Vi søkjer ein danselærar som brenn for å undervise barn og unge i dans! Vi har ledig ei fast stilling på 19,4 %. Undervisninga går føre seg i Kviteseidhallen og er i hovudsak knytt til SFO-tid og tidleg ettermiddag. Ønskt undervisningsdag er tysdagar i tidsrommet kl. 14.00–17.00, men andre dagar og tidspunkt kan vere aktuelle. Vi ønskjer særleg kompetanse innan moderne og urbane dansestilar som Streetdance, Hip-Hop eller Streetfunk. Stillinga omfattar undervisning av barn og ungdom i alderen 6–16 år. Til no har undervisninga vore organisert i tre grupper: SFO-barn, elevar på 4.–7. trinn og elevar på 8.–10. trinn. Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månadar. Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju. Arbeidsoppgåver • planleggje, gjennomføre og evaluere danseundervisning for barn og ungdom • skape eit trygt, inkluderande og motiverande læringsmiljø • tilpasseundervisninga til ulike aldersgrupper og ferdigheitsnivå • arbeide med koreografi og førebuing til framsyningar • inspirere elevane til skaparglede, sjølvutfalding og meistring gjennom dans • følgje opp elevane si faglege og personlege utvikling I tillegg til sjølve undervisninga omfattar stillinga førebuingstid, personalmøte, oppfølging av elevar og elevlister, kontakt med føresette, samt deltaking og arrangementsansvar ved framsyningar og andre arrangement. Kvalifikasjonar • Relevant utdanning innan dans eller relevant realkompetanse • Pedagogisk utdanning eller annan relevant realkompetanse • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar • har engasjement for og interesse av å undervise i dans på alle nivå i eit trygt og motiverande læringsmiljø • er påliteleg og har evne til å planleggje og informere i god tid • har gode samarbeidsevner og evne til å skape engasjement • ønskjer å bidra positivt i kulturskulen sitt profesjonelle læringsfellesskap • kan arbeide sjølvstendig og strukturert • har evne og vilje til å bruke digitale verktøy i samarbeid med elevar, føresette og kollegaer • har undervisningserfaring og gjerne kan vise til referansar Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt Vi tilbyr • Samarbeid med trivelege og dyktige kollegaer i eit tverrfagleg praksisfellesskap • Løn etter gjeldande tariffavtale Kontaktinformasjon Martin Krause, Rejtor, 908 05 510, martin.krause.kviteseid.kommune.no Arbeidsstad Knut Taraldsens veg 8 3850 Kviteseid Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Kviteseid kommune Referansenr.: 5201837521 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 22.11.2026
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.