Om tjänsten
Bli med å skape trygge og berekraftige løysingar for framtida!
Tenesteområdet Eigedomsforvaltning søkjer ein engasjert og kompetent VA-person til å vere med å utvikle fagmiljøet vårt. Som rådgjevar innan vatn- og avløpsfaget får du ei sentral rolle i saksbehandling, planlegging og gjennomføring av vedlikehald. Du vil samarbeide tett mot VA-drift og prosjektavdelinga for å sikre heilskaplege og berekraftige løysingar. Stillinga rapporterer til einingsleiar for veg, vatn og avløp forvaltning.
Foran oss ligg mange spennande oppgåver for å sikra at alle innbyggjarane våre har eit trygt og godt drikkevatn, og samtidig å sikra gode, miljøvennlege løysingar for avløp.
Om oss
- Eining for veg og VA forvaltning er ei av fire einingar under tenesteområde Eigedomsforvaltning. Føremålet med eininga er å sikre planlegging, vedlikehald og utvikling av kommunal infrastruktur, slik at innbyggjarane har trygt drikkevatn, avløp blir handtert utan forureining, og vegnettet er trygt å ferdast på. Eininga består i dag av 7 rådgjevarstillingar, ein fagleiar VA og einingsleiar.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene vil variere etter erfaring og kompetanse hjå søkjar. Eininga har eit breitt spekter av oppgåver, som mellom anna krev god dialog med innbyggjarar, næringsliv og private utbyggjarar. Vi følgjer leidningsnettet heilt frå planleggingsfasen hjå utbyggjarar, til det blir overtatt til kommunal drift og vedlikehald.
Relevante oppgåver vil vere:
- Generell saksbehandling innan VA-faget
- Røyrleggjarmeldingar
Kvalifikasjonskrav
Vi søkjer deg som har erfaring innan VA, gjerne frå offentleg sektor. Det er eit krav at du:
- Har 3-årig relevant ingeniørutdanning eller teknisk fagskule m/relevant fagbrev.
- Relevant erfaring kan kompensere for utdanning.
Vi ynskjer deg som
- Har kjennskap til gjeldande lovar og forskrifter
Kva kan me tilby deg?
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver som gjer ein forskjell for lokalsamfunnet