Kjøkkentenesta har kjøkken på alle omsorgssentera i Sunnfjord kommune. Vi produserer mat til bebuarar på omsorgssenteret, til heimebuande, samt leverer varm mat alle dagar i året. Har du fagbrev som ernæringskokk eller kokk innan hotell- og restaurantfaget, og ønsker å vere med på å skape gode måltidsopplevingar for brukarane våre? Vi har ledig følgande stilling: • 60 % fast stilling som kokk, for tida ved Skei omsorgssenter Stillinga inngår i turnus med arbeid kvar tredje helg og har arbeid på dagtid. Kvalifikasjonar: • fagbrev som ernæringskokk eller kokk innan hotell- og restaurantfaget • kunnskap om IK-mat og HACCP • gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg Har du erfaring frå storkjøkken, men manglar fagbrev, er du også velkomen til å søke. Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning. Arbeidsoppgåver er mellom anna: • produksjon og tilrettelegging av måltid • sikre god kvalitet og arbeide etter gjeldande krav innan IK-Mat og HACCP • samarbeid med kollegaer og andre faggrupper • bidra til utvikling av gode mat- og ernæringstenester Vi legg vekt på at du: • er positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø • har interesse for å yte gode tenester til brukarane våre • er strukturert og tek ansvar i det daglege arbeidet Vi tilbyr: • eit triveleg og fagleg engasjert arbeidsmiljø • varierte arbeidsoppgåver • moglegheit til å bidra i utviklinga av framtidas mat- og ernæringstenester Vi ønsker medarbeidarar som ser verdien av mat og ernæring som ein viktig del av helse, trivsel og omsorg. Du søker elektronisk. Velkommen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg! Link til søknadsskjema: Søk her
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.