På Ulvik Omsorgstun arbeidar me kvar dag for å gi innbyggjarane våre trygge og gode helse- og omsorgstenester. No søkjer me ein sjukepleiar som vil vere med i eit lite fagmiljø med godt samarbeid og høg fagleg kvalitet. Om stillinga Som sjukepleiar på Ulvik Omsorgstun har du varierte oppgåver på sjukeheim og i heimetjenesta. Du har for tida arbeid kvar fjerde helg med arbeidstid på dag og kveld og beredskapsvakter på natt. Noko som ofte gir gode friperioder i turnusen. Oppgåver • Fagleg ansvar for vurderingar, tiltak og planlegging • Kliniske vurderingar, tiltaksplanar og legemiddelhandtering • Ansvarsvakt og leiing av team • Beredskapsvakt på natt • Pleie, omsorg og oppfølging av pasientar i sjukeheim og heimesjukepleie • Observasjon, dokumentasjon og samarbeid i tverrfagleg team • Bidra til fagutvikling og eit godt arbeidsmiljø • Samhandling med pasientar og pårørande • Rettleiing av kollegaer og studentar Kvalifikasjonar Må-krav • Autorisasjon som sjukepleiar • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg (minimum nivå B2) • Må kunne leggje fram politiattest etter helse- og omsorgstenestelova §5-4. Ynskja kvalifikasjoner • Førarkort klasse B • Erfaring frå kommunal helse og omsorgstjeneste Personleg eignaheit vert vektlagt Kven ser me etter? Me ser etter deg som • Arbeider sjølvstendig og godt i samarbeid med andre • Tek faglege vurderingar i møte med pasientar • Bidreg til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø Me tilbyr • Rekrutteringstillegg kr 12000 • Årsturnus med moglegheit for påverknad • Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver • Arbeidsplass i moderne lokale og tilgang til gode tjenestebilar • Ein jobb i verdas vakraste bygd • Dyktige kollegaer med høg fagleg standard • Hos oss får du jobbe i eit lite fagmiljø der ein samarbeider tett, deler kompetanse og utviklar seg fagleg gjennom fagundervisning i turnus og fagdager. • Flyttegodtgjersle ved flytting til Ulvik herad etter gjeldande retningslinjer (med 100% dekking av flytteutgifter) Kvifor jobbe hos oss? Helse og velferd i Ulvik herad er ei eining med om lag 40 årsverk. Tenestene omfattar sjukeheim, heimesjukepleie, legekontor og helsestasjon, heimehjelp, fysioterapi og ergoterapi, psykisk helse og rus og dagtilbod. Me har lokalar i Ulvik sentrum og på Ulvik Omsorgstun som var nytt i 2020. Som tilsett hos oss vert du del av eit arbeidsmiljø med flotte folk og stort mangfald i både alder, kjønn, utdanning, erfaring og bakgrunn. Om Ulvik Idyllisk plassert inst i Hardangerfjorden finn du Perla i Hardanger - Ulvik. Spektakulær natur frå fjord til fjell og bre inviterar til friluftsliv heile året. Me har aktive kultur- og idrettsmiljø, frukt- og sidertradisjonar og eit rikt kulturliv. Meir informasjon finn du på Ulvik kommune og Hardanger | Ulvik (hardangerfjord.com) Link til søknadsskjema: Søk her
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.