Os vidaregåande skule tilbyr fem yrkesfaglege utdanningsprogram: bygg- og anleggsteknikk, elektro- og datateknologi, helse- og oppvekstfag, sal, service og reiseliv og teknologi- og industrifag. I tillegg har vi landsliner innan anleggsteknikk og yrkessjåfør, påbygg til generell studiekompetanse og særskilt tilrettelagt opplæring. Skulen har om lag 500 elevar og 105 tilsette.
Skulens elevsyn er å møta eleven med respekt, fleksibilitet og ei positiv innstilling. Vår visjon byggjer på formålsparagrafen til opplæringslova:
Vi jobbar med samfunnets viktigaste verdi og bidreg til ei god framtid gjennom å utvikla sosialt kompetente og fagleg dyktige elevar og lærlingar for vidare liv, utdanning og yrke.
Gjennom skuleåret treng skulen ein eller fleire tilkallingsvikarar som kan arbeida som fagarbeidar i tilrettelagde elevgrupper. Vikarane vert tilkalla om fagarbeidarar vert borte frå arbeid eller om skulen mellombels må auke bemanninga i korte periodar. Fagarbeidarane skal arbeida i mindre grupper med inntil åtte elevar og i samarbeid med fleire fagarbeidarar og lærarar.
ArbeidsoppgåverStøtta faglærar i undervisinga av elevar med trong for særskilte pedagogiske, sosiale og helsemessige tilpassingar
Delta i opplæringsaktivitetar i klasserom, gymsal, på kjøkken, i verkstader og utandørs eller på andre arenaer.
Gjennomføra og/eller ta ansvar for sosiale eller helserelaterte tenester for elevane i skuletida, i tråd med elevane si trong
Samarbeida med andre fagarbeidarar og lærarar om å planleggja og gjennomføra undervising i tråd med individuelle opplæringsplanar.KvalifikasjonarYnskjeleg med utdanning innan helsefag, barne- og ungdomsfag, miljøarbeid eller anna relevant utdanning
Ynskjeleg med erfaring knytta til arbeid med ungdom og/eller menneske med nedsett funksjonsevnePersonlege eigenskaparSøkjaren må vera fleksibel og ha høve til å arbeida i heile eller deler av veka.
Søkjaren må ha ei god evne til samarbeid og vera personleg eigna til arbeid med ungdom.
Eit aktivt og stimulerande profesjonsfellesskap
Nært samarbeid med kollegaer
Ein god delingskultur og ei positiv innstilling
Løns- og arbeidsvilkår fastsett i lova og avtaleverket
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Skulen tek atterhald om at trongen ikkje vert endra fram mot skulestart. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova §25.2.ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.
Administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk.
Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månadar. Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest.
KontaktinformasjonLars Arne Nilssen, avdelingsleiar, 93897988
ArbeidsstadKolskogheiane 14
5210 Os
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5166821128
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Startdato: 31.08.2026
Søknadsfrist: 14.09.2026
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Bjørnafjorden