Hoppa till huvudinnehållet
Fjord1 - Maritim Drift logo
Ledigt jobb

Matros i 3:3 turnus

Fjord1 - Maritim Drift
  • OrtBjørnafjorden
  • Omfattning–
  • Sista ansökan2 dagar kvar
  • Publicerad6 okt.

Om tjänsten

Fjord1 søker ein matros i sambandet Halhjem - Våge, trafikert av vår moderne elektriske ferje MF Kommandøren. ​​​

​

På dette sambandet jobbar ein døgnskift - du er om bord eitt døgn og har eitt døgn fri i ein periode på 3 veker, deretter har du 3 veker samanhengande fri. I samband med skiftordninga bør ein bu innanfor rimeleg reiseveg til Halhjem eller Våge, då rederiet ikkje har bufasilitetar det døgnet ein har fri.

Som matros blir du ein del av eit dyktig team som sørgjer for trygg og effektiv drift. Du handterer lasting og lossing på ein sikker måte, held utkikk

og bidreg til vedlikehald som sikrar at alt fungerer som det skal. Hos oss får du ein variert kvardag saman med gode kollegaer.

Med kort reisetid – kun 30 minutt frå Bergen til Halhjem – er det enkelt å få ein god balanse mellom jobb og fritid.

Ønskeleg med oppstart så snart som mogleg. Vi tilset kandidatar fortløpande.

Arbeidsoppgåver​

  • Billettering, bruvakt og forefallande arbeid om bord
Alterneringsplikt mellom dekk og maskin
Arbeidsoppgåver som vert pålagt av næraste overordna
Oppgåver knytt til alarminstruks
Verne- og miljøarbeid
Kundehandsaming

Kvalifikasjonar​

  • Fagbrev matros eller nok fartstid til å mønstre matros
Ferdigheitssertifikat grunnleggande sikkerheitsopplæring
Krise- og passasjerhandtering
Gyldig helseerklæring
Skandinaviske språkkunnskaper muntleg og skriftleg

Rederiet dekkjer kurs i krise- og passasjerhandtering for den som er aktuell for stillinga.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter ein påliteleg og løysingsorientert matros som trivst med samarbeid, men som òg kan ta ansvar og jobbe sjølvstendig når situasjonen krev det. Du set alltid sikkerheit og service først, har evna til å tenkje raskt og finne gode løysingar, og viser vilje til å lære og stå på når det trengst.

Vi tilbyr​

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjømannsforbund.
Døgnskift: 1 døgn om bord, 1 døgn fri i ein periode på 3 veker, etterfulgt av 3 veker fri.
Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø.
Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar.
Reise er ikke dekket.
Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår.

KontaktinformasjonBenedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.no

ArbeidsstedHalhjemsvegen 275

5208 Os

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Fjord1 - Maritim Drift

Referansenr.: 5191546298

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 21.10.2026