Me søkjer engasjerte miljøarbeidarar til tilkallingsvikariat i nyoppretta avdeling i Avdeling rus og psykisk helse - Mikkjelsflaten i Øystese. Avdelinga tilbyr heildøgns omsorg til ni personar med psykiske lidingar som ikkje kan bu i eigen heim. Målet er å skapa eit trygt, stabilt og inkluderande bumiljø. Stillingane som tilkallingsvikar inneber arbeid på dagtid, kveld og helg. Som miljøarbeidar vil du bidra til å skapa struktur og tryggleik i kvardagen til bebuarane. Du vil følgja opp og støtta i daglege gjeremål, leggja til rette for sosial deltaking og vera ein viktig medspelar i arbeidet med å fremja meistring og sjølvstende. Dette er ei spennande moglegheit for deg som ønskjer å vera med på etableringa og vidareutviklinga av eit nytt tilbod innan psykisk helsearbeid. Arbeidsoppgåver • Oppfølging og støtte til bebuarar i daglege gjeremål og bidra til eit trygt og inkluderande bumiljø • Leggja til rette for meistring og god livskvalitet • Planleggja og gjennomføra aktivitetar • Samarbeid med pårørande og anna hjelpeapparat Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar er ønskjeleg, men dersom det ikkje søkjer fagarbeidar kan det bli aktuelt å tilsetja andre med relevant utdanning/arbeidserfaring • Har du arbeidserfaring innan psykisk helsearbeid er det ei føremon • Du må ha interesse for fagfeltet psykisk helse • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Helse og omsorgslova. Attesten skal ikkje leggjast ved søknaden. Tilsetjing føreset at gyldig attest vert lagd fram før tiltreding. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar. Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter. Personlege eigenskapar • Evne til å byggja gode relasjonar • Evne til å handtere krevjande situasjonar på ein roleg og profesjonell måte • Gode samarbeidsevner • Arbeider godt sjølvstendig og i team Vi tilbyr • Ei variert og meiningsfull vikarstilling i nyoppretta avdeling • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem • Gode pensjons-/og forsikringsordningar Generell informasjon: • Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssak • I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta • Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. KontaktinformasjonTove Pedersen, Leiar avdeling rus og psykisk helse, +47 950 42 898 ArbeidsstadRokabrekka 1 5610 Øystese Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kvam herad Referansenr.: 5182347804 Stillingsprosent: 0% Vikar Søknadsfrist: 25.10.2026
Vil du bidra til ein meiningsfull kvardag, med fokus på mestring, kvalitet og positive opplevingar for våre brukarar? Då er dette stillinga for deg! Ved rus og psykisk helse avdeling Jondal har me no ledig ein 100 % fast stilling som sjukepleiar. Det er opna opp for at søkjar med annan sosial- helsefaglig utdanning også kan søkje på stillinga. Ullensvang kommune har integrerte tenester for Rus- og psykisk helse. Tenesta jobbar ut frå ein modell der forskjellige aktørar, etatar og faggrupper jobbar saman på tvers av nivå, for å gje eit heilhetleg tilbod. Tenesta rettar seg mot menneske over 18 år, med ulike psykiske vanskar og / eller rusutfordringar, pårørande og menneske i livskrise. Tenesta omfattar førebygging, utgreiing, behandling, rehabilitering, oppfølging, støtte og rettleiing. Tenesteområdet har eit fleirkulturelt miljø, engasjerte medarbeidarar, fagleg utfordrande oppgåver og fokus på å finne individuelt tilpassa løysingar til det beste for kvar einskild brukar. Kvardagen i rus og psykisk helse er innhaldsrik og spanande, og oppgåvene me utfører er mange og varierte. Stillingen inngår i todelt turnus med vakter på dag, kveld og helg. Arbeidsoppgåver: • Ansvarlig for sjukpleiefaglege tiltak og oppfølging • Tverrfagleg samarbeid • Sikre dokumentasjon og ajourhald i elektronisk pasientjournal i Aidn • Administrasjon av legemiddel og ansvar for ajourhald av legemiddelliste • Medansvar for fagleg forsvarlegheit, samt for forsvarleg forvaltning av ressursane • Koordinering av hjelpetiltak, ansvar for innkalling til ansvarsgrupper mm. • Primærkontaktfunksjon • Samarbeid med aktuelle samarbeidspartnere i 1. og 2. line tenesta • Henvisning til spesialist helsetenesta • Miljøarbeid og oppfølging av brukarane saman med øvrig personale • Medverke til kvalitetsutvikling, helse, miljø og tryggleik • Medverke til godt arbeidsmiljø • Kjenskap til og aktivt bruka eininga sine prosedyrar og rutinar • Halde seg fagleg oppdatert • Følgje eininga og avdelinga sine målsetjingar og yte tenester av god kvalitet innafor tildelte ressursrammer i samsvar med tenestemottakar sine vedtak Kvalifikasjonskrav: • 3 årig sjukepleiar / vernepleiar utdanning / anna helse- og sosialfagleg utdanning på høgskulenivå • Vidareutdanning i psykisk helse er ynskjeleg • Erfaring frå arbeid med menneske med psykiske lidingar og/eller rus • Førarkort klasse B Personlege eigenskapar: • Gode samarbeids - og kommunikative evner • Gode digitale ferdigheter • Personleg tryggheit og stabilitet, ha evne til å behalda roen i stressa og uoversiktlige situasjonar • Evne til nytenking • Evne til inspirere, rettleie og motivere andre • Fleksibel og løysningsorientert. • Ansvarsbevisst og påliteleg • Positiv, fleksibel og serviceinnstilt • Positiv, engasjert, punktlig og strukturert • Evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og ansvar • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt Me tilbyr: • Ein arbeidsplass med varierte og spanande dagar, meiningsfulle oppgåver og faglege utfordringar • Moglegheit for fagleg og personleg utvikling med støtte frå kommunen • Samarbeid med dyktige og erfarne kollegaer • Lønn etter gjeldende tariff • Stillinga omfattast av rekrutteringstilskot til nytilsette i kommunen på 50 000kr + 50 000kr med 2 års bindingstid. • Eit stabilt, godt og inkluderande arbeidsmiljø • Moglegheit for tilrettelagt arbeidstid og gode forsikrings-, permisjons- og pensjonsvilkår Krav: • Politiattest jfr gjeldande lov • Krav til førarkort:klasse B Sletting av utdanningsgjeld/studielån: Ullensvang kommune er omfatta av ordninga. Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld. Til orientering om Offentleglova: Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling. For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket. I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak: "Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune: Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/ Kontaktpersonar: Verksemdsleiar Rus og psykisk helse Ullensvang kommune, Nina Sandstå tlf: 905 24 956, e-post: nina.sandsta@ullensvang.kommune.no Link til søknadsskjema: Søk her
Brenner du for gode tjenester til psykisk syke og rusavhengige? Er du faglig engasjert og god på relasjoner? Ønsker du en arbeidsplass med mulighet til å påvirke din egen arbeidsdag? Da er du kanskje vår nye ruskonsulent. Avdeling rus og psykisk helse gir individuell tilpasset oppfølging til hjemmeboende personer over 18 år som har moderate til alvorlige psykisk helse og/eller rusutfordringer. Vi jobber helhetlig, og bistår blant annet med ivaretagelse av egen helse, arbeid og aktivitet, relasjoner og nettverk, bolig og økonomi. Vi har et tett samarbeid med andre tjenester i kommunen og spesialisthelsetjenesten. I tillegg til å gi tjenester etter vedtak har avdelingen også flere lavterskel tjenester til brukergruppen, som kurs, aktiviteter og sosiale møteplasser. Avdelingen samarbeider med ideelle og private organisasjoner. Arbeidsoppgaver • Oppfølging av personer med rusproblemer og psykisk lidelse som ønsker endring i sin livssituasjon • Jobbe mot brukerens mål og bidra til at den enkelte utnytter egne ressurser • Samtaler, ambulante oppdrag og henvisning til behandling • Hjelp til å koordinere tiltak og tjenester, samt deltakelse i samarbeidsmøter og ansvarsgrupper • Pårørendearbeid • Stillingen er på dagtid, men noe kveldsarbeid må påregnes. Kvalifikasjoner • Bachelor/treårig helsefag eller sosialfaglig høyskoleutdanning • Videreutdanning innen rus og/eller psykisk helse. Lang erfaring kan kompensere for krav om videreutdanning • Erfaring fra kommunalt psykisk helse og rusarbeid, eller annen erfaring fra arbeid med rus • Gode norskkunnskaper, både muntlig og skriftlig. • Førerkort • Det må fremlegges gyldig politiattest før tiltredelse Personlige egenskaper • Stort engasjement for brukergruppen og fagområdet • Evne til å skape tillit, gode relasjoner og motivere til endring • Kunne arbeide selvstendig, men også i team, og har gode samarbeidsevner • Er kreativ, løsningsorientering, fleksibel og praktisk anlagt • Gode kommunikasjonsferdigheter muntlig og skriftlig • Personlig egnethet vil bli vektlagt Vi tilbyr • Spennende og utfordrende arbeidsoppgaver og en tjeneste i utvikling • Mulighet for fag- og kompetanseutvikling • Godt arbeidsmiljø med hyggelige kollegaer • God arbeidstid- og fleksitidsordning • God pensjons- og forsikringsordning • Helsefremmede aktiviteter og velferdsgoder Annet Som ansatt i Lørenskog kommune må du kunne identifisere deg med våre verdier; åpen, troverdig og engasjert. Lørenskog kommune ønsker å ha mangfold på arbeidsplassene som speiler befolkningen og oppfordrer alle kvalifiserte kandidater til å søke. I henhold til Offentleglova § 25 kan opplysninger om søkere bli offentliggjort selv om søkeren er bedt om å ikke bli ført opp på søkerliste. Søkere vil få varsel, dersom anmodning om unntak fra offentlighet ikke tas til følge. KontaktinformasjonHeidi Lindstad Næss, Leder rus og psykisk helse, 913 40 542 Mats Skinnar, Teamleder rus, 468 87 252 ArbeidsstedSkårersletta 61 1473 Lørenskog Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Lørenskog kommune Referansenr.: 5193021780 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 01.12.2026 Sluttdato: 30.11.2027 Søknadsfrist: 26.10.2026
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.