Vil du vere med og skape ein trygg, inkluderande og meiningsfull skulekvardag for elevane våre? Ved Kviteseid skule har vi ledig inntil 60% vikariat som fagarbeidar frå omgåande til 31.12 med stor moglegheit for forlenging. Vi søkjer etter ein varm, tydeleg og relasjonssterk vaksen som ønskjer å vere ein viktig del av laget rundt elevane våre. Stillinga vil innebere arbeid både i skule og eventuelt på SFO Arbeidsoppgåver• Følgje opp enkeltelevar og elevgruppa • Bidra til eit trygt, inkluderande og godt læringsmiljø • Støtte elevar med ulike behov og utfordringar i skulekvardagen • Delta aktivt i samarbeid med lærarar, føresette og andre tilsette • Arbeid på SFO kan vere aktueltKvalifikasjonar•Utdanning som vernepleiar er ønskjeleg Anna relevant utdanning eller erfaring kan òg vere aktuell • Erfaring frå arbeid med barn og unge vil vere ein fordel • Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt Personlege eigenskapar • Er ein varm, raus og tydeleg vaksenperson • Er glad i barn og oppteken av at alle elevar skal oppleve meistring og trivsel • Har evne til å byggje gode relasjonar og sjå det beste i elevane • Kan møte elevar med ulike behov med tryggleik, tolmod og omsorg • Er fleksibel, samarbeidsvillig og løysingsorientert • Kan ta imot rettleiing og beskjedar, samstundes som du kan arbeide sjølvstendig og ta gode val i kvardagen • Bidreg positivt inn i arbeidsmiljøet og samarbeidet på skulen Vi tilbyr• Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø • Meiningsfulle og varierte arbeidsdagar • Dyktige og engasjerte kollegaer • Moglegheit til å gjere ein viktig forskjell i elevane sin kvardag • Lønn etter gjeldande avtaleverk • Gode pensjons- og forsikringsordningarKontaktinformasjonSiv Omtveit Aasan, Avdelingsleiar Kviteseid skule, +47 93063991 Unni Elisabeth Øygarden, Einingsleiar Tilrettelagde tenester, 90756486 ArbeidsstadSkulevegen 9 3850 Kviteseid Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kviteseid kommune Referansenr.: 5194209681 Stillingsprosent: 60% Vikar Startdato: 02.11.2026 Sluttdato: 31.12.2026 Søknadsfrist: 27.10.2026
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.