Vi har ledig fast 100 % dagstilling som sjukepleiar i heimebasert omsorg frå 11.01.2027. Stillinga inngår i 12 vekers turnus med kun dagvakter i vekedagane i tillegg til langvakter på dag/kveld kvar 4. helg. I turnusperioden kan det vere mogeleg med ei veke samanhengande fri. I denne stillinga vil ein i tillegg til ordinære sjukepleieoppgåver blant anna ha fokus på prosedyrer, fag og utvikling i nært samarbeid med avdelingsleiar. Ein vil også ha eit tett samarbeid med korttidsavdlingar, tildelingskontor, velferdsteknikar, ergoterapeut, fysioterapeut og kvardagsrehabiliteringsteam. Ta gjerne kontakt om du har spørsmål til stillinga. I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt. Det er krav om gyldig politiattest av ny dato. Legg ved dokumentasjon på utdanning og praksis i søknaden. Arbeidsoppgåver • Ha ein koordinerande funksjon med fokus på prosedyre, fag og utvikling, og sikre gode overgangar mellom korttidsavdeling, sjukehus og heimebasert omsorg. • Medansvarleg for dagleg vaktinnleige. • Rettleiing og opplæring av medarbeidarar og studentar/elevar. • Bidra til eit godt samarbeid mellom brukarar og pårørande. • Bidra til eit godt arbeidsmiljø, både kollegialt og fagleg. • Bidra til eit godt omdømme. Kvalifikasjonar • Autorisasjon som sjukepleiar. • Erfaring frå stilling i heimeteneste • Ønskelig med erfaring frå koordinering av oppgåver i heimetenesta • God digital kompetanse og beherske velferdsteknologiske løsingar som arbeidsverktøy og fagsystem. • God rettleiarkompetanse. • Førarkort for bil. • Svært gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Personlege eigenskapar • Stabil og trygg med god arbeidskapasitet. • Positiv, innovativ, fleksibel og løysingsorientert. • Særs gode samarbeids- og kommunikasjonsevner. • Fagleg dyktig og kan arbeide sjølvstendig. • Lojal og omsorgsfull. Vi tilbyr • Spanande fagmiljø med mange ulike arbeidsoppgåver innanfor rehabilitering, kortidspasientar, langtidspasientar og i heimebasert omsorg. • Tverrfagleg samarbeid med fleire yrkesgrupper. • Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår, men du er sikra løn tilsvarande stigen med 16 års ansiennitet. Kontaktinformasjon Janita Engeset Ellingseter, einingsleiar, +47 92620535 Iren Hovlid, avdelingsleiar heimebasert omsorg, 41702314 Arbeidsstad Valderøya 6050 VALDERØYA Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Giske kommune Referansenr.: 5200838437 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 10.11.2026
Vi har ledig eit vikariat på natt i om lag 75% stilling som sjukepleiar ved Valderøy omsorgsdistrikt frå 01.03.2027. Stillinga er knytt til avdeling Storhornet ved Giske omsorgssenter og inngår for tida i årsturnus med arbeid kvar 3. helg. Vi har og eit ledig vikariat i 47% natt. I tillegg til formell kompetanse blir det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga. Det er krav om gyldig politiattest av ny dato. Dokumentasjon på utdanning skal sendast som vedlegg til søknaden. Arbeidsoppgåver • Sjølvstendig ansvar for at fagleg arbeid og tiltak vert utført i samsvar med vedtekne mål og retningsliner. • Ivareta dokumentasjonsplikta og ha fokus på fagutvikling. • Rettleiing og opplæring av medarbeidarar og studentar/elevar. • Bidra til eit godt samarbeid mellom brukarar og pårørande. • Bidra til eit godt arbeidsmiljø, både kollegialt og fagleg. • Bidra til eit godt omdømme. Kvalifikasjonar • Offentleg godkjenning som sjukepleiar. • God digital kompetanse. • Sertifikat for bil. • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Personlege eigenskapar • Fleksibel, løysingsorientert og innovativ. • Gode samarbeidsevner. • Fagleg dyktig og kan arbeide sjølvstendig. Vi tilbyr • Tverrfagleg samarbeid med fleire yrkesgrupper. • Spanande fagmiljø med mange ulike arbeidsoppgåver innanfor rehabilitering, kortidspasientar og langtidspasientar. • Moderne lokaliteter og funksjonelt utstyr med fokus på velferdsteknologi (som kamera, sensorar) og forbedringsteam. • Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår. Kontaktinformasjon Elin Karin Hopland, nestleiar/avdelingsleiar, 41702318 Janita Engeset Ellingseter, einingsleiar, 92620535 Arbeidsstad Valderøya 6050 VALDERØYA Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Giske kommune Referansenr.: 5200598867 Stillingsprosent: 75,12% Vikar Søknadsfrist: 17.11.2026
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.