Hoppa till huvudinnehållet
Alver kommune logo

Fast helgestilling - Habiliteringstenesta

Alver kommune
  • OrtAlver
  • Omfattning–
  • Sista ansökan31 dec.
  • Publicerad27 okt.

Om tjänsten

Om stillinga

Alver kommune søkjer etter assistentar til fast helgestillingar til habiliteringstenesta. Vi ser etter deg som har erfaring frå tilsvarande arbeid, eller som er i utdanning innan helse-og omsorg. Om du ikkje har erfaring men interesse for faget kan du og søkje!

Som tilsett hos oss blir du ein del av eit tverrfagleg team med dyktige helsefagarbeidarar, sjukepleiarar, assistenter, miljøterapeuter og andre fagpersonar. Saman sørger vi for at våre tenestemottakarar opplever trygge og gode dagar!

Aktuelle avdelingar

  • Kvassnesvegen bufellesskap

Avdelingsleiar: Ana Milena Opsanger

  • Skrenten avlastning

Avdelingsleiar (vikar): Signe Korsøen Tofting

  • Hannesvegen bustader

Avdelingsleiar: Maria Urhaug

  • Storhaugen bufellesskap

Avdelingsleiar: Therese Einmo Frantzen

  • Stallanemarka burettslag

Avdelingsleiar: Renate Nordahl

  • Bjørkhaugen og Kvernhusmyrane bufellesskap

Einingsleiar: Bjørg Konglevoll Lunde

  • Frekhaug bustader sone 2 / Bustølen og Grønland

Einingsleiar: Eva-Kristin Breistein Fanebust

  • Avlastningstenester for born og unge

Einingsleiar: Anu Singh

  • Prestbrekka bufellesskap

Einingsleiar: Lene Christensen

  • Frekhaug sone 1 / Ambulerande tenester

Einingsleiar: Marianne Bratshaug

Arbeidsoppgåver

  • Skape føreseielegheit, tryggleik og struktur
  • Praktisk hjelp og bistand til tenestemottakarar
  • Samarbeide med andre instansar ved behov
  • Dokumentasjon i fagsystemet Profil
  • Ivaretaking av kapittel 9 vedtak

Kven er du?

  • Du er omsorgsfullog har eit ekte engasjement for å hjelpa andre.
  • Du er pålitelegog møter opp til avtalt tid og tek ansvar for arbeidsoppgåvene dine.
  • Du har gode kommunikasjonsevnerog trivst å samarbeida med både kollegaer og tenestemottakarar
  • Du er fleksibelog taklar endringar og ulike arbeidsoppgåver med eit positivt sinn.
  • Du er løysingsorientertog tek initiativ når det trengst.
  • Du har evne til å skapa tryggleik og trivselrundt deg.
  • Du har roleg og handterer stressande situasjonar på ein god måte.

Me tilbyr

  • Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
  • Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Eigen avløning for sjukepleie, vernepleie og medisinstudentar
  • Sjukepleiarar ligg 10 000 over tariff og vernepleiarar ligg 9000 over tariff
  • Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
  • Fagleg utvikling
  • Årsturnus
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • God pensjonsordning gjennom KLP

Me er ein organisasjon i læring!

Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.

Me er Alver

Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!

Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede

Restid & pendling