
Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester · Bjørnafjorden
Tilrettelagt tenester har ledige helgestillingar frå snarast: - 15% - 30% faste stillingar Stillingane er i turnus, med variable vaktlengder, enten kvar 2,3...
Tilrettelagt tenester har ledige helgestillingar frå snarast:
Stillingane er i turnus, med variable vaktlengder, enten kvar 2,3, eller 4. helg. Spesifiser i søknad kva vaktordning du ønskjer.
Tilrettelagte tenester er for born, unge og vaksne med ulike funksjonsnedsettingar:
Tenesta for vaksne består av 9 bufellesskap (Os /Fusa), 2 dagsenter i tillegg til tenester i heim :
Tenesta som gjeld for barn og unge er tilrettelagt heildøgns omsorgstilbod, på institusjon og i heim :
Arbeidsoppgåver
Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane, der det er lagt vekt på god livskvalitet, brukarmedverknad og førebygging. "Kva er viktig for deg", skal spegla seg i ord og handlingar og stå sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar. Vi skal sikre at kvar enkelt får den bistand vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar. Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.
Kvalifikasjonar
Til helgestillingar ønskjer vi også rekruttere deg som er student innan helse, sosialfagleg eller pedagogisk utdanning. Andre søkjarar med relevant utdanning eller erfaring kan også bli vurdert. Vi søkjer og deg som er ufaglært, men har interesse for å jobbe med menneske, og som på sikt kunne tenke deg å ta ei relevant utdanning. Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk. Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar.
Det vert lagt stor vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar.
Søkjarar over 18 år vil bli prioritert.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Vi tilbyr
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
Ønskjer du bruka noko av sommaren til å skaffa deg spanande praksis og ein meiningsfull feriejobb? Vi treng ferievikarar i månadane juni, juli og august. Det kan og vere aktuelt med oppstart eller opplæring før juni for dei som har høve til dette. Skriv i søknaden din kva periode som er aktuelt for deg å jobbe kva avdelingar, og gjerne om det er på Os eller i Fusa. Vikarar som kan jobbe samanhengande, helst 4 veker, og dekke eit størst mogleg tidsrom av sommaren, vil bli prioritert. Tilsetjing vil verta gjort fortløpande så vi oppmodar deg om å sende inn søknad snarast. Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune gjev tenester til born, unge og vaksne med ulike funksjonsnedsettingar. Arbeidsstader: Tenesta for vaksne består av 9 bufellesskap (Os /Fusa), 2 dagsenter i tillegg til tenester i heim : - Hellemyra bufellesskap- (Fusa) - Torsneset bufellesskap - (Fusa) - Fusa butenester (tenester i heim) -(Fusa) - Kuhnletunet bustader - Vestre Lurane bufellesskap - Bolig Moberg bufellesskap - Idrettsvegen bufellesskap - Bjørnefjorden bufellesskap - Søfteland bufellesskap Tenesta som gjeld for barn og unge er tilrettelagt heildøgns omsorgstilbod, på institusjon og i heim : - Varafjell avlastningssenter - Os avlastning (tenester i heim) - Fusa avlastning (tenester i heim) - (Fusa) Dersom du har bestemte ønskjer om avdeling, er det viktig at du set det opp i prioritert rekkefølgje i søknaden. Kvalifikasjonar: • Som ferievikar ønskjer vi at du har helsefagleg utdanning eller er i eit helsefagleg- sosialfagleg- eller pedagogisk utdanningsløp • Du er engasjert, trygg, omsorgsfull og har interesse for å arbeide med menneske • Det er ønskje om fylt 18 år, men ikkje eit krav • Bilsertifikat kl. B kan vera nødvendig i jobb ved nokre avdelingar. Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest Vi kan tilby • Meiningsfull sommarjobb som vil gje deg nyttig og verdifull arbeidserfaring med rom for faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø • Løn: -Løn etter gjeldande avtalar, med eigen avlønning for studentar med relevant utdanning -Ekstra tillegg for arbeid på natt -Ekstra godgjersle: Eininga kan tilby frivillig bonusavtale for sommarvikarar der det er aktuelt. Vilkår for bonusopptening er arbeid i 100% turnusstilling som sommarvikar i 5 samanhengande veker, med minimum 40 timar på helg. Storleik på bonus varierer med fagkompetanse og utgjer mellom kr.10.000,- og 30.000,- • Ulike vaktordningar kan bli aktuelt, som t.d langvakter • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring Vi ser fram til å høyra frå deg ! Til informasjon, er det kun aktuelle søkjarar som vil bli kontakta og kalla inn til intervju. Tilsetjing skjer fortløpande etterkvart som avdelingane er ferdig med å planleggja ferieavviklinga. Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det. Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. Link til søknadsskjema: Søk her
Vil du gjere ein skilnad for barn og unge med særskilde behov? Bømlo kommune søkjer trygge og engasjerte personer som ønskjer å bidra i kvardagen til barn og unge som har behov for støtte, aktivitet eller avlastning. Dette er små stillingar og oppdrag som kan passe godt ved sidan av studiar, skule, anna arbeid eller for deg som har litt tid til overs – men først og fremst er det ei moglegheit til å vere ein viktig person i eit barn eller ein ungdom sitt liv. Me tek imot søknader fortløpande og ser fram til å høyre frå deg! Arbeidsoppgåver Som fritidskontakt, privat avlastar eller miljøarbeidar kan du mellom anna: • Vere med på fritidsaktivitetar og skape gode opplevingar. • Bidra til ein trygg og meiningsfull kvardag. • Gi avlasting til familiar. • Støtte utvikling, meistring og sosial deltaking. Oppdraga vert tilpassa det enkelte barnet og familien, og vert avtalt i tett samarbeid med sosiale tenester barn og unge i Barne og Familietenesta. Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast. Kvalifikasjonar • Me oppmodar deg som er 16 år eller eldre til å søkje. Søkjarar over 18 år med førarkort for bil vil bli prioriterte. • Relevant erfaring eller utdanning er ein fordel, men ikkje eit krav - personleg eignaheit er det viktigaste. Personlege eigenskapar Me søkjer deg som: • Er trygg, omsorgsfull og til å stole på. • Har lyst til å vere saman med og bety noko for barn og unge. • Er fleksibel, ansvarsbevisst og positiv. • Kommuniserer og samarbeider godt med barnet/ungdommen, familien og tenesta. I vurderinga av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga. Me tilbyr • Eit meiningsfullt oppdrag der du verkeleg gjer ein skilnad. • Rettleiing og støtte undervegs. • Løn etter gjeldande avtalar. • Fleksible oppdrag som kan tilpassast din kvardag. Andre opplysingar Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5.4a / § 5.4. Utlysinga omfattar ulike typar oppdrag og stillingar. Avtaleform og vilkår vert avklarte konkret før oppstart. • Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn. • Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25. Synest du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar som stadfestar tidlegare arbeidsforhold. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med avdelingsleiar Gro Marita. KontaktinformasjonGro Marita Våge Tulloch, Avdelingsleiar ved sosiale tenester barn og unge, 468 92 130 ArbeidsstadLeirdalen 1 5430 Bremnes Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Bømlo kommune Referansenr.: 5147211053 Stillingsprosent: 10% Engasjement Søknadsfrist: 18.11.2026
Om stillinga Har du kunnskap om eller bakgrunn i arkivfag eller historie? Har du lyst til å jobbe med ordning av arkiv med stor historisk verdi? Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD) søkjer ein prosjektleiar til prosjektarbeid i to år. Stillinga passar for deg som liker systematisk arbeid, og som har interesse for og innsikt i statsforvaltninga og kjennskap til arkivfaglege prinsipp. KUD skal ordne papirarkiva sine og lyser derfor ut ei stilling som prosjektleiar. Prosjektgruppa skal ha ein prosjektleiar, ein til to prosjektmedarbeidarar og ein til to studentar. Arbeidsstaden vil hovudsakleg vere Nasjonalarkivet på Sognsvann. Oppstart etter avtale. Målet for prosjektet er at papirarkiva til KUD skal leverast til Nasjonalarkivet. Arkiva skal ordnast og listeførast i tråd med gjeldande lovkrav og retningslinjer for offentlege arkiv. Arbeidsoppgåver • organisere og leie prosjektet • sørgje for at arkiva kan leverast til Nasjonalarkivet • sakshandsaming innanfor ansvarsområdet til stillinga • delta i samarbeidsmøte med, og rapportere til, departementet • utarbeide bevarings- og kassasjonsvurderingar i samarbeid med departementet Kvalifikasjonar Du må ha: • relevant høgare utdanning frå universitet/høgskule (minimum bachelornivå), til dømes i arkiv- og dokumentasjonsforvaltning, samfunnsvitskap eller historie. • Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet • relevant erfaring med ordning av papirarkiv • erfaring frå prosjektleiing eller deltaking i prosjektretta arbeid • kunnskap om relevant lovverk • gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar • god rolleforståing Det er ein fordel om du har erfaring frå arkiv i offentleg sektor, og gjerne frå departementsarkiv Søkjarar må kunne autoriserast til nivået «BEGRENSET» i tråd med sikkerhetsloven Vi søkjer deg som: • er løysingsorientert med høg gjennomføringsevne • har evne til å arbeide sjølvstendig og gode samarbeidsevner • er strukturert og har evne til å planleggje og gjennomføre større komplekse prosessar • er initiativrik og er ein positivt bidragsytar til arbeidsmiljøet • har stor arbeidskapasitet og evner å drive arbeid framover på ein strukturert måte Vi bruker bakgrunnssjekk frå Semac i rekrutteringsprosessane våre, og godkjend bakgrunnssjekk er ein føresetnad for tilsetjinga. Den som blir tilsett i stillinga, må kunne autoriserast for tilgang til informasjon som er gradert som BEGRENSET etter sikkerhetsloven. Vi tilbyr • ein spennande jobb med eit svært interessant arkiv som dokumenterer verksemda til KUD • moglegheit for sjølvstendig arbeid • eit godt arbeidsmiljø og arbeidsplass på Sognsvann • gode forsikrings- og pensjonsordningar, med automatisk medlemskap i Statens pensjonskasse • fleksibel arbeidstid • moglegheit til å trene i arbeidstida • eiga bedriftshelseteneste Stillingskode og lønn: • 1113 Prosjektleiar • Årslønn frå kr 660 000 til kr 870 000, avhengig av erfaring og kvalifikasjonar. Kultur- og likestillingsdepartementet er del av eit departementsfellesskap som er miljøsertifisert, og vi jobbar aktivt og systematisk med berekraftsansvaret i sektorane våre. Inkluderande arbeidsliv og mangfald Vi meiner at mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse og livserfaring og ulike fagkombinasjonar og perspektiv slik at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. Kultur- og likestillingsdepartementet har som mål å tilsetje fleire personar frå underrepresenterte grupper. Les meir om krava for positiv særbehandling på Arbeidsgiverportalen. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har særskilde behov. Aktuelle tiltak kan til dømes vere å skaffe tekniske hjelpemiddel, tilpasse møblar eller endre rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid. Offentleg søkarliste og kontakt Dei som søker, må vere merksame på at opplysningar om dei kan bli offentleggjorde sjølv om søkarane ber om ikkje å bli oppførte på den offentlege søkarlista. Departementet vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkarlista før ho blir offentleggjord. Vil du vite meir om stillinga, kan du ta kontakt med Ida Tobro, kontorsjef, på e-post: ida.tobro@kud.dep.no Om avdelinga og seksjonen Administrasjonsavdelinga utviklar system for styring og fastset overordna retningslinjer for ei effektiv og samordna leiing og drift av departementet. Avdelinga tek seg av administrative saker og ser til at departementet blir styrt i samsvar med gjeldande lover og reglar. Forvaltningsseksjonen har ansvaret for drift og utvikling av arkiv og dokumentforvaltning i departementet, oppfølging og utvikling av IKT og andre fellestenester og generelle driftsoppgåver. Seksjonen har òg ansvar for førebyggjande tryggleik og beredskap. Eininga for dokumentasjon har ansvaret for dagleg drift og utvikling av arkiv og dokumentasjonsforvaltning i departementet og skal sørgje for at rutinar og dokumenthandtering er i tråd med gjeldande reglar og instruksar.