Om tjänsten
Om stillinga
Me søkjer etter deg som er engasjert, serviceinnstilt og fagleg interessert i reinhald, og søkjer etter ein driftsansvarleg til reinhaldsavdelinga vår. Du vil inngå i eit team med 2 andre driftsansvarlege som deler den daglege drifta og vil ha ansvar for eigen portefølje. Du må og rekna med noko arbeid i drift. Det er ei fordeling i stillinga med 50% reinhald og 50% administrativt.
Me har ein spennande og variert arbeidskvardag, både administrative og operative oppgåver knytte til reinhald, og me har eit arbeidsmiljø som er godt og inkluderande. Du vil vera ein nøkkelperson i organisasjonen, og bidra til å sikra god drift og motiverte medarbeidarar.
Arbeidsoppgåver inkluderer blant anna å samarbeida tett med avdelingsleiar og andre i organisasjonen. Stillinga har ikkje personalansvar men oppfølgingsansvar, sørgja for at tilsette følgjer instruksar og rutinar, sikre kvalitet og stabilitet i leveransane våre.
Normalarbeidstida er kl. 06:30 - 14:00. Arbeidsgivar stiller med arbeids bil, og det er viktig at du trivst med å køyra bil heile året rundt på ulik veg- og føreforhold.
Send inn ein søknad og bli den nye kollegaen vår!
Om reinhaldsavdelinga
Reinhaldsavdelinga er bemanna med ca. 70 tilsette og har 3 ansvarsområder som vert koordinert av kvar sin driftsansvarleg. Reinhald er organisert som avdeling i tenesteområde drift- og vedlikehald, og arbeidsområdet vårt er heile den vidstrakte kommunen.
Avdelinga driftar 5 vaskeri ved institusjonar, og alt reinhaldsareal ved dei forskjellige bygga kommunen disponerar. I tillegg bistår vi ved ned- og utvask av kommunale bustader.
Arbeidsoppgåver
- Bidra til HMS arbeid ved avdelinga
Kvalifikasjonskrav
- Fagbrev som reinhaldsoperatør, alternativt dokumentert pågående utdanning innan fagområdet eller erfaring frå profesjonelt reinhald
Kven er du?
- Du er fleksibel, påliteleg og effektiv
Me tilbyr
- Oppfølging og rettleiing
Me er ein organisasjon i læring!
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet og organisasjonen. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling.
Me er Alver
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommunePolitiattest
I tråd med opplæringsl § 10- 9 / barnehagel § 19 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.