Ønskjer du ein meiningsfull ekstrajobb? Bli tilkallingsvikar som fastvakt ved SNR Hjelset! Har du erfaring med menneske og eit ønskje om å skape tryggleik for pasientar i ein sårbar fase? Vi søkjer tilkallingsvikarar til oppdrag som fastvakt (1:1) for pasientar med delirium og vandringstendens. Den viktigaste oppgåva di er å bidra til tryggleik, ro og nærvær gjennom miljøtiltak, støtte og omsorg. Tilsetjing vil skje fortløpande. Vi tilbyr: • Fleksible vakter på dag, kveld og natt • Meiningsfulle arbeidsoppgåver med stor verdi for pasientane • Opplæring og støtte frå erfarne medarbeidarar • Moglegheit til å utgjere ein viktig forskjell for pasientar og pårørande Ei trygg hand. Eit roleg nærvær. Ein viktig forskjell. Arbeidsoppgåver • Vere til stades saman med éin pasient • Bidra til tryggleik, struktur og ro • Utføre miljøtiltak og førebyggje uro • Observere og varsle pleiepersonell ved behov • Ikkje ansvar for medisinsk behandling eller sjukepleiefaglege oppgåver Kvalifikasjonar • Sjukepleiar, vernepleiar eller helsefagarbeidar • Student innan helse- og sosialfag • Pensjonert helsepersonell • Det er ikkje krav om særskild kompetanse, men du bør ha relevant erfaring med å møte, støtte og rettleie menneske Personlege eigenskapar • Du er trygg og tillitvekkjande i møte med andre • Du er roleg og tålmodig, også i krevjande situasjonar • Du er omsorgsfull og empatisk, og viser omtanke for menneska rundt deg • Du er ansvarsmedviten og påliteleg, og tek ansvar for oppgåvene dine • Du er god til å byggje relasjonar og skape tillit gjennom god kommunikasjon Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyr • Sterkt tverrfagleg samarbeid • Ein inkluderande arbeidsplass • Løn etter gjeldande overeinskomstar • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her. KontaktinformasjonKatrine Dalstein Myrvang, Seksjonsleiar, +47 45761661, katrine.dalstein.myrvang@helse-mr.no ArbeidsstadOpdølvegen 4 6450 Hjelset Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5188994101 Stillingsprosent: 0% Tilkalling/Timebasis Søknadsfrist: 01.11.2026
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.