Om tjänsten
Om stillinga
Me har ledig ein fast stilling som brannkonstabel med funksjon som sjåfør og røykdykkar knytt til Kaland depot.
Stillinga inngår i ein vaktturnus med vakt kvar femte veke. Vaktperioden strekkjer seg frå kl. 15.30 til 08.00 på kvardagar, og frå fredag kl. 15.30 til måndag kl. 08.00 i helgene. Vaktplikta gjeld også på heilagdagar.
Stillinga har ein storleik på 2,42%. Ein må pårekne arbeid utover dette, avhengig av oppdragsmengd.
Om oss
- Nordhordland brann og redning (NHBR) vart etablert i 2019, ved samanslåing av tre brannvesen. NHBR dekkjer kommunane Alver, Austrheim og Modalen, med Alver kommune som vertskommune. Ansvarsområdet dekkjer 1.149km2, med 34 000 innbyggjarar.
Arbeidsoppgåver
- Vere ein del av deltidsstyrken i NHBR, med fast vakt kvar 5. veke
Kvalifikasjonskrav
- Fullført og bestått aspirantkurs internt i NHBR
Ønskjeleg kompetanse
Kven er du?
- Vi ser etter deg som er motivert, pålitelig og har god rolleforståing.
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Me tilbyr
Me er ein organisasjon i læring!
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. Vi arbeider med å utvikle vår digitale kompetanse, og nyttar mellom anna teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.
Me er Alver
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommunePolitiattest
I tråd med brann- og eksplosjonsvernlova § 18 vert det for eksterne kandidatar stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved innan oppstart.