Brenn du for fagutvikling og lagspel? Bli vår nye fagleiar i heimetenesta! Er du sjukepleiaren som alltid ser etter dei beste løysingane? Vil du vere med på å forme framtidas heimeteneste, der kvalitet, meistring og tryggleik står i fokus? Då har vi jobben for deg! Du er ein fagleg trygg sjukepleiar med eit brennande engasjement for eldreomsorg og primærhelsetenesta. Du blir motivert av å sjå andre lukkast, og du har evna til å nytte nasjonale retningslinjer i praksis. Du likar å halde deg oppdatert på fagfeltet, enten det gjeld demensomsorg, velferdsteknologi, pasienttryggleik eller kliniske prosedyrar. Vi trur på kontinuerleg forbetring, tverrfagleg samarbeid og å gjere kvarandre gode gjennom erfaringsdeling og ein godt samarbeid i kvardagen. Stranda distrikt, avdeling heimetenesta tilbyr eit breitt spekter av tenester til innbyggjarar i ulike livsfasar og med ulike behov. Målet vårt er å medverke til at brukarane våre kan bu trygt heime og meistre eigen kvardag så lenge som mogleg. Heimetenesta i Stranda distrikt er organisert i to soner og har eit sterkt fagmiljø med ei engasjert gruppe som samarbeider tett om å gi gode og heilskaplege tenester. Vi yter tenester til brukarar som bur i eigen heim, i omsorgsbustader utan fast bemanning, og i bustader med døgnbemanning. Vi har eit nært samarbeid med sjukeheimen i kommunen. I tillegg samarbeider vi tett med fysioterapeut, ergoterapeut og hjelpemiddelansvarleg for å sikre heilskaplege, tverrfaglege og koordinerte tenester til brukarane våre. Som fagleg leiar får du ei sentral rolle i vidareutviklinga av tenestene våre. Du blir ein viktig samarbeidspartnar for avdelingsleiar, ein fagleg ressurs for medarbeidarane og ein pådrivar for kvalitet, utvikling og gode pasientforløp. Arbeidsoppgåver Drift, koordinering og innovasjon · Bidra til organisering og koordinering av den daglege drifta i heimetenesta. · Utarbeide og følgje opp arbeidslister og ressursplanlegging i samarbeid med avdelingsleiar. · Sikre god informasjonsflyt og samhandling mellom medarbeidarar og samarbeidspartnarar. · Bidra til hensiktsmessig prioritering av oppgåver og ressursar i den daglege tenesta. · Medverke til innføring og vidareutvikling av velferdsteknologi. · Delta i utvikling av framtidsretta arbeidsmetodar og tenester. Dokumentasjon og pasientoppfølging · Sikre god kvalitet i dokumentasjon og pasientjournalføring i tråd med gjeldande lovverk og retningslinjer. · Ansvarleg for at pasientjournalar er oppdaterte, fagleg relevante og gir grunnlag for forsvarlege tenester. · Bidra til systematisk oppfølging av vedtak, tiltak og pasientforløp. · Rettleie medarbeidarar i dokumentasjonsarbeid og bruk av journalsystem. · Koordinere samarbeid med fastlegar, sjukehus og andre kommunale instansar i samarbeid med sjukepleiarane ved avdelinga. · Bidra til heilskaplege pasientforløp og god samhandling på tvers av tenester. Rettleiar og inspirator · Rettleie og undervise kollegaer i kliniske kvardagssituasjonar. · Planlegge og gjennomføre internundervisning og faglege kompetansetiltak, i samarbeid med avdelingsleiar. · Vere ein fagleg støttespelar for medarbeidarar i krevjande og komplekse pasientsituasjonar. Fagutvikling innan prioriterte område · Bidra til tidleg kartlegging, oppfølging og tilrettelegging for personar med kognitiv svikt og demenssjukdom. · Styrke fokus på meistring, eigenomsorg og rehabiliterande arbeidsmetodar i tråd med prinsippa for kvardagsrehabilitering. · Bidra med avansert klinisk vurderingskompetanse i oppfølging av brukarar med samansette og komplekse helseutfordringar. Kvalifikasjonar· Norsk autorisasjon som sjukepleiar. · Vidareutdanning innan avansert klinisk sjukepleie (AKS) er ønskjeleg. Annan relevant kompetanse vert vurdert. · Kompetanse eller erfaring innan demensomsorg, kvardagsrehabilitering og rehabiliterande arbeidsmetodar er ønskjeleg. · Erfaring med undervisning, rettleiing og kompetanseutvikling av medarbeidarar er ein fordel. · God digital kompetanse og erfaring med elektronisk pasientjournal. · Gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg. · Førarkort klasse B. · Politiattest av nyare dato må leggjast fram før tiltreding.Personlege eigenskaparVi ser etter deg som: · Er fagleg engasjert og utviklingsorientert. · Har gode samarbeidsevner og trivst i tverrfaglege miljø. · Er strukturert og løysingsorientert. · Er trygg i rolla som rettleiar og fagperson. · Er tolmodig, empatisk og viser respekt for brukarane og pårørande sine ønskje og behov. · Bidreg til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.Vi tilbyrEit sterkt fagmiljø Du blir ein del av eit engasjert og tverrfagleg team med høg kompetanse og stor vilje til samarbeid. Gode utviklingsmoglegheiter Vi legg til rette for vidareutdanning, kurs og fagleg utvikling. Konkurransedyktige vilkår · Løn etter kvalifikasjonar og avtaleverk. · Offentleg tenestepensjon i KLP. · Gode forsikringsordningar.KontaktinformasjonLiv Skarbø Gjærde, Eininingsleiar, +47 46411180 ArbeidsstadNymarkvegen 58 6200 Stranda Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stranda kommune Referansenr.: 5195120542 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 04.01.2027 Søknadsfrist: 29.10.2026
Ringstad og Helstad barnehage vart i 2024 slått saman til ei kommunal eining, Det er fortsatt to kommunale barnehagar som har felles leiing. Ringstad barnehage er lokalisert like ved Stranda ungdomsskule og Helstad barnehage ligg i Strandadalen like ved Svemorka industriområde. Ringstad barnehage har i dag 60 plassar, fordelt på 3 avdelingar. Ei småbarnsavdeling med 24 plassar (12 barn) og to avdelingar med 18 plassar på kvar. Ringstad barnehage har eit stort og variert uteområde som gir barna gode muligheiter til å utfolde seg fysisk. I tillegg til det store uteområdet disponerer barnehagen eit skogsområde med gapahuk og bålplass, samt at vi har tilgang til ei stor grusbane som er fin å bruke til ulike arrangement. Barnehagen er open måndag- fredag frå kl. 06.40 til 16.15. Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtale, herunder 6 mnd prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Den som blir tilsett må framvise politiattest av nyare dato. Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjarene har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf Offentleglova § 25. Vi har ledig 100% fast stilling som fagarbeidar frå 01.02.2027 Kvalifikasjonar • Fagbrev i Barne- og ungdomsarbeiderfaget. • Gode norsk kunnskaper. Krav om bestått nivå A2 og B1 i lese, lytte og munnleg kommunikasjon. • Ved mangel på søkjarar med fullført fagbrev kan søkjarar med anna relevant utdanning og/eller praksis bli vurderte Personlege eigenskapar • Fleksibel, sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner • Flink til å kommunisere med små og store • Har helse som er forenlig med ein aktiv og stabil barnehagekvardag • Personlege eigenskapar vert vektlagt Vi tilbyr • Eit godt arbeidsmiljø • Varierte arbeidsoppgåver • Lønn etter tariff KontaktinformasjonSusan Aambakk Helsem, Einingsleiar, +47 46411130 Hilde Langlo Brekke, Assisterande styrar, +47 46411844 ArbeidsstadHevsdalsvegen 44 6200 Stranda Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stranda kommune Referansenr.: 5194545620 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 23.10.2026
Kvifor velge Stranda ? Stranda kommune ligg vakkert til mellom fjord og fjell på Sunnmøre. Her finn du eit unikt samspel mellom faglege utfordringar og naturbaserte fritidsaktivitetar – perfekt for deg som ønskjer ein balansert og meiningsfull kvardag. Stranda kommune har makspris kr 700,- pr. mnd for full barnehageplass. Bur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Vi har ledig 2 vikariat i 100% stilling, eine frå dags dato til mai 2027 og det andre vikariatet frå 26. oktober til august 2027, med moglegheit for forlenging. Vi søkjer deg som er spesialist i allmennmedisin eller lege i spesialisering (ALIS). Stillinga er fastløna og alle ved kontoret er kommunalt tilsett. Listetak på 750 pasientar for spesialistar i allmennmedisin og 600 pasientar for ALIS. Vi har i dag 7 legeheimlar og 1 LIS1-stilling og vi nyttar journalsystemet PasientSky. Kvifor velge Stranda legekontor? • Legekontoret er veldrive • Godt og inkluderande arbeidsmiljø med erfarne kollegaer • Variert arbeidskvardagar med allmennmedisinske utfordringar • Fastløn og 15 % omsetningsløn • Normal arbeidstid: 37,5 timar pr. veke • Det er lagt til rette for heimekontor/administrativ dag. • Internundervisning og «opa-dør»-prinsipp • Moglegheit for utvikling og fagleg påverknad • Kommunen dekkjer kursutgifter og legg til rette for spesialisering, som ikkje blir dekka av utdanningsfond II • Kommunen er godkjent utdanningsverksemd • ALIS-avtale med oppfølging av erfarne rettleiarar • Til stillinga er det offentleg legearbeid med inntil 7,5 timar pr. veke • Deltaking i interkommunal legevakt (primært laurdag og søndag dagtid) • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Natur, fjord, fjell rett utanfor døra – perfekt for friluftsliv og rekreasjon Vi tilbyr • Spanande og varierte arbeidsoppgåver • Gode kollegaer og hyggeleg arbeidsmiljø • Interkommunal legevakt i Sykkylven med 3 fast tilsette legevaktslegar og hjelpepersonell. Primært legevakt laurdag og søndag kl. 08:00–16:00 • Lav vaktbelastning Kvalifikasjonar • Søkjarar må ha norsk autorisasjon som lege • Gjennomført LIS1 i Norge • Spesialist i allmennmedisin eller under spesialisering • Søkjarar må kunne uttrykke seg godt på norsk, munnleg og skriftleg • Førarkort klasse B • Gyldig politiattest Personlege eigenskapar • Tålmodig, trygg og roleg, omgjengeleg og serviceinnstilt • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team • Fleksibel • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt Vi tilbyr Aktuelle søkjarar kan/ vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vitnemål og attestar skal takast med ved eit eventuelt intervju. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. KontaktinformasjonInge Settemsdal, Tillitsvalt NLF, 46411094 Josefine Gjerde, Einingsleiar helsetenesta, +47 46411089 ArbeidsstadØyna 13 6200 Stranda Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stranda kommune Referansenr.: 5185160767 Stillingsprosent: 100% Vikar Søknadsfrist: 11.10.2026
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.