Vil du vere strategisk leiar hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal? Statsforvaltaren i Møre og Romsdal søkjer ein strategisk og utviklingsorientert leiar til stillinga som områdedirektør for berekraftig naturbruk. Som områdedirektør får du ei sentral rolle i den strategiske leiinga av embetet. Du rapporterer til embetsleiinga og er medlem av den strategiske leiargruppa. Gjennom leiarskap, samordning og utvikling skal du bidra til å setje nasjonal politikk ut i livet og sikre gode løysingar på nokre av dei viktigaste samfunnsutfordringane i fylket. Verksemdsområdet berekraftig naturbruk omfattar seksjonane for forureining, justis og beredskap, landbruk, naturvern og plan og klima. Området forvaltar oppdrag frå fleire departement og direktoratsnivå og arbeider med spørsmål som har stor betydning for berekraftig utvikling, ressursforvaltning, samfunnstryggleik og framtidige generasjonar. Dette er ei stilling for deg som ønskjer å påverke samfunnsutviklinga, byggje sterke fagmiljø og leie i kryssingspunktet mellom fag, politikk og forvaltning. Ansvars- og arbeidsoppgåver Som områdedirektør har du det overordna ansvaret for resultat, utvikling og leiing innan verksemdsområdet. Du skal • leie og vidareutvikle verksemdsområdet i tråd med nasjonale mål, styringssignal og embetet sine strategiar • leie fem underdirektørar og om lag 60 medarbeidarar • sikre god måloppnåing og effektiv ressursutnytting • bidra til heilskapleg leiing og utvikling av embetet gjennom aktiv deltaking i strategisk leiargruppe • følgje opp styringsdialog og oppdrag frå departement og direktoratsnivå • initiere og leie utviklings- og endringsarbeid • representere embetet i møte med kommunar, samarbeidspartnarar, direktorat og andre aktørar • byggje gode relasjonar og leggje til rette for god samhandling, læring og utvikling • bidra til eit trygt, inkluderande og utviklande arbeidsmiljø Nødvendige kvalifikasjonar Du må ha • relevant høgare utdanning på masternivå • minst fem års relevant leiarerfaring • gode dokumenterte resultat frå leiing og utviklingsarbeid • god kjennskap til offentleg forvaltning, gjerne gjennom eiga erfaring • erfaring med endringsleiing og strategiske utviklingsprosessar • svært god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk. Vi nyttar hovudsakleg nynorsk som skriftspråk • førarkort klasse B I særskilde tilfelle kan høgare utdanning på bachelornivå, kombinert med relevant etter- og vidareutdanning og lang, relevant praksis, kompensere for kravet om mastergrad. Du må kunne tryggleiksklarerast til HEMMELEG før tiltreding. Det er ein fordel om du • har leiarutdanning • har erfaring frå komplekse kunnskapsorganisasjonar • har erfaring med tverrfagleg samarbeid og samordning • har erfaring frå arbeid i skjeringspunktet mellom fag, politikk og forvaltning Du lykkast i rolla dersom du • er ein tydeleg og samlande leiar som skaper retning, engasjement og resultat • byggjer tillit og gode relasjonar internt og eksternt • utviklar leiarar og medarbeidarar gjennom involvering, støtte og ansvarleggjering • arbeider strategisk og ser heilskap på tvers av fagområde • evnar å handtere komplekse problemstillingar og målkonfliktar • tek gode avgjerder også når omsyna er ulike og situasjonane krev prioritetingar • kommuniserer godt og skaper forståing for val og retning • utøver leiarskap med openheit, integritet og gjennomføringsevne Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt. Vi forventar at leiarskapet ditt byggjer på dei statlege leiarprinsippa og Statsforvaltaren sine verdiar: engasjert, rettferdig, open og kompetent. Du er til stades, lyttande og tydeleg, gir ansvar og handlingsrom, handterer konfliktar på ein konstruktiv måte og bidreg til utvikling av både menneske og organisasjon. Du må vere open for endringar i organisering, oppgåver og ansvarsområde. Vi tilbyr • høgt kompetente fagmiljø og engasjerte leiarar • eit godt arbeidsmiljø prega av samarbeid, tillit og utvikling • gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling • medlemskap i Statens pensjonskasse med gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar Løn og vilkår Stillinga er lønt som områdedirektør (kode 1060) frå kr 1 200 000 til kr 1 400 000, avhengig av kvalifikasjonar, erfaring og lokal lønspolitikk. Dette er ei leiande stilling som er unntatt frå dei ordinære reglane om arbeidstid etter arbeidsmiljølova § 10-12. Stillinga er vidare unntatt frå: • hovudtariffavtalane sine reglar om kompensasjon for reiser, overtid og arbeid på ubekvem arbeidstid • særavtalen om fleksibel arbeidstid i staten Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og avtalar. Prøvetida er seks månader. Mangfald Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi oppfordrar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søkje sjølv om du ikkje kan vise til ein samanhengande yrkeskarriere. Vi legg til rette for medarbeidarar som har behov for det. Har du ei funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kan du bli positivt særbehandla om du set kryss for dette når du søkjer stillinga. Du kan lese meir om dette på arbeidsgivarportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/positivsaerbehandling). Praktisk informasjon om søknadsprosessen Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt. Når søknadsfristen går ut, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er difor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er satt i utlysinga. Det er viktig at du registrere all relevant utdanning og arbeidserfaring i kandidatprofilen du opprettar i rekrutteringssystemet (sjølv om du legg ved ein ferdigutfylt CV). Dette er nødvendig for at vi skal kunne vurdere søknadar frå deg og for å ivareta kravet om fullstendig søkjarliste. Relevante vitnemål og attester lastar du opp. Vitnemål og/eller karakterutskrifter henter du frå vitnemålsportalen om mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg du ved godkjenning frå NOKUT/Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse. Vedlegg lastar du opp i PDF-format. Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfristens utløp. Om du ønskjer å reservere deg frå den offentlege søkjarlista, må du grunngje dette særskilt. For at vi skal kunne vurdere ønskjet ditt om reservasjon, må du grunngje konkret kva for ulempe det vil ha for deg å stå på den offentlege søkjarlista. Du vil bli varsla om ønsket ditt ikkje vert tatt til følgje. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du som søkjar ber om anonymitet jf. offentleglova § 25. Om oss Statsforvaltaren er Kongen og Regjeringa sin fremste representant i fylket. Vi har ansvaret for å informere om statleg politikk og sette handlingsplanar ut i livet. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter. Dette gjeld innan kommuneøkonomi og forvaltning, sosial- og familierettslege saker, samfunnstryggleik og beredskap, helse, utdanning, landbruk og miljøvern. Vi er ein kompetansearbeidsplass med om lag 150 medarbeidarar som jobbar for visjonen vår «Trygg framtid for folk og natur». Kontaktinformasjon Assisterande statsforvaltar Rigmor Brøste: rigmor.broste@statsforvalteren.no, mobil 926 59401 Administrasjonssjef Hilde M. Aure: hilde.aure@statsforvalteren.no, mobil 916 85560 Har du spørsmål om stillinga? Ta gjerne kontakt med rekrutterande leiar Hilde Merete Aure på telefon (Norge +47) 91685560. Søknadsfrist: 15.11.2026
Rådgivar/seniorrådgivar - helse Vil du bruke sjukepleiarkompetansen din på ein ny måte? Vi har no ledig ei fast stilling som rådgivar eller seniorrådgivar i seksjon helse. Vi søkjer etter deg med interesse for rettstryggleik og kvalitetsforbetring i helse- og omsorgstenestene. Hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal får du ein jobb som betyr noko – for pasientar, pårørande og samfunnet Om seksjon for helse Seksjon for helse arbeider for berekraftige og trygge helse- og omsorgstenester. Vi har ansvar for oppfølging av kommunale tenester, helsepersonell, tilskotsordningar, miljørettet helsevern og helseberedskap. Seksjonen samarbeidar tett med kommunar, spesialisthelsetenesta, Statens helsetilsyn og Helsedirektoratet. Vi gir rettleiing til kommunar og innbyggjarar, behandlar klagesaker og fører tilsyn for å sikre kvalitet og rettssikkerheit. Arbeidet vårt er samfunnsaktuelt – og du får moglegheit til påverke kvaliteten i helse- og omsorgstenestene utover enkeltsaker. Vi jobbar i tverrfaglege team med til dømes juristar, legar, vernepleiarar og sjukepleiarar. Arbeidsoppgåver Din sykepleiefaglege kunnskap og erfaring frå korleis tenestene fungerer i praksis, er viktig når vi analyserer saker, vurderer faktiske forhold og tek stilling til om helsehjelpa er gitt i samsvar med krav i lovverk og faglege standardar. I denne stillinga får du difor om anna arbeide med • saksbehandling av klage- og tilsynssaker etter helse- og omsorgslovgivninga, inkludert utgreiing av saka og utarbeiding av forslag til vedtak • rettleie verksemder, helsepersonell og pasientar/pårørande • bidra til læring og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstenestene gjennom tilsyn • bidra med faglege innlegg og opplæring. • delta i utviklingsarbeid og samarbeid på tvers av fagområde Mange saker krev at du raskt kan setje deg inn i problemstillingar og gjer gode vurderingar innan gitte fristar. Nokon saker er meir komplekse og krev grundigare analysar og samarbeid med kollegaer frå ulike fagområde. Kvalifikasjonar Du har • norsk autorisasjon som sjukepleiar • minimum tre års nyare klinisk erfaring frå kommune- og/eller spesialisthelsetenesta • god kjennskap til relevant helselovgiving og trivst med å nytte regelverket i praktiske og faglege vurderingar • kommuniserer godt både munnleg og skriftleg på norsk med både offentlege instansar og brukarar Personlege eigenskapar vektleggast. Du • kan arbeide systematisk og innafor gitte fristar • likar å jobbe analytisk og sjå etter samanhengar • samarbeider godt og deler kompetanse • trivast med saksbehandling Det er en fordel at du har • erfaring frå saksbehandling innan helse- og omsorgstenester • relevant vidareutdanning, te døme i helserett og/eller forvaltningsrett For å bli tilsett som seniorrådgivar må du i tillegg ha • relevant arbeidserfaring innan eitt eller fleire av seksjonen sine fagområde Hos oss får du • ein stabil arbeidsgivar med fleksibel arbeidstid • jobbe med samfunnsaktuelle saker og bidra til rettstryggleik • stor mogligheit for fagleg utvikling og variasjon i arbeidsoppgåver • naudsynt opplæring i aktuelt regelverk og datasystem • løn som 1434 rådgivar/1364 seniorrådgivar med lønsspenn frå kr 550.000,- til kr 760.000,-. Lønsplassering ut frå kvalifikasjonar, erfaring og lokal lønnspolitikk. Stilling som 1364 seniorrådgivar har større ansvar og særskilte krav til kompetanse innan fagområdet. • tilsetting etter gjeldande lover, instruksar og reglement. Dei første seks månadene er prøvetid. • medlemskap i ei av landets beste pensjonsordningar, Statens pensjonskasse (SPK). Vi trekker 2 prosentav løna di, og i tillegg betaler vi eit innskot til pensjonsordninga di. I SPK får du særs gode pensjons- ogforsikringsordningar samt gunstige vilkår for lån til bustad (https://spk.no/Medlemskap-i-SPK) • moglegheit for noko heimekontor når det er føremålsteneleg • høve til å trene i arbeidstida Les meir om godane ved å jobbe i staten på Arbeidsgiverportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise) Bli betre kjent med Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.(https://www.statsforvalteren.no/mr) Som vår nye kollega vil du få ein utfordrande jobb i eit utviklande og godt fagmiljø. Vi bruker som hovudregel nynorsk som skriftspråk. Den som vert tilsett må beherske norsk både skriftleg og munnleg. Utviklinga av organisasjonen vår er ein kontinuerleg prosess, og den som vert tilsett må vere open for endringar i organisering, oppgåver og ansvarsområde. Mangfald Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi oppfordrar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søkje sjølv om du ikkje kan vise til ein samanhengande yrkeskarriere. Vi legg til rette for medarbeidarar som har behov for det. Har du ei funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kan du bli positivt særbehandla om du set kryss for dette når du søkjer stillinga. Du kan lese meir om dette på arbeidsgivarportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/positivsaerbehandling). Praktisk informasjon om søknadsprosessen Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt. Når søknadsfristen går ut, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er difor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er satt i utlysinga. Det er viktig at du registrere all relevant utdanning og arbeidserfaring i kandidatprofilen du opprettar i rekrutteringssystemet (sjølv om du legg ved ein ferdigutfylt CV). Dette er nødvendig for at vi skal kunne vurdere søknadar frå deg og for å ivareta kravet om fullstendig søkjarliste. Relevante vitnemål og attester lastar du opp. Vitnemål og/eller karakterutskrifter henter du frå vitnemålsportalen om mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg du ved godkjenning frå NOKUT/Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse. Vedlegg lastar du opp i PDF-format. Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfristens utløp. Om du ønskjer å reservere deg frå den offentlege søkjarlista, må du grunngje dette særskilt. For at vi skal kunne vurdere ønskjet ditt om reservasjon, må du grunngje konkret kva for ulempe det vil ha for deg å stå på den offentlege søkjarlista. Du vil bli varsla om ønsket ditt ikkje vert tatt til følgje. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du som søkjar ber om anonymitet jf. offentleglova § 25. Om oss Statsforvaltaren er Kongen og Regjeringa sin fremste representant i fylket. Vi har ansvaret for å informere om statleg politikk og sette handlingsplanar ut i livet. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter. Dette gjeld innan kommuneøkonomi og forvaltning, sosial- og familierettslege saker, samfunnstryggleik og beredskap, helse, utdanning, landbruk og miljøvern. Vi er ein kompetansearbeidsplass med om lag 150 medarbeidarar som jobbar for visjonen vår «Trygg framtid for folk og natur». Har du spørsmål om stillinga? Ta gjerne kontakt med rekrutterande leiar Karin Brigitte Müller Mikaelsen på telefon (Norge +47) 41495351. Søknadsfrist: 13.09.2026
Vil du bruke legekompetansen din til å utvikle helse- og omsorgstenestene og bidra til pasienttryggleiken? Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har no ledig ei fast nyoppretta 100 % stilling som assisterande fylkeslege. Med deg vil vi vere tre assisterande fylkeslegar, leia av fylkeslegen. Som assisterande fylkeslege får du ei sentral rolle i arbeidet med å utvikle og sikre gode helse- og omsorgstenester for innbyggjarane i Møre og Romsdal. Arbeidet vårt er variert og samfunnsaktuelt. Du vil møte problemstillingar som krev medisinsk innsikt, klinisk skjønn og evne til å sjå samanhengar mellom fag, regelverk og pasienttryggleik. Vi samhandlar tett med kommunar, spesialisthelsetenesta, Statens helsetilsyn og Helsedirektoratet. Vi jobbar i tverrfaglege team med til dømes juristar, sykepleiarar, vernepleiarar samt leger internt og frå andre statsforvaltarar. Du får òg gode moglegheiter til å vidareutvikle legekompetansen din innan helserett. Vi er registrerte som utdanningsinstitusjon for spesialisering i samfunnsmedisin. Stillinga har ordinær dagarbeidstid utan vaktteneste. Arbeidsoppgåver Som assisterande fylkeslege vil du mellom anna: • gi råd og rettleiing til kommunar, helseføretak og andre aktørar innan helse- og omsorgstenestene • gjennomføre helsefaglege vurderingar i klagesakar og under tilsyn inkludert oppfølging av alvorlege hendingar • behandle førarkortsaker, saker innan smittevern, miljøretta helsevern og helseberedskap • bidra til utvikling og forbetring av tenestene gjennom faglege innlegg og opplæring. Kvalifikasjonar Du har • norsk autorisasjon som lege • solid klinisk erfaring • god kjennskap til helsetenestene i Norge • interesse for kvalitetsforbetring, pasienttryggleik og utvikling av helsetenestene • evne til å kommunisere klart og presist, både munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar blir vektlagde særleg. Du • samarbeider godt og byggjer gode relasjonar med andre • arbeider sjølvstendig, strukturert og effektivt • er fleksibel og omstillingsdyktig Hos oss får du • ein utfordrande jobb i eit utviklande og godt fagmiljø • ein stabil arbeidsgivar med fleksibel arbeidstid • naudsynt opplæring i regelverk og datasystem • tilsetting etter gjeldande lover, instruksar og reglement. Dei første seks månadene er prøvetid • løn som 0774 assisterande fylkeslege, med lønsspenn frå kr 975.000,- til kr 1.150.000,-, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. Høgare løn kan vurderast i særskilte tilfelle • medlemskap i ei av landets beste pensjonsordningar, Statens pensjonskasse (SPK). Vi trekker 2 prosent av løna di, og i tillegg betaler vi eit innskot til pensjonsordninga di. I SPK får du særs gode pensjons- og forsikringsordningar samt gunstige vilkår for lån til bustad (https://spk.no/Medlemskap-i-SPK) • moglegheit for noko heimekontor når det er føremålsteneleg • høve til å trene i arbeidstida Les meir om godane ved å jobbe i staten på Arbeidsgiverportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise) Vi bruker som hovudregel nynorsk som skriftspråk. Den som vert tilsett må beherske norsk både skriftleg og munnleg. Utviklinga av organisasjonen vår er ein kontinuerleg prosess, og den som vert tilsett må vere open for endringar i organisering, oppgåver og ansvarsområde. Bli betre kjent med Statsforvaltaren i Møre og Romsdal: https://statsforvalteren.no/more-og-romsdal/ Mangfald Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi oppfordrar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søkje sjølv om du ikkje kan vise til ein samanhengande yrkeskarriere. Vi legg til rette for medarbeidarar som har behov for det. Har du ei funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kan du bli positivt særbehandla om du set kryss for dette når du søkjer stillinga. Du kan lese meir om dette på arbeidsgivarportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/positivsaerbehandling). Praktisk informasjon om søknadsprosessen Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt. Når søknadsfristen går ut, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er difor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er satt i utlysinga. Det er viktig at du registrere all relevant utdanning og arbeidserfaring i kandidatprofilen du opprettar i rekrutteringssystemet (sjølv om du legg ved ein ferdigutfylt CV). Dette er nødvendig for at vi skal kunne vurdere søknadar frå deg og for å ivareta kravet om fullstendig søkjarliste. Relevante vitnemål og attester lastar du opp. Vitnemål og/eller karakterutskrifter henter du frå vitnemålsportalen om mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg du ved godkjenning frå NOKUT/Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse. Vedlegg lastar du opp i PDF-format. Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfristens utløp. Om du ønskjer å reservere deg frå den offentlege søkjarlista, må du grunngje dette særskilt. For at vi skal kunne vurdere ønskjet ditt om reservasjon, må du grunngje konkret kva for ulempe det vil ha for deg å stå på den offentlege søkjarlista. Du vil bli varsla om ønsket ditt ikkje vert tatt til følgje. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du som søkjar ber om anonymitet jf. offentleglova § 25. Om oss Statsforvaltaren er Kongen og Regjeringa sin fremste representant i fylket. Vi har ansvaret for å informere om statleg politikk og sette handlingsplanar ut i livet. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter. Dette gjeld innan kommuneøkonomi og forvaltning, sosial- og familierettslege saker, samfunnstryggleik og beredskap, helse, utdanning, landbruk og miljøvern. Vi er ein kompetansearbeidsplass med om lag 150 medarbeidarar som jobbar for visjonen vår «Trygg framtid for folk og natur». Har du spørsmål om stillinga? Ta gjerne kontakt med rekrutterande leiar Karin Brigitte Müller Mikaelsen på telefon (Norge +47) 41495351. Søknadsfrist: 13.09.2026
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.