På Sauherad Bygdeheim er me kollegaer som ønskjer å skape ein god arbeidskvardag for kvarandre – og gode dagar for bebuarane. Me jobbar med menneske i sårbare situasjonar, der dine handlingar er med på å utgjere ein forskjell, kvar einaste dag. Bygdeheimen held til på Gvarv, som gir deg landlege omgivelsar i Midt-Telemark kommune. Her har me 16 langtidsplassar, 7 korttidsplassar og 3 øyeblikkeleg hjelp-senger, og institusjonen er bemanna døgnet rundt. Jobben handlar om å sjå folk, byggje relasjonar og støtte kvarandre. Uansett om du er nyutdanna eller har vore i bransjen ei stund, får du jobbe tett med erfarne sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og pleiemedarbeidarar. Kva du kan forvente: Ein arbeidsplass prega av stoltheit for arbeidet Moglegheit for fagleg utvikling Rom for humor og godt samhald mellom kollegaer Langvakter i helgene Eit team som stiller opp, uansett kva dagen bringer. Om du ynskjer ein jobb du kan vere stolt av, der du får bruke både hjarte og fagkunnskap – då er dette staden for deg. Arbeidsoppgåver • Daglig pleie og omsorg av pasientar • Dokumentasjon i profil • Legemiddelhåndtering • Tverrfagleg samarbeid med sjukepleiar, fysioterapeut, ergoterapeut og tilsynslege Kvalifikasjonar Ønska kompetanse • Helsefagarbeider, men andre kan også søke på stillingen • Andre med relevant utdanning- og eller erfaring kan vurderes Me ynsker deg som • er interessert i å arbeide innan pleie og omsorg • har erfaring fra tidligare arbeid innan helse • behersker data/iPad som verktøy • kommuniserar godt på norsk, både skriftlig og muntlig • har personlege eigenskapar som viser at du er ansvarsbevisst og sjølvstendig • ynskjer å samarbeide og gjere det beste for kolleger og beboere Særskilde krav • Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4, Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling. Personlege eigenskapar • Engasjert • Tolmodig • Løysningsorientert • Positiv • God på kommunikasjon og samhandling • God muntleg og skrifteleg famstillingsemne • Personelge eingenskapar vektleggast Vi tilbyr • E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune • Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk • Gode forsikrings- og pensjonsordningar Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter. KontaktinformasjonTone Asborg Nilsen, Avdelingsleiar, +47 90840927 ArbeidsstadSkrivarvegen 2 3810 GVARV Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune Referansenr.: 5193884538 Stillingsprosent: 98% Vikar Startdato: 01.11.2026 Sluttdato: 31.05.2028 Søknadsfrist: 28.10.2026
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.