
Bømlo kommune · Bømlo
Bømlo kommune søker tilkallingsvikarar til lærer- og miljøpersonaloppgaver ved kommunens grunnskoler for skoleåret 2026/2027.
Bømlo kommune søker tilkallingsvikarar til lærer- og miljøpersonaloppgaver ved kommunens grunnskoler for skoleåret 2026/2027.
Bømlo kommune har behov for tilkallingsvikarar for både undervisningspersonale (lærarar), miljøarbeidarar (assistentar) og miljørettleiarar i grunnskulane gjennom skuleåret 2026/2027.
Kommunen må etter Opplæringslova § 17-7 leggja til rette for at skulane har tilgang på vikarar, og denne stillingsutlysinga vil fungera som ein «vikarpool». Vikarbehovet oppstår ofte på kort varsel og variera mellom skulane. Det kan òg bli aktuelt med tilsetjing i kortare vikariat.
Om skulane
Det er åtte grunnskular i Bømlo. Fem av desse er barneskular, ein er rein ungdomsskule og to er kombinerte barne- og ungdomsskular. Storleiken varierer frå ca 75 elevar på dei minste skulane, til ca 350 elevar på dei største. Fleire opplysningar om grunnskulane og kontaktopplysningar finn du på skulane si heimeside: Skulane i Bømlo
Søknadsprosess:
Me tek i mot søknader fortløpande. Du vil i søknaden få spørsmål om kva type vikarstilling (lærar/miljøpersonale) du søkjer og om du er interessert i kortare vikariat. Aktuelle kandidatar vil bli kontakta av den einskilde skule då alle rektorane vil ha oversikt over inkomne søknadar.
Arbeidsoppgåver
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
I vurderinga legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon.
Me tilbyr
Høyrest dette ut som noko for deg? Send søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga, kontakt rektorar på dei skulane du ynsker å vera vikar på.
KontaktinformasjonKari Østensen, Rektor v/Svortland skule, 993 86 606
Maryann Steinsbø, Rektor v/Gilje skule, 992 77 987
Olaug Norenes Hovda, Rektor v/Våge skule, 404 64 340
Joakim Lund, Rektor v/Moster skule, 930 08 438
Torunn Hatlevik, Rektor v/Hillestveit skule, 934 61 743
Christin Klubben, Rektor v/Bremnes ungdomsskule, 957 74 456
Tone Baugstø, Rektor v/Rubbestadneset skule, 990 34 994
Katrine Hausberg, Rektor v/Meling skule, 958 35 391
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Bømlo kommune
Referansenr.: 5152923081
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 10.08.2026
Sluttdato: 18.06.2027
Søknadsfrist: 18.06.2027
Om stillinga Har du eit ønske om å arbeide som vikar som assistent eller fagarbeidar på skule, SFO eller barnehage i Sveio kommune? Arbeidsoppgåver Barnehage: • Delta aktivt i det pedagogiske arbeidet og bidra til planlegging, gjennomføring og evaluering av aktivitetar. • Skape trygge, inkluderande og stimulerande leike- og læringsmiljø for borna. • Rettleie og støtte barn i sosiale situasjonar, leik og konflikthandtering. • Følgje opp enkeltbarn sine behov i samarbeid med pedagogisk leiar/lærarar og andre tilsette. • Medverke i daglege rutinar som måltid, påkledning, bleieskift, kvile og leik. • Observere og dokumentere borna sin trivsel og utvikling. • Samarbeide tett med kollegaer for å sikre god kvalitet og eit heilskapleg pedagogisk tilbod. • Bidra til et godt foreldresamarbeid gjennom dagleg dialog og informasjon. • Delta i møter, planleggingsarbeid og kompetanseheving. • Sørgje for et trygt, helsefremmjande og ryddig miljø i samsvar med barnehagens rutinar og retningslinjer. Skule: • følgje opp enkeltelevar og elevgrupper i samarbeid med andre tilsette på skulen • ha ansvar for elevar i undervisning og friminutt og elevgrupper på SFO • bidra til å styrke elevmiljøet ved skulen • samarbeide med tilsette og føresette ved behov Kvalifikasjonar • Du snakkar og skriv godt på norsk. • Levere godkjent politiattest ved oppstart. Personlege eigenskapar Personlege eigenskapar som vil bli lagt vekt på er: • roleg og trygg framferd ovanfor både barn og vaksne • evne og vilje til å skape verdfull aktivitet • god helse som taklar ver og vind og deltaking i leik og aktivitet • gode samarbeidsevner • evne til positiv kommunikasjon • er motivert, kreativ, godt humør og kunne undre seg saman med barna • har god relasjonskompetanse og god omsorgsevne • kan arbeide sjølvstendig, være løysingsorientert og vise fleksibilitet i arbeidet Vi tilbyr Utfordrande og lærerikt arbeid i eit engasjert og fagleg kompetent arbeidsfellesskap Eit fagmiljø under utvikling som du får vere med å påverke og utvikle Løn etter avtale, og gode pensjons- og forsikringsordningar
Stend vidaregåande skule har om lag 550 elevar innan naturbruk, idrettsfag, sal, service og reiseliv, påbygging til generell studiekompetanse og klassar med redusert elevtal. Skulen ligg vakkert til ved Fanafjorden i Bergen kommune og har om lag 200 tilsette. Stend vidaregåande skule arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen og studietilbodet, slik at tilbodet til den einskilde eleven skal bli best mogleg. Skulen har store ambisjonar, og har som mål å vere leiande innanfor dei programområda skulen tilbyr. Stend har fokus på læring gjennom praksis og tett samarbeid med næringslivet. Skulen har for tida 10 klassar med redusert elevtal innan yrkesfagleg grunnutdanning, arbeidstrening og kvardagslivstrening. I tillegg gjev skulen nokre elevar opplæring gjennom individuelle tiltak Arbeidsoppgåver 100% mellombels stilling med praktisk og teoretisk undervisning i programområde VG1 og VG2 naturbruk. Undervisninga vil være knytt til klassar med fokus på anleggsgartnararbeid som m.a. planter, stein og maskin- og reiskapsbruk. Det kan bli aktuelt med kontaktlærarfunksjon i tillegg til undervisning. Du samarbeider med kollegaer og leiing i profesjonsfellesskapet, og med opplæringskontor og næringsliv om praksis i bedrifter for elevane. Kvalifikasjonar Relevant fagleg og pedagogisk kompetanse i det ein skal undervise i. Fagbrev innan anleggsgartnarfaget er eit ønske, men ikkje eit krav. Dokumentert opplæring innan reiskapsbruk og sertifikat på maskiner som traktor, gravemaskin og/eller hjullaster er ønskeleg. Relevant erfaring kan vege opp for manglande teoretisk kompetanse Personlege eigenskapar Du er inkluderande og oppteken av verdien av mangfald. Du har gode ferdigheter innan relasjonsbygging Du er engasjert og positiv, og legg til rett for variert undervisning. Du tek initiativ til samarbeid og er ein aktiv deltakar i profesjonsfellesskapet, men er òg sjølvstendig i eige arbeid. Du trivst i eit hektisk arbeidsfellesskap med elevar, miljøarbeidarar, lærarar og andre i laget rundt eleven. Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting. Du som skal tilsettast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest. Vi tilbyr • Løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov og avtaleverk. Gode forsikrings- og pensjonsordningar. Stend er ein arbeidsplass med godt sosialt miljø og stor fagleg breidde, der du vert inkludert i eit aktivt og positivt miljø. Andre opplysningar: Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. KontaktinformasjonTorbjørn Litlere, avdelingsleiar, 40488885 ArbeidsstadFanavegen 249 5244 Fana Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5147284700 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 01.08.2026 Sluttdato: 31.07.2027 Søknadsfrist: 27.07.2026
Dette er ei fellesannonse for oppvekstsektoren i Sykkylven kommune der du som ønskjer å vere tilkallingsvikar i kommunen skule-/barnehageåret 2026/2027 kan melde di interesse. Denne stillingsannonsa gjeld for kommunale skular og barnehagar i Sykkylven. Aktuelle søkjarar vil bli kontakta ved behov. Vi ber om at du opplyser i søknaden om kva arbeidsområde du søkjer på. Søkjer du på fleire arbeidsområde, ber vi deg sette opp ei prioriteringsliste. Vi ber deg også opplyse om kva tidsrom du kan arbeide. Tilsettingsform og stillingsstorleik vil kunne variere. Skular: • Nye Aure barneskule og SFO • Sørestranda skule og SFO • Sykkylven ungdomsskule - og opplæringssenter Barnehagar: • Blakstad naturbarnehage • Ullavik barnehage • Vikedalen barnehage Kvalifikasjonar • Vi søkjer assistentar, fagarbeidarar i barne- og ungdomsarbeidarfaget, barnehagelærarar, lærarar m.v • I samsvar med lova vert det stilt krav om politiattest av ny dato, ikkje eldre enn tre - 3 - månadar Personlege eigenskapar • Gode samarbeidsevne • Engasjert, tolmodig og påliteleg • Evne til å arbeide sjølvstendig • Fleksibel og endringsvillig Vi tilbyr • Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk • Løn etter kvalifikasjonar Offentlegheit: Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd. KontaktinformasjonKjersti Hovet, Einingsleiar Aure barneskule/SFO, 92029381, kjersti.hovet@sykkylven.kommune.no Monica Hjelmevoll, Avdelingsleiar Aure barneskule, 47668301, monica.hjelmevoll@sykkylven.kommune.no Svein Arne Nakken, Avdelingsleiar Aure barneskule, 90793343, svein.nakken@sykkylven.kommune.no Janne Marstrander, SFO-leiar Aure barneskule, 95018853, janne.marstrander@sykkylven.kommune.no Randi Løseth Aasen, Einingsleiar SUSK, 95184367, randi.loseth@sykkylven.kommune.no Therese Lefdalsnes Hole, Assisterande rektor SUSK, 47670915, therese.lefdalsnes.hole@sykkylven.kommune.no Clara Aarseth-Strømmegjerde, Avdelingsleiar oplæringssenteret, 46954158, clara.strommegjerde@sykkylven.kommune.no Knut Orre, Einingsleiar Sørestranda skule/SFO, 99522440, knut.orre@sykkylven.kommune.no Steinar Klokk, Einingsleiar barnehagar, 95972727, steinar.klokk@sykkylven.kommune.no Randi Ludviksen Hole, Styrar Ullavik barnehage, 95294767, randi.hole@sykkylven.kommune.no Berit Hanken, Styrar Blakstad barnehage, 91898760, berit.hanken@sykkylven.kommune.no Heidi Rasmussen Aurdal, Vikar styrar Vikedalen bhg, 48268321, heidi.aurdal@sykkylven.kommune.no ArbeidsstadKyrkjevegen 62 6230 Sykkylven Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sykkylven kommune Referansenr.: 5117073158 Stillingsprosent: 0% Vikar Søknadsfrist: 17.05.2027