Vikeså skule treng fleire miljørettleiarar med på laget. Har du lyst å gjera ein forskjell i desse barna sitt liv, håpar vi du vil søka hos oss. Arbeidsoppgåver • Støtta opp om, og hjelpa enkeltelevar, slik at dei meistrer skulekvardagen sin. • Hjelpa elevane med læringsarbeid i timane, og i det sosiale samspelet. • Bidra med å førebygga konfliktar blant elevane, og hjelpa med å laga eit trygt og godt klasse- og skulemiljø. • Du kjem til å arbeida med elevar åleine, i grupper og i klasse. • Hjelpa med praktisk tilrettelegging av undervisning og utarbeide dokumentasjon. • Du er ein del av eit team, og deltek på teammøter ei gong pr. veke. • Stillingane kan og innebera arbeid på SFO i feriar og før/etter skuledagen. Kvalifikasjoner • Relevant høgskuleutdanning på bachelornivå, som gir kunnskap om barn med særskilte behov. • Erfaring frå arbeid med barn i grunnskule/SFO er ein fordel. • Det blir lagt vekt på personlege eigenskaper. • Gode norskkunskaper, både skriftleg og muntleg. • Gyldig politiattest uten merknad før oppstart i stillingen. Personlige egenskaper Me søker etter: • Ein engasjert, tydeleg, modig og varm vaksen som arbeidar målretta for elevane si utvikling og læring. • Ein person som er ansvarsbevisst og pliktoppfyllande. • Ein person som har evna til fleksibilitet og samarbeid. • Ein god og bevisst relasjonsbyggar. • Ein som ønsker å vera ein aktiv bidragsytar i det sosiale miljøet på skulen. Vi tilbyr I Bjerkreim kommune får du: • Eit positivt arbeidsmiljø. • Eit stort fagmiljø innan same yrkesgruppe. • Interessante og varierte arbeidsoppgåver. • Gode pensjons- og forsikringsordningar. • Tilbod om relevante kurs og vidareutdanning. Kontaktinformasjon Svanhild Gjedrem, Rektor, +47 901 11 688 Arbeidssted Vikesågata 60 4389 Vikeså Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Bjerkreim kommune Referansenr.: 5205065769 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 01.12.2026 Sluttdato: 31.07.2027 Søknadsfrist: 20.11.2026
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.