Heimetenesta i Alver er delt inn i 6 geografiske områder der Lindås heimeteneste er lokalisert sentralt på Lindås. Avdelinga har driftskoordinator, sjukepleiarar, vernepleiarar, helsefagarbeidarar/hjelpepleiarar og assistentar.
Våre engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar har fokus på fagleg utvikling. For tida er vi i gang med eit prosjekt om etisk refleksjon og oppfølging av kollegaer i møte med palliative brukarar. Målet med prosjektet er å styrke kompetansen til alle tilsette ved Lindås heimeteneste, og det blir gjennomført regelmessige faglege foredrag med eksterne foredragshaldarar, og etisk refleksjon i gruppe. Prosjektet har fått støtte frå statsforvalter.
Vi har stor fokus på fagutvikling, og har årshjul med kurs for tilsette, og gjennomfører internundervising og undervisning i samarbeid med andre tenester utfrå årshjulet til avdelinga.
Lindås heimeteneste har ledig 100% stilling som sjukepleiar. Avdelinga har årsturnus, og sjukepleiarane hos oss arbeider både ordinære og langvakter i turnus. Turnusen er todelt.
Heimetenesta gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim. Kvardagen hjå oss er variert, og våre sjukepleiarar arbeider sjølvstendig, og i samarbeid med andre sjukepleiarar, vernepleiarar, helsefagarbeidarar/ hjelpepleiarar og assistentar. Vi samarbeider med legekontor, fysioterapeut, ergoterapeut, og andre kommunale tenester. Vi følger primærkontakt - modellen, og sjukepleiarane hos oss følger opp sine brukarar saman med helsefagarbeidar og assistent.
Som sjukepleiar ved Lindås heimeteneste har du oppgåver som:
Kvalifikasjonskrav
Vi ser etter deg som er engasjert for brukere og faglege gode tenester. Du kan prioritera og håndtere oppgåver utfrå faglege vurderingar. Du trivst både med å arbeide sjølvstendig og i samarbeid med kollegaer. For oss er det viktig med eit godt arbeidsmiljø og arbeidsglede i kvardagen og vi ser etter deg som ynskjer å bidra sammen med dine kollager til dette. Vi gir tenester over eit stort geografisk område, dette gjør at våre medarbeidere må være løsningsorientert og fleksibel i kvardagen.
Vi er opptatt av å bruke hverandres styrker, og ønsker gjerne deg som har ett fagområde du brenner for og vil være med å dele dine kunnskaper med dine kollegaer.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt før tilsetting
Vi tilbyr
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Bli kjent med Alver kommune!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Alver