
NAV Lom og Skjåk · Skjåk
Vi søkjer rettleiar/sakshandsamar ved Nav Lom og Skjåk i 100 % stilling. Nav Lom og Skjåk er eit partnarskap mellom stat, Lom kommune og Skjåk kommune, der Sk...
Nav Lom og Skjåk er eit partnarskap mellom stat, Lom kommune og Skjåk kommune, der Skjåk kommune er vertskommune. Kontoret har ni tilsette og er lokalisert i Bismo.
Kontoret er i starten av eit fagleg utviklingsarbeid, for å gjere oss mindre sårbare ynskjer vi at tilsette håndterer alle våre arbeidsfelt; arbeidsretta, sjukefråværsoppfølging og økonomisk sosialhjelp. Her kan det bli endring i arbeidsoppgåver.
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
Ein må rekne med noko reising som ein del av jobben.
Ynskjer du meir informasjon om Nav - gå inn på nav.no.
Skjåk kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dersom du ønskjer unntak frå offentlegheit, må dette grunngjevast særskilt.
Om stillinga Osterøy kommune utvidar tilbodet innan barn og unge, og ser etter deg som er familierettleiar. Familiens hus på Osterøy styrkar barn- og familieteamet med ein ny stilling som familierettleiar i 100 % fast stilling. Stillinga er ledig frå oktober 2026. Barn- og familieteamet er ei tverrfagleg teneste beståande av familieterapeutar, miljøterapeutar og psykolog. Vi tilbyr heilskapleg rettleiing og oppfølging til barn og deira familiar som opplever utfordringar i kvardagen. Stillinga vil i hovudsak arbeide med familierettleiing og miljøterapeutisk oppfølging etter tilvising frå barneverntenesta eller på lågterskel. Vi arbeidar og med fosterheimsrettleiing og oppfølging av ungdom på ettervernsvedtak. Stillinga passar for deg som likar å jobbe tett på familiar, og som er trygg i møte med barn og unge i krevjande livssituasjonar. Vi ser etter ein kollega som har oppdatert og solid erfaring frå tiltaksarbeid med barn og unge. Det er særleg viktig å kunne skape tillit og gode relasjonar. Oppfølginga vert tilpassa kvar enkelt familie sine behov og ressursar og arbeid på ettermiddag må påreknast. Osterøy kommune har 6 månaders prøvetid for nytilsette Arbeidsoppgåver • Oppfølging av familiar gjennom hjelpetiltak som rettleiing, miljøterapeutisk arbeid og tilsynsoppdrag • Bidra i planlegging og gjennomføring av gruppetilbod • Anvende familieterapeutiske og kunnskapsbaserte metodar • Delta aktivt i fag- og kvalitetsutvikling i avdelinga • Samarbeide tverrfagleg med skule, barnehage og andre tenester • Utføre andre relevante oppgåver ved behov Vi tilbyr • Meiningsfull arbeidskvardag med varierte oppgåver • Fokus på fagleg utvikling • Løn etter gjeldande avtalar • Offentleg tenestepensjon • Fleksitidordning • Gratis parkering • Eit godt arbeidsmiljø på ei av dei vakraste øyane i landet Kvalifikasjonskrav • Krav om relevant helse- eller sosialfagleg utdanning på bachelor- eller masternivå • Krav om minimum 2 års erfaring frå terapeutisk endringsarbeid. • Ønskeleg med relevant vidareutdanning, til dømes innan familieterapi, rus- og psykisk helsearbeid, miljøterapi eller liknande • Ønskeleg med kompetanse og erfaring frå bruk av relevant metodikk og erfaring med drift av grupper • Erfaring frå oppfølgingsarbeid med barn, unge og familiar vert vektlagd • Har god skriftleg og munnleg framstillingsevne • Gyldig politiattest ved tilsetjing • Førarkort klasse B Vi ser etter deg som: • Kan skape naudsynte endringar hjå familiane du er i kontakt med • Har engasjement og interesse for å skape trygg og tillitsbyggjande kommunikasjon med menneske i vanskelege livssituasjonar • Har gode samarbeidsevner og samtidig evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert • Er trygg i samtalar med barn, ungdom og deira familiar • Har stor arbeidskapasitet med tydeleg fokus på mål og endring • Er fleksibel og løysingsorientert og kan tilpasse deg ulike situasjonar Personleg eignaheit vil bli tillagd stor vekt. Offentleg tenestepensjon I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut! Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar! Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!
Sunnfjord Bu- og avlastingsteneste er ei døgnbemanna eining som yt avlasting til føresette med særs krevjande omsorgsoppgåver. Hos oss handlar kvar dag om å skape gode og trygge rammer for barn og unge med ulike funksjonsnedsetjingar frå 0-18 år. Vi ser etter deg med eit stort hjarte som ynskjer å nytte din fagkompetanse til å gjere ein skilnad. Fokus skal vere på meistring, tryggleik og glede. Ein har i stor grad mogelegheit til å legge opp arbeidsdagen sin sjølv. Du vil jobbe tett med føresette, skule, barnehage, spesialisthelsetenesta og andre som yt tenester til barn og unge for å sikre eit heilskapleg tilbod. Vi har ledig: • 2x100 % fast stilling som rettleiar Ein jobbar i tredelt turnus med arbeid tredje kvar helg. Vi søker ein engasjert og utviklingsorientert person til nyoppretta stilling som rettleiar hos oss. Stillinga gir gode moglegheiter til å påverke og forme både innhaldet i rolla og utviklinga av tenesta, mellom anna gjennom arbeid med rutinar, arbeidsoppgåver, arbeidsmetodar og gjennomføring. Stillinga inneber rettleiing i heim der ein i samarbeid med føresette skal kartlegge utfordingar i kvardagen og vidare følge opp i høve støtte, rutinar, struktur, samspel og forståing av barn og unge sine regulerings- og åtferdsvanskar. Formålet med stillinga er å redusere belastninga i familien og førebygge meir inngripande tiltak som avlasting utanfor heimen. Stillinga er for deg som har bakgrunn som miljøterapeut i arbeid med barn og unge med særskilte behov. Stillinga er ein kombinasjon av rettleiing i heim og miljøarbeid på avlastingsbustaden. Arbeidsoppgåver: • Kartlegge utfordringane i kvardagen • Rettleie i tydeleg struktur og rutinar • Forutsigbar og visuell støtte • Regulere før korrigere • Støtte føresette i å forstå behova bak åtferd • Jobbe med foreldrestress og samregulering • Legemiddelhandtering • Legge til rette for og gjennomføre meiningsfulle aktivitetar tilpassa den enkelte sitt funksjonsnivå • Samarbeide med interne og eksterne instansar • Planlegge, følgje opp og evaluere tiltak • Oppdatere tiltaksplanar • Fagleg, etisk og trygg gjennomføring ved behov etter Helse- og omsorgstenesteloven kap. 9 • Journalføring i fagprogrammet Cosdoc • Matlaging, klesvask og anna førefallande arbeid krav til søkar: • Førarkort kl. B • Treårig bachelorgrad innan helse- og sosialfaglege utdanningar • erfaring frå miljøterapi med barn og unge, inkludert trygging, relasjonsbygging og strukturerte kvardagsrutinar • Må meistre godt norsk skriftleg og munnleg • Du må vere sjølvstendig samt kunne samarbeide Personleg egenskapar blir vektlagt. Vi søker deg som: • Er tolmodig og har eit ønske om å jobbe med barn og unge • Bidreg til eit positivt arbeidsmiljø og deler fagkunnskap med kollegaer • Er omsorgsfull, kan sette varme og tydelege grenser, og ser kvart enkelt barn Vi tilbyr: • Ein meiningsfull kvardag der du kan gjere ein skilnad • Eit inkluderande, fagleg sterkt og støttande arbeidsmiljø • Varierte dagar med mykje aktivitet og glede • Gode pensjons og forsikringsordningar Gyldig politiattest må leverast før oppstart i stilling. Velkommen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg! Link til søknadsskjema: Søk her
Vil du bidra til at fleire barn og unge får oppleve meistring, inkludering og fellesskap gjennom fritidsaktivitetar? Sogndal kommune har motteke tilskot frå Bufdir til å utvikle og styrkje tiltaket Aktivitetsguide. Me søkjer no ein engasjert aktivitetsguide i 100 % prosjektstilling fram til 31. desember 2026, med arbeidsområde i heile Sogndal kommune. Ein aktivitetsguide arbeider for å inkludere barn og unge som av ulike grunnar står utanfor organiserte fritidsaktivitetar. Målgruppa er barn og unge i alderen 6–19 år. Gjennom relasjonsbygging, rettleiing og samarbeid skal aktivitetsguiden bidra til at fleire får moglegheit til å delta i meiningsfulle aktivitetar og fellesskap. Arbeidsoppgåver • Vere støttespelar og rettleiar for barn, ungdom og familiar • Oppsøkje og følgje opp barn og unge som står i fare for å falle utanfor fritidsaktivitetar • Formidle informasjon om fritidstilbod og aktivitetar • Hjelpe barn og unge inn i organiserte fritidsaktivitetar • Vere bindeledd mellom aktivitetstilbydarar, familiar og offentlege tenester • Samarbeide tett med føresette, skular, frivillige lag og organisasjonar • Arbeide aktivt med inkludering av utsette grupper, mellom anna minoritetsspråklege, barn og unge med nedsett funksjonsevne og andre som treng ekstra støtte for å delta • Delta i tverrfagleg samarbeid med ungdomsavdelinga, utekontaktar, fritidskoordinator, rådgjevar innan folkehelse og andre relevante samarbeidspartnarar • Bidra til systematisk utviklingsarbeid, administrasjon, dokumentasjon og rapportering • Arbeide med brukarmedverknad og vidareutvikling av aktivitetsguideordninga • Bidra i søknads- og prosjektarbeid ved behov • Delta på aktivitetar og arrangement • Arbeid på dagtid, kveld og helg må påreknast Kvalifikasjonar • Høgare utdanning innan helse, sosialt arbeid, pedagogikk eller tilsvarande fagområde • Erfaring frå arbeid som aktivitetsguide • Relevant arbeidserfaring kan kompensere for delar av utdanningskravet • Erfaring frå arbeid med barn, unge og familiar er ønskjeleg • Erfaring frå inkluderingsarbeid, ungdomsarbeid eller folkehelsearbeid er ein fordel • God munnleg og skriftleg framstillingsevne • Erfaring frå prosjektarbeid og tverrfagleg samarbeid er ønskjeleg • Førarkort klasse B • Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing Personlege eigenskapar • Du er trygg, tydeleg og god til å byggje relasjonar • Du møter menneske med respekt, varme og engasjement • Du er strukturert, sjølvstendig og løysingsorientert • Du trivst med samarbeid og evnar å skape tillit på tvers av fagmiljø • Du har evne til å motivere og engasjere barn, unge og familiar Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt. Me tilbyr • Ei meiningsfull stilling der du får gjere ein forskjell for barn og unge • Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø • Moglegheit til å vere med og utvikle eit viktig tiltak for inkludering og deltaking • Løn etter avtale • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Gode velferdsordningar • Fleksibel arbeidstid og høve til kompetanseutvikling • 100 % prosjektstilling fram til 31. desember 2026, med moglegheit for forlenging Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. Link til søknadsskjema: Søk her