Bømlo kommune søkjer trygge og engasjerte personer som ønskjer å bidra i kvardagen til barn og unge som har behov for støtte, aktivitet eller avlastning.
Dette er små stillingar og oppdrag som kan passe godt ved sidan av studiar, skule, anna arbeid eller for deg som har litt tid til overs – men først og fremst er det ei moglegheit til å vere ein viktig person i eit barn eller ein ungdom sitt liv.
Me tek imot søknader fortløpande og ser fram til å høyre frå deg!
Som fritidskontakt, privat avlastar eller miljøarbeidar kan du mellom anna:
Oppdraga vert tilpassa det enkelte barnet og familien, og vert avtalt i tett samarbeid med sosiale tenester barn og unge i Barne og Familietenesta.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
I vurderinga av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Me tilbyr
Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5.4a / § 5.4.
Utlysinga omfattar ulike typar oppdrag og stillingar. Avtaleform og vilkår vert avklarte konkret før oppstart.
Synest du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar som stadfestar tidlegare arbeidsforhold. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din.
Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med avdelingsleiar Gro Marita.
KontaktinformasjonGro Marita Våge Tulloch, Avdelingsleiar ved sosiale tenester barn og unge, 468 92 130
ArbeidsstadLeirdalen 1
5430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Bømlo kommune
Referansenr.: 5147211053
Stillingsprosent: 10%
Engasjement
Søknadsfrist: 18.11.2026
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Bømlo