Skjåk kommune har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar. Stillinga er ledig frå dags dato Det er fleksibelt helgemønster på stillinga med anten 3. kvar helg eller 4.kvar helg med langvakter. Vi kan legge til rette for ei turnusordning som passar din livssituasjon og kvardag, med moglegheit for komprimert arbeidstid og lengre friperiodar-ei turnusordning som gjev rom for både jobb og fritid. Heimesjukepleia gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim. Arbeidet i heimetenesta krev tverrfagleg samarbeid til beste for brukarane, både innan kommunen og ut mot spesialisthelsetenesta. Det er krav om at utførte tenester vert dokumenterte i fagsystem. Det er nær samhandling mellom heimetenesta og sjukeheimen. Kvalifikasjonar • Godkjent sjukepleiar • Anna helsefagleg utdanning vil/kan bli vurdert • Førarkort klasse B • Godkjent politiattest Vi vektlegg at du • viser engasjement i faget, kan prioritere i ein travel kvardag • har erfaring frå liknande arbeid • viser fleksibilitet i høve til omstillingar og løysningsorientert • har evne til å arbeide sjølvstendig • har gode samarbeidsevner • har evne og vilje til å bidra til eit godt arbeidsmiljø • har god norskkunnskap, kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk • har generell forståing for bruk av meistringsteknologi Vi tilbyr • tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale • pensjonsordning i KLP
Ledig 80 % stilling som heimehjelp i Skjåk kommune Vil du vere med og gjere kvardagen betre for andre? Stillinga er ledig frå 01.02.2027. Vi søkjer deg som trivst med å hjelpe andre, likar ein variert arbeidskvardag og ønskjer å bidra til at innbyggjarane våre kan bu trygt og godt i eigen heim. Som medarbeidar innan praktisk bistand får du ein viktig rolle i kvardagen til brukarane. Gjennom praktisk hjelp, rettleiing og støtte bidreg du til at den enkelte kan meistre kvardagen best mogleg og bu trygt og godt i eigen heim. Målet er å styrkje brukarane sine eigne ressursar og ferdigheiter, slik at dei kan oppretthalde størst mogleg grad av sjølvstende og deltaking i eige liv. Arbeidsoppgåver Arbeidet består av praktisk bistand til heimebuande brukarar i tråd med vedtak, mellom anna: • Reingjering av primærrom i bustaden i tråd med vedtak • Klesvask og skift av sengetøy • Støtte brukarane i å nytte eigne ressursar og ferdigheiter i kvardagen • Rettleiing og opplæring i daglege gjeremål for å fremje meistring og sjølvstende • Motivere til deltaking og aktivitet ut frå den enkelte sine føresetnader • Bidra til bruk av velferdsteknologi og andre hjelpemiddel der dette kan styrkje meistring og tryggleik • Samarbeid med brukarar, pårørande og andre tenester ved behov Arbeidet går føre seg på dagtid og kan vere fysisk krevjande. Kvalifikasjonar • Det er ønskjeleg med fagbrev som helsefagarbeidar • Relevant erfaring frå praktisk bistand eller liknande arbeid kan kompensere for manglande formell utdanning • Førarkort klasse B • Godkjend politiattest må leggjast fram ved tilsetjing Vi ser etter deg som • har erfaring frå liknande arbeid • er sjølvstendig, strukturert og ansvarsbevisst • møter brukarane med respekt, omsorg og godt humør • har fokus på meistring og sjølvstende for brukar • er fleksibel og trivst i ein variert arbeidskvardag • har gode samarbeidsevner • meistrar norsk godt, både munnleg og skriftleg • har ei generell forståing for bruk av meistringsteknologi Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt. Vi tilbyr • tilsetjing på kommunale vilkår • løn etter avtale • pensjonsordning i KLP Skjåk kommune har nynorsk som administrasjonsspråk. Søknadsfrist 11.11..2026 • Elektronisk søknadsskjema • Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dette inneber at du som søkjar må grunngje særskilt om du ønskjer unntak frå offentlegheit. Vil du vite meir om oss? · Du finn også meir informasjon om kommunen og livet i bygda på nettsidene våre Sats på Skjåk og Skjåk kommune. Tilflyttarkonsulenten kan hjelpe deg med bustad, informasjon om arbeid, barnehage, skule og fritidstilbod -- og leggje til rette dersom du ønskjer å prøvebu i Skjåk. Ta kontakt med Heidrun Israelsen, prosjektleiar for Sats på Skjåk (tlf. 994 27 902). Sletting av studielån • Er du busett i Skjåk og i arbeid, kan du få sletta opptil 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år. · Les meir om ordninga på lånekassen sine heimesider
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.