Om tjänsten
Vi søker etter ein matros til vår elektriske ferje MF Storfjord, som trafikkerer sambandet Leirvåg - Sløvåg.
På dette sambandet jobbar ein døgnskift – du er om bord 1 døgn og har fri 1 døgn i ein periode på 3 veker. Deretter har du 3 veker samanhengande fri. I samband med skiftordninga bør ein bu innanfor rimeleg reiseveg til Leirvåg eller Sløvåg då rederiet ikkje har bofasilitetar det døgnet ein har fri.
Som matros blir du ein del av eit dyktig team som sørgjer for trygg og effektiv drift. Du handterer lasting og lossing på ein sikker måte, held utkikk og bidreg til vedlikehald som sikrar at alt fungerer som det skal. Hos oss får du ein variert kvardag saman med gode kollegaer.
Kun 1 time å kjøre fra Bergen til Leirvåg!
Vi vurderer kandidatar fortløpande.
Arbeidsoppgåver
Utfør arbeidsoppgåvene i tråd med stillingsinstruksen.
Kvalifikasjonar
- Ferdighetsertifikat eller nok fartstid til å mønstre matros
Rederiet dekkjer kurs i krise- og passasjerhandtering for den som er aktuell for stillinga.
Personlege eigenskapar
- Vi ser etter ein påliteleg og løysingsorientert matros som trivst med samarbeid, men som òg kan ta ansvar og jobbe sjølvstendig når situasjonen krev det. Du set alltid sikkerheit og service først, har evna til å tenkje raskt og finne gode løysingar, og viser vilje til å lære og stå på når det trengst.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk sjømannsforbund.
KontaktinformasjonBenedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.no
ArbeidsstedFv57
5953 Fonnes
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Fjord1 - Maritim Drift
Referansenr.: 5191877900
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.10.2026