Klinisk nevrofysiologi er anvendt nevrovitenskap med klinisk relevanse! Vi søkjer etter ein ny kollega som liker å jobbe med varierande og spennande oppgåver innan nervestystemet. På Haukeland tilbyr vi topp-moderne elektrofysiologisk testing av nervesystemet som er nyttig i diagnostikk, prognose og behandling av anfalls - og søvnlidingar, nevropatier, og nevromuskulære tilstandar. Vi er også engasjert i nevromonitorering ved kritisk sjukdom og under operasjonar. Hos oss møter du et tverrfagleg og dynamisk team med høg kompetanse og eit sterkt fokus på kvalitet og pasientsikkerheit.
Teamet består av 8 legar og 14 nevrofysiologi - teknikarar med ulik bakgrunn og utdanning og samarbeider med ingeniørar og sekretærar. Vår avdeling er del av eit universitetssjukehus med regionfunksjon, og utfører rundt 8000 undersøkingar årleg. Vi jobbar tett saman med flere andre spesialavdelingar, og har til hovudoppgåve å utføre ulike undersøkingar av pasientar sitt sentrale og perifere nervesystem. Vi har både polikliniske og inneliggande pasientar, alder varierer frå premature kuvøsebarn til eldre menneske, og frå friske til kritisk sjuke pasientar. Vi har lokaler i Gamle Hovedbygg, i Sentralblokken og i Glasblokkene.
Arbeidstida vår er for tida frå måndag til fredag frå kl. 07.45 til 16.15. Avdelinga har også beredskapsvakt alle dagar i året for å yte nevroovervaking hjå pasientar med kritisk sjukdom.
Vi søkjer etter ein ny kollega og har ledig 100% vikariat for LIS3 i klinisk nevrofysiologi frå 01.11.2026 eller etter avtale. Vikariatet kan telje som del av spesialistutdanninga.
For meir informasjon sjå: https://www.helse-bergen.no/avdelinger/nevroklinikken/klinisk-nevrofysiologi-knf/karriere/
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonTom Eichele, Avdelingssjef, 45224919, tom.eichele@helse-bergen.no
ArbeidsstadHaukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5163169358
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 02.11.2026
Søknadsfrist: 19.09.2026
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Bergen