Om tjänsten
Vi søker no etter ein 1.maskinist til sambandet Arsvågen–Mortavika, p.t. MF Raunefjord.
Arbeidsordninga er dagskift, 2 veker på og 2 veker fri, med ei arbeidsveke på 85 timar. Du kan reise heim etter endt vakt, men det er og mogleg å bu om bord dersom du ønsker det. Dette er ei ordning som gir god balanse mellom jobb, familieliv og fritid.
I rolla som 1. maskinist har du eit stort ansvar i drifta av fartøyet og fungerer som maskinsjefen sin stedfortredar. Her får du moglegheit til å utvikle deg vidare innan maskinfaget og bygge kompetanse på gassfartøy – ei erfaring som er ettertrakta. Du vil her jobbe på eit av dei mest trafikkerte ferjesambanda, i ein travel, men trygg kvardag med godt samarbeid.
Oppstart er så snart som mogleg, men endeleg oppstartstidspunkt vert avtalt nærare.
Aktuelle kandidatar blir vurderte og tilsette fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Vedlikehalde av maskineri/komponentar i henhald til AMOS vedlikehaldssystem.
Kvalifikasjonar
- Kompetansesertifikat M2
Fjord1 dekker IGF kurs og krise-/og passasjerhandtering for aktuelle kandidatar.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein sjølvstendig, og løsningsorientert 1.maskinist med teknisk innsikt, og god kommunikasjonsevne. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjørande. Vi ser etter ein fleksibel og løysingsorientert person som trives med ein variert arbeidskvardag.
Vi tilbyr
- Konkurransedyktig løn etter lokale protokollar, med gode tillegg og ordna arbeidsvilkår.
KontaktinformasjonBenedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.no
ArbeidsstedE39
5561 Føresvik
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Fjord1 - Maritim Drift
Referansenr.: 5195066327
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.10.2026