Vi søkjar etter barnehagelærar til 60% vikariat. Stillinga er for tiden i Vikedalen barnehage, og gjeld frå desember og ut barnehageåret 26/27. Dei kommunale barnehagane i Sykkylven er organisert i ei eining, fordelt på tre barnehagar. Dette er Blakstad Naturbarnehage (1 avd.), Ullavik barnehage (4 avd.) og Vikedalen barnehage (4 avd.). Våre felles satsingsområde er Relasjonskompetanse, Språk, Friluftsliv og Solid Start Sykkylven. Meir informasjon om barnehagane finn de på Sykkylven kommune si heimeside - https://www.sykkylven.kommune.no/tenester/barnehage/kommunale-barnehagar/ Vi oppfordrar menn til å søkje. Arbeidsoppgåver Barnehagelæraren har, i lag med pedagogisk leiar, ansvar for å drive avdelinga i samsvar med gjeldande lover og forskrifter, inkl. Lov om barnehagar, rammeplan for barnehagar, årsplan samt andre kommunale vedtak og bestemmingar som har betydning for barnehagen si drift. Barnehagelæraren må sjå på barnehagen som ein heilskap og ha omsorg for alle barn, og skal aktivt delta i den faglege utviklinga av barnehagen. Kvalifikasjonar • Barnehage-/førskulelærarutdanning eller anna relevant pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk • Søkjarar som ikkje oppfyller dei formelle kompetansekrava, men som har relevant pedagogisk praksis kan bli vurderte til stillinga • Du må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar • Ved tilsetting må det leggast fram politiattest av ny dato, jf. barnehagelova Personlege eigenskapar • Du er ein person som er genuint interessert, og trivest i arbeidet med barn • Du er ein person som er glad i å vere ute i all slags vér, og som kan inspirere andre til det same • Du er ein person som er aktiv, undrande og utforskande i samspel med barn og vaksne • Du er ein person som har evner til å setje seg inn i, og bli ein aktiv medspelar i dei prosjekt som er etablerte i barnehagen, og likedan som kan vere med på å initiere utvikling i tråd med dei planar og føringar som den pedagogiske leiinga legg • Du er ein person som har evne og vilje til utvikling, både for eigen del og i høve til barnehagen som organisasjon Personlege eigenskapar vil bli vektlagt Vi tilbyr • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver • Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø • Gode pensjons- og forsikringsordninga • Tilsetjing i samsvar med offentleg avtaleverk Offentlegheit Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd. Vitnemål og attestar Vi ber om at søkjar leverer vitnemål og attestar slik at det blir rekna ut rett ansiennitet og løn. Vitnemål kan hentast inn frå Vitnemålsportalen under vedlegg i søknaden. Kontaktinformasjon Steinar Klokk, Einingsleiar, 95972727, steinar.klokk@sykkylven.kommune.no Arbeidsstad Gråurvegen 2 6230 Sykkylven Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Sykkylven kommune Referansenr.: 5200666025 Stillingsprosent: 60% Vikar Startdato: 01.12.2026 Sluttdato: 08.08.2027 Søknadsfrist: 08.11.2026
Vi har ledig følgjande stillingar: 80% - 100% vikariat som barne- og ungdomsarbeidar fram til sommaren 2027. Stillinga er lagt til Vikedalen barnehage. 70% engasjement som barne- og ungdomsarbeidar frå 01.12.26, med utviding til 100% frå 01.01.27 og ut barnehageåret 26/27. Stillinga er lagt til Ullavik barnehage 100% vikariat som barne- og ungdomsarbeidar frå 01.01.27 og ut februar, med mulig forlenging ut barnehageåret 26/27. Stillinga er lagt til Ullavik barnehage. Det kan og kome andre vikariat som barne- og ungdomsarbeidar i tillegg til dette. Dei kommunale barnehagane i Sykkylven er organisert i ei eining, fordelt på tre barnehagar. Dette er Blakstad Naturbarnehage (1 avd.), Ullavik barnehage (4 avd.) og Vikedalen barnehage (4 avd.). Våre felles satsingsområde er Relasjonskompetanse, Språk, Systemarbeid, Friluftsliv og Solid Start Sykkylven. Med dette som bakgrunn har Vikedalen bhg valgt å spisse sitt fokus mot uteliv og relasjonskompetanse, medan Ullvika barnehage har eit spissa fokus på språkutvikling og nærmiljøet. Meir informasjon om barnehagane finn de på Sykkylven kommune si heimeside - https://www.sykkylven.kommune.no/tenester/barnehage/kommunale-barnehagar/ Vi oppfordrar menn til å søkje. Arbeidsoppgåver Fagarbeidar skal arbeide i samsvar med gjeldande lover og forskrifter, inkl. Lov om barnehagar og Rammeplan for barnehagar samt andre kommunale vedtak og bestemmingar som har betydning for barnehagen si drift. Fagarbeidar må sjå på barnehagen som ein heilskap og ha omsorg for alle barn. Dette betyr mellom anna; • Ha medansvar for å legge til rette for barna sin leik, læring og utvikling. Delta aktivt i det daglege arbeidet med barna i barnehagen sitt inne- og utemiljø, og vere ein god vaksenmodell. • Ha medansvar for planlegging, gjennomføring, vurdering og dokumentasjon av det praktiske og pedagogiske arbeidet på avdelinga. • Delta aktivt i systematisk og jamnleg rettleiing i arbeidet. • Medansvar for å skape eit nært samarbeid mellom heim og barnehage. • Bruke og vidareutvikle eigen fagkompetanse. • Bidra til eit godt samarbeid og bidra til eit godt psykososialt arbeidsmiljø i barnehagen. Kvalifikasjonar • Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget eller anna relevant utdanning (ufaglærte med realkompetanse kan også vere aktuelle for stillinga) • God i norsk munnleg, minimum nivå B2 • Praksis frå barnehage er ein fordel Personlege eigenskapar • Du er ein person som er glad i å vere ute i all slags vér, og som kan inspirere andre til det same • Du er ein person som er genuint interessert, og trivest i arbeidet med barn • Du er ein person som er aktiv, undrande og utforskande i samspel med barn og vaksne • Du er ein person som har evner til å setje seg inn i, og bli ein aktiv medspelar i dei prosjekt som er etablerte i barnehagen • Du er ein person som har evne og vilje til utvikling, både for eigen del og i høve til barnehagen som organisasjon Personlege eigenskapar vil bli vektlagt Vi tilbyr • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver • Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Tilsetjing i samsvar med offentleg avtaleverk • Gratis parkering Offentlegheit Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd. Kontaktinformasjon Randi Ludviksen Hole, Styrar Ullavik bhg, +4795294767, randi.hole@sykkylven.kommune.no Steinar Klokk, Einingsleiar, 95972727, steinar.klokk@sykkylven.kommune.no Arbeidsstad Ullaviklia 23 6230 Sykkylven Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Sykkylven kommune Referansenr.: 5201237416 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 01.12.2026 Sluttdato: 08.08.2027 Søknadsfrist: 05.11.2026
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.