Me søker etter engasjerte og trygge medarbeidar til to faste nattevaktstillingar i vårt bufellesskap for vaksne med psykiske lidingar. Her bur det personar som har behov for stabilitet, omsorg og støtte i kvardagen. Som nattevakt vil du vere ein nøkkelperson i å sikre ro, tryggleik og nødvendig oppfølging på nattestid. Me har ledig to faste stillingar på ca. 65% og 28% med arbeid 3. kvar helg. Kva får du jobba med hos oss? • Miljøarbeid • Tilrettelegging, bidra til tryggleik, ro og meistring for bebuarane • Behandling, individuelle samtalar, rettleiing • Samarbeid • Dokumentasjon av observasjonar og tiltak, bidra til god informasjonsflyt mellom vaktene. Me kan tilby: • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring. • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast. • Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan. • Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling. • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di. • Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering og frisk treningssenter tilbyr rabatt på treningssenter. • Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord) • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring. • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk. • Dei som kvalifiserar for stillingskode som miljøterapeut vil bli lønna kr. 10.000,- over KS garantilønnsregulativ. • For relevant vidareutdanning gis det kompetansetillegg, f.eks. 60 studiepoeng gir kr. 20.000,- i kompetansetillegg per år i 100% stilling. • Med vår helgeavtale kan du tene ekstra per time når du tek på deg fleire helgevakter - meir jobb i helga, meir pengar i lomma! Kvalifikasjonar: • Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar/helsefagarbeidar. • Kandidatar med vidareutdanning innan rus og psykiatri oppfordrast til å søka. • Det er ønskeleg med relevant erfaring frå psykisk helsearbeid og liknande bufellesskap. • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk. • Førarkort klasse B. Personlege eigenskapar: • Reflektert, engasjert og løysingsorientert. • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, samt relasjonelle ferdigheiter som gjer ein i stand til å snakke med bebuarane, deira pårørande, kollegaer og samarbeidspartnarar. • Robust, trygg og open personlegheit. • God arbeidskapasitet, er utholdande og tolmodig. • Evne til å arbeide sjølvstendig og i saman med andre. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Andre opplysningar: • Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga. • Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse. Slik søker du: Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka. Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering. Link til søknadsskjema: Søk her
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.