
Universitetet i Bergen · Bergen
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfun...
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Ved Institutt for helse, miljø og likeverd (HEMIL), Det psykologiske fakultet, er det ledig ei stilling som stipendiat i barnevernsarbeid. Åremålet er på fire år. Stillinga er finansiert av UiB og vil i utgangspunktet vere knytt til forskningsgruppa Barnevern, likeverd og inkludering (BLI). Oppstart i stillinga er seinast januar 2027.
HEMIL er eit tverrfagleg institutt som driv forsking og masterprogram på fagfelta barnevernsarbeid, helsefremjande arbeid og global utvikling. Instituttet er en del av Alrek Helseklynge ved Universitetet i Bergen (uib.no): Alrek helseklynge
Forskingsprosjektet skal generere kunnskap som kan vere av betydning for velferda til barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar. Relevans kan vere teoretisk, empirisk og/eller metodologisk. Prosjektet kan vere grunnforsking og treng ikkje vere anvendt forsking.
Prosjektet skal byggje på kvalitative metodar og må liggje innanfor eitt eller fleire av følgjande tematiske område:
Prosjektet må kvalifisere stipendiaten for opptak til fakultetet si organiserte forskarutdanning. Tilsetjing vil bli gjort på grunnlag av tidlegare utdanningsbakgrunn og akademiske arbeid, samt kvalitet og relevans av søknadsbrev og prosjektskildring. Prosjektskildring skal vere på maks. 5 sider.
Forskingsprosjektet til kandidaten skal utviklast og gjennomførast i samråd med minst ein hovudrettleiar frå instituttet. Moglege hovudettleiarar for prosjektet er førsteamanuensis Raquel Herrero-Arias og førsteamanuensis Lill Susann Ynnesdal Haugen. Prosjektet kan vere sjølvstendig eller knytt til rettleiaranes pågåande forsking. Det er ein føresetnad for søknad at søkjar tek tidleg kontakt med ein av dei moglege hovudrettleiarane for å drøfte prosjektidé og fagleg forankring. Endeleg organisering av rettleiarar avklarast ved tilsetjing.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Om stipendiatstillinga: Minst tre årsverk skal vere dedikert til doktorgradsarbeidet. Resten av tida blir sett av til anna karrierefremjande arbeid (undervising, rettleiing, sensur, m.m.) som skal bidra til at du kvalifiserer deg for relevante karrierar som krev forskingskompetanse. Det karrierefremjande arbeidet innan undervisning vil vere knytt til Masterprogrammet i barnevernsarbeid og Masterprogrammet i global development theory and practice. Du kan ikkje tidlegare ha vore tilsett i ein åremålsperiode som stipendiat ved Universitetet i Bergen.
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga. Dersom UiB ikkje har mottatt svar på søknad om eksportlisens innan 6-12 veker, vil eit eventuelt tilbod om tilsetting annullerast.
Om ph.d.-utdanninga: Som stipendiat skal du gjennomføre ph.d.-programmet ved Det psykologiske fakultet innan ei tidsramme på 3 år. Ved vurdering av dine kvalifikasjonar til stillinga vil du også bli vurdert for opptak til ph.d.-programmet.
Meir om ph.d.-utdanninga ved Det psykologiske fakultet finn du her.
Vi tilbyr: Vi tilbyr:
Søknaden skal innehalde:
Vedlegg må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk (attesterte omsetjingar ved behov). Det er søkjaren sitt ansvar å sikre at alle nødvendige dokument er lasta opp innan fristen.
Viktig: Søkjarar med utanlandsk utdanning må òg leggje ved stadfesting frå HK-dir (tidlegare NOKUT) på at utdanninga er vurdert som tilsvarande ein norsk mastergrad. Alternativt kan du leggje ved dokumentasjon frå HK-dir som stadfestar at dei har motteke søknaden din.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: instituttleiar: Professor Ellen Haug
Spørsmål om prosjektet, prosjektskildringa og fagleg forankring kan rettast til moglege hovudrettleiar:
Førsteamanuensis Raquel Herrero-Arias, Raquel.Arias@uib.no
Førsteamanuensis Lill Susann Ynnesdal Haugen, lill.s.haugen@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Livet som phd. Kandidat ved UiB
Veien til doktorgrad! Podkast om doktorgradsprosessen i barnevern av Nawar Sayyad.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAStipendiat i Henrik Ibsens forfattarskap ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier Vi søkjer ein motivert og fagleg sterk kandidat til ei stipendiatstilling i Henrik Ibsens forfattarskap ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE). Planlagd oppstart er 01.01.2027 eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år. Stillinga opnar for søknadar om prosjekt om Henrik Ibsens forfattarskap. Prosjektet skal munne ut i ei doktorgrad i anten teatervitskap, nordisk litteraturvitskap eller allmenn litteraturvitskap. Prosjektet skal vere plassert med omsyn til fagområde. I stillinga får du ein unik moglegheit til å utvikle deg innan fagfeltet, bidra til ny kunnskap på feltet og delta i eit stimulerande akademisk miljø. Om instituttet: Institutt for litterære, lingvistiske og estetiske studiar har kring 80 vitskapleg tilsette, 20 administrativt tilsette, rundt 40 ph.d.-kandidatar og 15 postdoktorar. Instituttet femner om faga allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske fag, kunsthistorie, nordisk litteratur, språk og fagdidaktikk, norrøn filologi, norsk som andrespråk, allmenn språkvitskap og teatervitskap. Instituttet er òg stolt vertskap for to senter, Senter for digitale forteljingar og Senter for norsk fagspråk, og for tre av dei viktigaste ordbøkene i Noreg. Om stipendiatstillinga og forskarutdanninga: Stipendiatstillinga har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid som krev særskild kompetanse. Stillinga har ein samla periode på fire år: • 2,5 år er sett av til arbeidet med doktorgradsprosjektet. • 1 år er sett av til karrierefremjande arbeid innan undervisning, formidling og administrasjon. Plan for denne delen av stillinga vert avtalt ved tilsetjing. • Som stipendiat blir du tatt opp i ph.d.-programmet ved Det humanistiske fakultet. Programmet inneheld ein opplæringsdel på 30 studiepoeng, som utgjer seks månadar av tilsetjingsperioden. Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar: Søkjaren må ha: • Norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad innan allmenn litteraturvitskap, nordisk litteraturvitskap, eller teatervitskap. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd innan søknadsfristen går ut. Annan grad enn norsk mastergrad blir vurderte etter krav frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. • Det er ein føresetnad at søkjarar kan arbeide med Henrik Ibsens verk på originalspråket. • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, kombinert med gode samarbeidsevner. Søkjarar vil bli vurderte etter opptakskrav frå Det humanistiske fakultet, sjå Ph.d.-programmets pkt. 2.1. Søkjarar må leggje fram ei prosjektskisse til eit forskingsprosjekt som skal munne ut i ei doktorgradsavhandling, saman med ein framdriftsplan for prosjektet. Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta, kor gjennomførleg dei skisserte prosjekta er, og dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane. Det vil vidare bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og personleg eignaheit. Hos oss får du: • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø. • Høve til å byggje sterke faglege nettverk. • Ein trygg og fleksibel arbeidskvardag med gode velferdsordningar. • Ein arbeidsstad i hjartet av Bergen – nær både byliv og natur. • Løn som stipendiat (stillingskode 1017), som for tida svarar til ei brutto årsløn på kr 593 700 i full stilling. Vidare lønsopprykk skjer etter ansiennitet i stillinga. • Medlemskap i Statens pensjonskasse, som inneber ei trygg tenestepensjonsordning, moglegheit for uføre- og etterlatnepensjon, og tilgang til gunstige bustadlån. Slik søkjer du stillinga: Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Følg stega i søknadsprosessen og legg inn følgjande: • Under «Søknadstekst»: Skriv ei kort utgreiing om dine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga. • Under «CV», oppgi: • Personalia. • Erfaringar og kvalifikasjonar (fyll inn dei seksjonane som er relevante for deg). Publikasjonar/vitskaplege produksjonar kan leggjast ved som separat dokument dersom ønskjeleg (publikasjonsliste). • Språkferdigheiter. • Minst to referansepersonar. Ein av desse må vere hovudrettleiaren for masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve. • Under «Vedlegg» skal du laste følgjande opp som separate dokument: • Prosjektskisse på inntil 12 000 teikn medrekna mellomrom (litteraturliste ikkje medrekna). Prosjektskissa skal tydeleg skildre det vitskapelege prosjektet, inkludert forskingsbakgrunn, hovudproblemstillingar, teori, metode, etiske aspekt og empiri som skal nyttast i prosjektet. Litteraturliste skal følgje prosjektskissa. • Framdriftsplan for prosjektet som tek omsyn til karrierefremjande arbeid og opplæringsdelen i ph.d.-programmet. • Karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Dersom desse ikkje er tilgjengelege via Vitnemålsportalen, skal dei lastast opp som vanlege filer. Dersom omfanget på masteroppgåva ikkje kjem fram av karakterutskrifta eller vitnemålet, må det leggjast ved stadfesting frå den gradgjevande institusjonen som opplyser om oppgåva sitt omfang i ECTS. • Kort samandrag av masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve (inntil tre sider). • Liste over eventuelle faglege publikasjonar (publikasjonsliste). • Inntil tre fullstendige faglege publikasjonar kan leggjast ved dersom aktuelt. • Relevante attestar som støttar opp under dine kvalifikasjonar, ferdigheiter, erfaringar eller eigenskapar. Søknadstekst, CV og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Namngje vedlegga tydeleg. Vurderingskomiteen kan i særskilde tilfelle be om ettersending av dokumentasjon. Aktuelle søkjarar vil bli inviterte til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her. Formelle reguleringar: • Kandidatar som tidlegare har hatt stipendiatstilling ved Universitetet i Bergen kan ikkje søkje stillinga. • Tilsetjingsperioden kan bli redusert for kandidatar som tidlegare har vore tilsett i ei rekrutteringsstilling ved ein annan institusjon. • Kandidatar som allereie har doktorgrad på fagområde som overlappar med utlysinga vil ikkje bli vurdert. • Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og følgjer gjeldande retningslinjer. Generell informasjon: Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte instituttleiar Anders Fagerjord på telefon 55 58 36 53 eller e-post: anders.fagerjord@uib.no Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no Internasjonalt senter ved UiB har informasjon om å flytte til Noreg for internasjonale søkjarar. Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering. Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivtsærbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Livet som ph.d.-kandidat ved UiB Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB. Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAStipendiat i fluidmekanikk Ved Matematisk institutt er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i fluidmekanikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til ERC Starting Grant-prosjektet OceanCoupling. Om prosjektet Vi søkjer ein høgt motivert og særleg talentfull ph.d.-stipendiat i fluidmekanikk til å leie forskingsoppgåver som har som mål å utvikle nye teoretiske rammeverk for koplinga mellom fleirskalastrømmar som involverer havoverflatebølgjer, submesoskala straumar, turbulens og vindpåverknad. Målet er å utleie svært nøyaktige og effektive teoretiske modellar ved å vidareutvikle nye rammeverk frå OceanCoupling-prosjektet, og å implementere modellane numerisk. For interesserte søkjarar må motivasjons- eller søknadsbrevet innehalde eit eige avsnitt om kvifor og korleis di forskingsbakgrunn og erfaring gjer deg særleg godt skikka for stillinga. Stillinga byr på svært gode moglegheiter for samarbeid med eksperimentelle partnarar og eksterne samarbeidspartnarar, og for deltaking på internasjonale konferansar og verkstader. Prosjektet vil støtte forskingsopphald og felles aktivitetar med samarbeidspartnarar knytt til forskingsoppgåvene. Arbeidsoppgåver Forskingsarbeidet vil omfatte teoretisk arbeid, utvikling av tilpassa numeriske skript og numeriske simuleringar for validering og utforsking av modellpotensialet. Forskingsresultat skal òg kome andre gruppemedlemmer til nytte, noko som inneber at brukartilpassa resultat og god dokumentasjon er ein naturleg del av det daglege arbeidet. Eit omfattande opplæringsprogram tilpassa relevante oppgåver vil bli tilbydd, særleg knytt til praksis i datahandteringsplanen for gruppa. Tilgang til høgkapasitetsrekneressursar og datasett frå laboratorieforsøk vil bli gitt for å støtte simuleringar og verifikasjon av modellen. Arbeidsoppgåvene omfattar: • Reprodusere og lære ein teoretisk modell for interaksjon mellom bølgjer og straum ved å setje riktige initial- og randvilkår som svar på vindpåverknad på havoverflata. • Utvide den nye bølgje- og straummodellen til å handtere brattare bølgjer og småskala turbulens. • Utvikle ein numerisk løysar som implementerer det nyutvikla teoretiske rammeverket ved bruk av grunnleggjande programmeringsspråk. Løysaren vil bygge vidare på eksisterande moduler utvikla i OceanCoupling-prosjektet. • Utvikle kode i programmeringsspråk som Fortran, Python og/eller MATLAB. • Validere og teste tilpassa skript og utføre numeriske simuleringar. • Jobbe tett og integrert med prosjektleiar (PI) og andre teammedlemmer, og rapportere jamleg om framdrift i forskinga. Kvalifikasjonar og eigenskapar • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i fluidmekanikk, teoretisk fysisk oseanografi, anvend matematikk, hydrodynamikk eller andre relevante fagfelt, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje. • Dokumentert gode karakterar i relevante emne som fluidmekanikk, rekning, matematikk, fysikk, mekanikk eller liknande er eit krav. • Dokumentert erfaring med utvikling eller numerisk implementering av teoretiske modellar i fluidmekanikk/teoretisk fysisk oseanografi som omhandlar overflatebølgjer eller interaksjon mellom bølgjer og straum, er ein fordel. • Erfaring med programmeringsspråk som Fortran, Python, C/C++ knytt til fysiske problem i fluidmekanikk er ein fordel. • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner. • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar Merk at brukarerfaring med kommersiell CFD software (som Fluent) ikkje er relevant for stillinga. Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane. Særeigne krav for stillinga UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga. For stillinga gjeldt følgande Om stipendiatstillinga: Stipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden. Om forskarutdanninga: Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen. Vi tilbyr • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø • Stilling som stipendiat (kode 1017) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr. 593 700 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. • Medlemsskap i Statens pensjonskasse • Gode velferdsordningar Søknaden skal innehalde • ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga • ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane. • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve. • CV • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål innan tilsetjing. • relevante attestar • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet) • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer) Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Generell informasjon Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: prosjektleiar førsteamanuensis Yan Li, eller instituttleiar Antonella Zanna Munthe-Kaas. For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Karoline Christiansen på karoline.christiansen@uib.no eller 55 58 47 70. Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering. Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her. Livet som ph.d.-kandidat ved UiB Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB. Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA Stipendiat Ved Det medisinske fakultet, Klinisk Institutt 2, er det ledig ei stilling som stipendiat (100 %) for ein periode på tre (3) år. Stillinga er knytt til prosjektet ” AIRE, IL-12 and interferon-g; Drivers of immune tolerance and T cell function” ”, finansiert av NFR. Om prosjektet/arbeidsoppgåver: • Prosjektet tar utgangspunkt i korleis AIRE, IL‑12 og IFN‑γ samarbeider for å etablere immunologisk toleranse i tymus, og korleis svikt i disse mekanismane kan føre til autoimmune sjukdommar. AIRE‑mutasjonar gir alvorleg autoimmunitet, og både musemodellar og pasientdata viser forstyrringar i IL‑12/IFN‑γ‑signalering. Prosjektet søker å forstå korleis disse faktorane påverkar tymus, T‑celleutvikling og immuntoleranse, og undersøker om målretta modulering av IL‑12/IFN‑γ‑aksen kan gjenopprette immunbalanse. Dette kombinerer grunnforsking, genetikk og translasjonell immunologi. • Stillinga inneber arbeid med avanserte musemodellar, inkludert en ny kombinert AIRE‑ og IL‑12‑defisient modell for å studere autoimmunitet. Du vil utføre analyser av tymus, T‑celler og perifere immunceller ved hjelp av flowcytometri, single‑cell RNA‑sekvensering og CODEX‑basert vevsavbildning. Arbeidet inkluderer også funksjonell karakterisering av genetiske variantar identifisert i pasientkohortar, samt testing av immunmodulerande legemidlar som påverkar IL‑12/IFN‑γ‑signalering. Kvalifikasjonar og eigenskapar: Søkjar må ha fullført mastergrad eller tilsvarende innen feltet molekylærbiologi, immunologi, cellebiologi eller biomedisin eller tilsvarende. • Kandidaten må ha dokumentert laboratorieerfaring frå eit molekylærbiologisk laboratorium. • Erfaring med relevante eksperimentelle metodar som flowcytometri, immunologiske analysar eller kvantitativ PCR vil bli vurdert som positivt. • Interesse for eller erfaring med dyreforsøk vil bli vurdert som positivt • Erfaring frå relevante forskingsprosjekt vil telje positivt • Den som vert tilsett må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha gode samarbeidsevner, • Evne og motivasjon til å gjennomføre eit doktorgradsprosjekt • God skriftleg og munnleg engelsk, sjå dokumentasjonskrav Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga. For stillinga gjeldt følgande: Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg leggje ved Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå https://hkdir.no/ for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå HK-dir kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din. Merk at den automatiske godkjenningsordninga til HK-dir ikkje er tilstrekkeleg. Søkjarar med nordisk utdanning, eller medisinutdanning frå EØS-området som har fått lisens til å arbeide som lege i Norge er unntatt kravet om HK-dir vurdering, sjå Opptakskrav | Det medisinske fakultet | UiB Sjå krav om engelsk-kunnskapar: http://www.uib.no/med/115525/krav-til-engelskkunnskaper-ved-opptak-til-phd-programmet Forskarutdanning (Ph.d.-programmet): Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal gå inn i eit godkjent opplegg for ein doktorgrad innafor ei tidsramme på 3 år, utan andre pålagde arbeidsoppgåver ved instituttet. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter start i stillinga. Opptak i fakultetet sitt ph.d.-program er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga. Stipendiatstilling: Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen. Undervisningsspråket er til vanleg norsk Vi tilbyr: • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø • Løn for tida kr 600 000 (kode 1017) i lønsregulativet til staten. For søkjarar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling er løn for tida kr 615 000 (For søkjarar som er autorisert som lege eller tannlege, må dokumentasjon på norsk autorisasjon leggjast ved søknaden). For søkjarar med spesialistutdanning er løna for tida kr 635 000 (For søkjarar som har spesialistutdanning, må det leggjast ved spesialistgodkjenning frå Helsedirektoratet.) • Medlemsskap i Statens pensjonskasse • Gode velferdsordningar Søknaden skal innehalde: • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga • Karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning) og relevante attestar • Søkjarar med utanlandsk utdanning (både bachelor og/eller master) må leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg leggje ved HK-dir si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå https://hkdir.no/ for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Har du ikkje fått svar innan søknadsfristen, kan du leggje ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din • Dokumentasjon på engelsk-kunnskapar • Ei fullstendig liste over publikasjonar og eventuelle andre faglege arbeid du vil det skal takast omsyn til • Eventuelle publikasjonar (pdf) • To referansar (namn og kontaktinformasjon) Generell informasjon: Nærare opplysingar om stillinga kan ein få ved å kontakte Bergithe E. Oftedal, e-post: bergithe.oftedal@uib.no Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her. Livet som ph.d.-kandidat ved UiB Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB. Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5