Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Ved Geofysisk Institutt (GFI), Universitetet i Bergen, er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i klimadynamikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid, til dømes undervisning, avhengig av behova ved instituttet. Den som blir tilsett, vil vere ein del av NorCPMNext, eit strategisk prosjekt ved Bjerknessenteret for klimaforsking (BCCR) som har som mål å vidareutvikle sub-sesong- til sesongprognosar for regionalt klima og ekstreme hendingar ved hjelp av hybride fysikk-KI-modellar.
Det er eit aukande behov for sub-sesong- til sesongprognosar (S2S; 2 veker til 12 månader) for regionale klimarelaterte farar og ekstremhendingar som hetebølgjer, kraftig nedbør og ekstreme sjø-isforhold, på grunn av dei store miljømessige, samfunnsmessige og økonomiske konsekvensane desse kan ha. Fysikkbaserte jordsystemmodellar og system for klimaprognosar dannar grunnlaget for moderne klimaførehandsvarsling, men det er berekningsmessig kostbart å køyre dei med oppløysingar som er relevante for konsekvensanalysar. Kunstig intelligens (KI) gir nye moglegheiter for å overvinne denne avgrensinga. Samstundes viser svakheitene ved reint datadrivne metodar, særleg for lengre prognosehorisontar, at det er behov for å kombinere KI med fysikkbaserte modellar. Hybrid fysikk-KI-modellering er derfor i ferd med å bli ein lovande veg mot nøyaktige, fysisk konsistente og effektive klimaprognosar.
Dette ph.d.-prosjektet vil fokusere på KI-basert nedskalering av klimamodellresultat med grov oppløysing for å gi handlingsretta klimainformasjon på regionalt og lokalt nivå. Dei resulterande høgoppløyste prognosane vil bli nytta i brukerretta casestudiar som vurderer risiko knytt til ekstreme hendingar i Noreg. På denne måten vil prosjektet demonstrere potensialet i neste generasjons hybride fysikk-KI-system for klimaprognosar.
Arbeidet vil bli gjennomført i tett samarbeid med vitskaplege partnarar i NorCPMNext, eit strategisk prosjekt som involverer Universitetet i Bergen, NERSC (Nansen Environmental and Remote Sensing Centre) og NORCE (Norwegian Research Centre). Universitetet i Bergen tilbyr eit internasjonalt arbeidsmiljø gjennom BCCR, det største klimaforskingssenteret i Norden og eitt av dei leiande sentera i Europa, med om lag 200 forskarar frå 37 land.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Om stillinga som ph.d.-stipendiat
Stipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga
Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi kan tilby
Søknaden skal innehalde:
Søkjarar er velkomne til å ta kontakt med prosjektrettleiarane for å drøfte søknaden sin.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Dr. Francine Schevenhoven (francine.schevenhoven@uib.no) og professor Camille Li (camille.li@uib.no).
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Magnus Larsen (magnus.larsen@uib.no).
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, økonomisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Bergen