eit nytt rehabiliteringstilbod for personar med langvarige muskel- og bløtdelssmerter. Stillinga vil primært vera knytt til det tilbodet. Arbeidsoppgåver: • Klinisk smertekartlegging og vurderingssamtalar • Leie varierte undervisning- og treningsaktivitetar i gruppe • Bidra med observasjonar inn i det tverrfaglege teamet • Særfagleg oppfylging ved behov • Bidra i utviklingsarbeid Vi ser etter desse kvalifikasjonane /eigenskapane: • Klinisk erfaring frå smertebehandling-/rehabilitering er ønskeleg • Blikk for tverrfaglgege funksjonsvurderingar • Norsk autorisasjon som fysioterapeut • Tilleggsutdanning eller erfaring innan PRT (Pain Reprosessing Therapy) og kognitiv åtferdsterapi er ønskeleg • God kommunikasjon- og samarbeidsevne • Interesse for å ta i bruk nye teknologiske verktøy i samband med undervisning/aktivitet • Personlege eigenskapar vert vektlagde Vi tilbyr: • Eit spennande tverrfagleg arbeidsmiljø • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling • Arbeidstid, dagtid på kvardagar • Konkurransedyktige løns- og personvilkår For meir informasjon, kontakt: Fysioterapeut/prosjektleiar for nytt smertetilbod: Hugo Øren, tlf. 35 06 20 86, hugo.oren@air.no Klinikkleiar AiR Oslo: Guri Sogn-Larssen, tlf. +47 414 33 433, guri.sogn-larssen@air.no Søknadsfrist: 1. november 2026. Søk på stillinga: https://rehabilitering.no/ledigestillingar/
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.