Kommunalavdeling helse og omsorg ynskjer medarbeidarar som er oppteken av faget sitt og som har eit ynskje om å utvikla seg. Er du ein slik person så er du hjarteleg velkomen til å arbeida saman med oss i Voss herad sine helsetenester. Hos oss vil du få moglegheit til å påverka tenestene. Me nyttar forsking og erfaringskunnskap og har alltid tenestemottakar i sentrum når me planlegg korleis morgondagens tenester skal vera. For å møte framtidas utfordringar ynskjer me å satse betydeleg meir på førebygging og tidleg innsats. Om avdelinga:Vossestrand Omsorgstun ligg nydeleg til ved Oppheimsvatnet på Oppheim. Ca 2 mil frå Voss Sentrum. Det er 25 bebuarar i institusjon, fordelt på 3 avdelingar. Det er langtid og omsorgsbustadar med heildøgnsbemanning i institusjonen Fylgjande er ledig: • 90% vikariat for helsefag/hjelpepleiar på natt, 3. kvar helg pluss 3 hinkehelger. Vernepleiar og sjukepleiar og studentar som er ferdig utdanna våret 2027 kan og søkje. Stillinga er ledig og ein tilset fortløpande. Arbeidsoppgåver: • Heilheitleg pleie og omsorg • Helsefaglege oppgåver • Oppgåver etter kompetanse og autorisasjon • Primærkontaktoppgåve Kvalifikasjonar: • Helsefagarbeidar/Hjelpepleiar - gjerne erfaring frå nattarbeid i sjukeheim • Vernepleiar • Sjukepleiar • Godkjent politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga Me ynskjer: • Deg med glede av å arbeide i eldreomsorgen • Ein ny god kollega Me tilbyr: • Gode vilkår for fagleg utvikling • Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø • Yrkesskade- og gruppelivsforsikring • Gode pensjonsordningar • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår • Rekrutteringstillegg for sjukepleiar på 20-25.000kr i året Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden. Link til søknadsskjema: Søk her
Vossestrand Omsorgstun ynskjer å fylgja med i tida. Difor vil me tilpassa oss framtida si helseteneste, og sikra rett kompetanse på rett plass til rett tid. Helse og omsorg arbeider etter tillitsmodellen med pasienten i fokus og med tenesteutøvarar som kan, vil og tør. Me tilbyr varierte oppgåver med fokus på fagleg utvikling, stort fleksibilitet og høg kvalitet, som skal drive omsorgstenesta opp og fram ved hjelp av kontinuerleg kompetansebygging, og nært tverrfagleg samarbeid. Me tilbyr • Stillingsprosent etter ynskje inntil 100% • Rekrutteringstillegg på kr 30.000 for sjukepleiar i turnus • Tilrettelagt turnus med blant anna moglegheit for arbeid kvar 4.helg, langvakter Om arbeidsstaden Som sjukepleiar i Voss herad vil du få moglegheit til å verta ein del av eit dyktig fagmiljø, med dedikerte og kunnskapsrike tilsette. Me har eit godt arbeidsmiljø og høg trivsel. Me arbeider etter årsturnusprinsippet som sikrar føreseieleg arbeidstid for dei tilsette, og kontinuitet for våre brukarar. Som tilsett kan du påverka arbeidsrotasjonen din. Vossestrand Omsorgstun litt vakkert plassert ved vatnet på Oppheim, omlag 20 minutt frå Voss Sentrum. Her får du som sjukepleiar arbeide i sjukeheim, men og i heimetesta då me arbeider på tvers. Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som sjukepleiar, studentar ferdige våren 2027 kan og søkja • Meistra skriftleg og munnleg norsk • Gyldig politiattest må leggast fram ved tilsetjing • Personlege eigenskapar vert lagt vekt på Arbeidsoppgåver • Utføra sjukepleiaroppgåver; kartleggingar, behandling, observasjon og pleie • Bidra til å ivareta den enkelte bebuar sin identitet, eigenverdi og sjølvstende • Legemiddelhåndtering • Dokumentasjon, samt laga og evaluera tiltaksplanar • Veiledning og opplæring av kollegaer og studentar. • Bidra til fagleg utvikling mellom anna ved å arrangere internundervisning. • Samarbeid med pasient, pårørande, sjukeheimslækjar, og anna tverrfagleg personell • Nytta Velferdsteknologi Søknad Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden. Link til søknadsskjema: Søk her
Fast stilling for sjukepleiar i omlag 60 % stilling på natt, kan aukast til 100% med kombinasjon dag/kveld eller langvakter. Tilsetjing fortløpande. Om avdelinga Vossestrand Omsorgstun ligg vakkert til ved Oppheimsvatnet, 2 mil frå Voss Sentrum. Me har tre avdelingar med plass til 25 bebuarar, 16 langtidsplassar og 9 omsorgsbustadar med heildøgns bemanning. Heimetenesta har stort geografisk område med omlag 50 heimebuande som har tenester hjå oss. Me har eigen dagavdeling 2 dagar for veka. Me tilbyr • fast rekrutteringstillegg for sjukepleiar • årsturnus • gode forsikrings- og pensjonsordningar • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår • tilrettelagt turnus med blant anna moglegheit for langvakter med arbeid kvar 4. helg • tilrettelegging for vidareutdanning og anna kompetanseheving Kvalifikasjonar • norsk autorisasjon som sjukepleiar • gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar • gode datakunnskapar. Opplæring i fagsystem vil verta gitt • førarkort klasse B Sjukepleiarstudentar som er ferdig utdanna våren 2027 oppmodast til å søkje Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner du vil ha med deg, finn gode argument for kvifor de skal flytta hit på Hardanger og Voss kallar Her ligg det ledige stillingar i regionen. Me ynskjer deg som • er god på samarbeid • er fleksibel og ynskjer å ta ansvar • er ein positiv pådrivar i endringsarbeid og utvikling av tenestene Arbeidsoppgåver • utøva klinisk sjukepleie som sikrar kvalitet og at brukarane sine rettar vert teken i vare • dokumentera helsehjelp i journalsystem • bidra til god ressursutnytting og tverrfagleg samarbeid • bidra til at interne og eksterne lover, relgar og prosedyrar vert følgt • vera pådrivar for planlegging, iverksetting og evaluere tiltak • bidra til godt samarbeid med brukar og pårørande • tett samarbeid med kollegaer, fastlege, fysioterapeut, legevakt, og sjukehus. • oppfylgjing av studentar i praksis • ansvaleg for å halda seg fagleg oppdatert Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden. Link til søknadsskjema: Søk her
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.