Stillinga inngår i Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking, campus Bergen og er ledig i tida 01.01.2027 -31.07.2027.
Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift til universitets- og høyskoleloven.
For tilsetting som førsteamanuensis må søkjar ha ei doktorgrad i norsk litteratur.
For tilsetting som førstelektor må søkar ha dokumentert omfattande forskings- og utviklingsarbeid som i kvalitet og omfang er tilsvarande arbeidsmengde og nivå for ein doktorgradsavhandling, og med tilsvarande relevanskrav som for førsteamanuensis.
Den som vert tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd.
Undervisningsspråket er norsk og søkjarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.
Den som vert tilsett må vere personleg eigna for stillinga.
Aktuelle kandidatar blir innkalla til intervju. Då stillinga er midlertidig er det ikkje inkludert FoU-tid i arbeidsåret.
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:
Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje, total maksgrense for opplasting av vedlegg er 50 MB.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søkjarar kan ikkje sende søknadar på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi tilbyr:
Stillinga som førsteamanuensis / førstelektor er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 - Førsteamanuensis / 1198 - Førstelektor
Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.
1) Assisterande instituttleiar Ingrid Grønsdal, +47 53 49 13 52, ingrid.gronsdal@hvl.no
2) Faggruppekoordinator norsk, førstelektor Gro Ulland, +47 55 58 58 85, gro.ulland@hvl.no
Les meir på våre heimesider.
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Bergen