
Tolletaten · Bergen
Vil du være med å bygge opp og forme ein nyoppretta seksjon? Tolletaten har ei viktig rolle som samfunnsbeskyttar. Samfunnsoppdraget vårt er å sikre at love...
Vil du være med å bygge opp og forme ein nyoppretta seksjon?
Tolletaten har ei viktig rolle som samfunnsbeskyttar. Samfunnsoppdraget vårt er å sikre at lover og reglar for grensekryssande vareførsel blir etterlevde. Med brei og målretta verkemiddelbruk arbeider vi for auka etterleving før, under og etter grensepassering.
No har du høve til å bli ein del av seksjon for saksbehandling i Tolletaten som sakshandsamar. Du får arbeide med eit breitt spekter av fagleg spennande oppgåver i ein seksjon med nasjonalt fagansvar og eit viktig samfunnsoppdrag.
Seksjon for saksbehandling har eit nasjonalt ansvar for eit viktige saksfelt som omfattar løyve, autorisasjonar, godkjenningar, sanksjonar og innsynssaker. Seksjonen er under oppbygging og vil på sikt bestå av mellom 20 og 25 tilsette.
Vi søkjer både rådgivarar og seniorrådgivarar med ulik fagleg bakgrunn.
Sentrale arbeidsoppgåver:
Du må rekne med variasjon i arbeidsoppgåver ut frå seksjonen sine prioriteringar og satsingar.
Kvalifikasjonar:
Det er ønskjeleg med erfaring frå:
Vi søkjer deg som:
Er du på jakt etter nye utfordringar og synest dette verkar som eit interessant arbeid, er du velkomen til å søkje på stillingane. Vi ønskjer søkjarar med både kortare og lengre relevant erfaring.
Vi tilbyr:
Kandidatar som får tilbod om stilling, må rekne med å bli omfatta av SEMAC-bakgrunnssjekk. Du må kunne levere uttømmande politiattest ved tilbod om tilsetjing.
For meir informasjon om stillinga kan du kontakte avdelingsdirektør June Nesse på 477 97 831. Om du har spørsmål knytt til rekrutteringa kan HR kontaktast på PB_VD-HR@tollno
Søknadsfrist 23. august 2026
Til deg som søkjer jobb i Tolletaten
Du må fylle ut felta «Utdanning» og «Arbeidserfaring» og laste opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.
Mangfald gjer oss betre! For å løyse samfunnsoppdraget vårt treng vi medarbeidarar med ulike erfaringar og perspektiv. Difor oppmodar vi alle kvalifiserte kandidatar til å søkje – særleg deg med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en. Ved å krysse av for dette i søknaden kan du ha rett på positiv særbehandling. Les meir om dette på arbeidsgivarportalen.
Ver merksam på at namnet ditt kan bli offentleggjort på ei offentleg søkjeliste, i tråd med gjeldande regelverk. Vi nyttar Semac bakgrunnssjekk i samband med våre tilsetjingar.
Om stillinga Vi har ledig fast 100% stilling som spesialkonsulent frå 01.10.2026. Vi søker ein engasjert og sjølvstendig konsulent i kommunalområde helse og omsorg. Du vil spele ei viktig rolle i å styrke utviklingsarbeidet, og vi ser etter ein konsulent som brenn for forbetrings- og kvalitetsutvikling. Det er viktig at du er allsidig og ikkje redd for å ta eit tak der det trengst. Du bør trivast med varierte oppgåver og ha moglegheit for læring. Hjå oss vil du få breidde i oppgåver og ansvarsområde. Stillinga har kontorstad ved Aurland omsorgssenter og rapporterer til kommunaleiar for helse og omsorg. Arbeids- og ansvarsområde • Praktisk støtte til leiarar mellom anna personalmeldingar, utarbeiding av arbeidsavtalar og oppdragsavtalar, håndtering av lønsrelaterte saker frå leiarar, samt varebestilling og mottak • Håndtering av ledige vakter • Sakshandsaming etter helse- og omsorgstenestelova, samt rettleiing • Planlegge og gjennomføre førebyggande rettleiing og arrangement • støtte leiarar i kvalitet- og internkontrollsystem • Vere strategisk rådgjevar som inneber å vere sakshandsamar og leiarstøtte i politiske sakar og i plan og utgreiingsarbeid • Prosjektleiing og fasilitering av forbetringsprosessar, og bidra til tenesteutvikling • Fremje smart bruk av digitalisering og teknologi i tenesteutviklinga • Informasjonsarbeid • Systemansvarleg i turnusprogram og bidra til effektiv ressursstyring • Andre oppgåver som naturleg fell inn under kommunalområdet sitt arbeidsområde må påreknast Me tilbyr • ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad • bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum • gode pensjons- og forsikringsordningar • løn etter tariff Kap. 4, stillingskode 6599 spesialkonsulent • minimum 6 års tilleggsansiennitet • fleksitidsordning • gratis inngang til treningsrom og symjehall i Aurlandshallen (mellombels velferdsordning) • å formidle kontakt med utleigar av ledige husvære • eventuell informasjon om ledige stillingar til partnar, samt moglegheit for utlån av kontorfasilitetar (kontorhub) • barnehageplass, for søknadsfrist og informasjon sjå her: Søke eller endre barnehageplass - Aurland kommune Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her. Video: https://www.youtube.com/watch?v=aFXLAnqaUbISletting av studiegjeld? I Aurland kan du få inntil kr 25 000 i årleg avskriving av studielånet ditt frå og med 2026. Som arbeidstakar og busett i ein distriktskommune kan du ha rett til å få sletta delar av studielånet gjennom Lånekassen si nye ordning for distriktskommunar. Sjå meir informasjon ved å fylgje lenka: https://aurland.kommune.no/nyhet/har-du-studielaan-og-bur-i-aurland-kommune Kvalifikasjonar • Relevant utdanning frå høgskule/universitet innan helse-, organisasjons- eller administrative fag på bachelornivå • Vidareutdanning innan relevante fag som økonomi, prosjektleiing, helserett, kan fråvikast om ein er villig til å ta vidareutdanning • Erfaring med forbetringsarbeid, tjenesteutvikling eller kvalitetsarbeid • Har kunnskap om reglement og lovverket på området • Kunnskap om arbeidsrett, arbeidsmiljølova og tariffavtalar og personaladministrative oppgåver • Erfaring frå offentleg forvaltning og sakshandsaming er ei føremon • God digital kompetanse med evne til å nytte digitale verktøy, mellom anna Teams, Excel og ulike fagsystem Personlege eigenskapar Vi vil legge vekt på at du er eigna til stillinga, og vil at du: • Er strukturert med god gjennomføringsevne og analytisk tilnærming • Er god problemløysar som jobbar godt under press • Er trygg i fasilitatorrolla og trivst med å leie prosessar og arbeidsmøter • Er god på å bygge relasjonar og samarbeid • Er utviklingsorientert og nysgjerrig på forbetringsmoglegheiter • Håndterer komplekse problemstillinger profesjonelt og sjølvstendig Verdiane våre er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt. Løns- og tilsetjingsvilkår • tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtale. • det er viktig at alle søkjarar legg ved attestar og annan relevant dokumentasjon, slik at ansienniteten kan fastsetjast korrekt ved ei eventuell tilsetjing. Krav til språk Aurland kommune nyttar nynorsk som målform. Særskilt god skriftleg, og munnleg, framstillingsevne er viktig i stillinga. Generell informasjon Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg. Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere. Treng du hjelp i samband med søknaden, ta kontakt med Jobbnorge på telefon +47 75 54 22 20, mandag til fredag mellom kl. 08.00-16.00, eller send E-post til support@grade.no. Du vil få raskt svar, og veldig god hjelp av hyggelege medarbeidarar. NB! Me overfører nytilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav. Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.
Vi søkjer ein strukturert og løysingsorientert sakshandsamar som meistrar både saksbehandling, økonomi og digitale verktøy Ørsta kommune, kommunalområde Oppvekst, kultur og inkludering, har ledig ei 100 % fast stilling som sakshandsamar. Snarleg oppstart, etter avtale. Kommunalområdet har overordna ansvar for kultur, barnehagar, grunnskular, vaksenopplæring og flyktningteneste. Som sakshandsamar hjå oss vil du få ei sentral rolle i den daglege drifta og utviklinga av tenestene våre. Vi ser etter deg som tek i eit tak med godt humør, jobbar sjølvstendig og finn gode løysingar i samarbeid med andre. Arbeidsoppgåver • Saksbehandling innanfor kommunalområdet, både administrativt og politisk • Strategisk utviklings- og planarbeid for kommunalområdet • Administrative oppgåver knytt til personal- og ressursdisponering • Støtte i arbeid med rekruttering og kompetansekartlegging • Administrative oppgåver knytt til økonomirapportering og budsjettoppfølging • Utvikling, vedlikehald og opplæring i kommunalområdet sine digitale fagsystem Majoriteten av desse arbeidsoppgåvene vil vere knytt til grunnskule, men oppgåver kan kome frå heile kommunalområdet. Kvalifikasjonar • Pedagogisk utdanning på høgskule- eller universitetsnivå • Relevant arbeidserfaring frå grunnskule, gjerne innan skuleleiing eller administrasjon • Erfaring med saksbehandling, økonomirapportering og bruk av kommunale digitale system • Høg digital kompetanse og evne til å setje deg inn i nye verktøy • Førarkort klasse B Personlege eigenskapar Vi ynskjer at du: • Er sjølvstendig og initiativrik: Du ser kva som må gjerast, tek ansvar for eigne oppgåver og driv prosessar framover • Er positiv og løysingsorientert: Du har gode samarbeidsevner, kommuniserer godt med ulike faggrupper og bidreg konstruktivt • Er målretta og systematisk: Du arbeider strukturert, toler høgt tempo og har god gjennomføringsevne • Har god formidlingsevne: Du har god skriftleg og munnleg framstillingsevne. Kommunen har nynorsk som målform. Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Vi tilbyr • Eit godt arbeidsmiljø • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver i eit solid fagmiljø med dyktige medarbeidarar • Gode forsikrings og pensjonsvilkår: Ørsta kommune har gode forsikringsordningar i KLP for sine tilsette, som også inkl. frivillig ulukkesforsikring på fritida. Som tilsett i Ørsta kommune får du del i ei av Noreg sine sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Som medlem i KLP får du i tillegg tilgong til ekstra gode vilkår på bank, forsikring og sparing. Stillinga er plassert i HTA kap. 4 gr. 2 Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Prøvetid Prøvetid i faste stillingar er 6 mnd. I lengre vikariat er det høvesvis. Fråvær går til fråtrekk. Intern søkjar Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller har andre faktorar knytt til lov- og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. jf. AML §14. Dokumentasjon Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå-til, samt stillingsstørrelse eller antal timar. Om offentleglova Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste, i samsvar med offentleglova §25. Ønsker du å at namnet ditt skal vere unnateke frå den offentlege søkarlista, må du grunngje dette i søknadsskjemaet. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil du få beskjed og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga. KontaktinformasjonPål Einar Brekke, Kommunalsjef Oppvekst, kultur og inkludering, 47 62 34 18, pal-einar.brekke@orsta.kommune.no ArbeidsstadDalevegen 6 6153 Ørsta Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Ørsta kommune Referansenr.: 5153197080 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 16.08.2026
Vi søkjer rettleiar/sakshandsamar ved Nav Lom og Skjåk i 100 % stilling. Nav Lom og Skjåk er eit partnarskap mellom stat, Lom kommune og Skjåk kommune, der Skjåk kommune er vertskommune. Kontoret har ni tilsette og er lokalisert i Bismo. Stillinga er ledig frå 01.09.26. Om stillinga • Råd og rettleiing innanfor for eksempel aktivitet og arbeid, økonomi og førebygging av sosiale vanskar. • Engasjere og motivere både jobbsøkjarar, arbeidsgjevarar og andre samarbeidspartnerar. • Vere aktiv i høve til at flest mogleg oppnår sitt mål om til tilknyting til arbeidslivet. • Samarbeide og finne gode løysingar med kollegaer, arbeidsgjevarar, helsevesen og andre involverte. • Handtere fleire datasystem for å løyse Nav sine oppgåver i hovudsak økonomisk sakshandsaming og rettleiing. Arbeidsoppgåver: Kontoret er i starten av eit fagleg utviklingsarbeid, for å gjere oss mindre sårbare ynskjer vi at tilsette håndterer alle våre arbeidsfelt; arbeidsretta, sjukefråværsoppfølging og økonomisk sosialhjelp. Her kan det bli endring i arbeidsoppgåver. • Tett samarbeid med andre aktørar i samfunnet. • Forvaltning av private personar sin økonomi. Kvalifikasjonar • Minimum 3-årig relevant utdanning frå høgskule/universitet. • Relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet. • Digitalkompetanse og evne til å setje seg inn i nye arbeidsmetodar. • Ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg - kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk. • Førarkort klassse B. Vi vektlegg at du • ynskjer spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver med mål om å løyse eit viktig samfunnsoppdrag • har evne til å arbeide målretta • har evne til å arbeide i team • er sjølvstendig i planlegging og drift av eigen arbeidskvardag • har gode servicehaldningar samt god kommunikasjonsevne • har gode samarbeidseigenskapar, er fleksibel og har gode evner til omstilling • har kjennskap til arbeidsmarknaden, utdanning og Nav sine tenester • er fleksibel og har godt humør Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar. Ein må rekne med noko reising som ein del av jobben. Ynskjer du meir informasjon om Nav - gå inn på nav.no. Vi tilbyr • tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale • pensjonsordning i KLP Spørsmål kan rettast til Gudrun Teigen, konstituert leiar Nav Lom og Skjåk, mob. 95982598 e-post: gudrun.teigen@NAV.no Søknadsfrist 26.08.2026 Skjåk kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn. Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dersom du ønskjer unntak frå offentlegheit, må dette grunngjevast særskilt.