Hoppa till huvudinnehållet
  • OrtBygland
  • Omfattning–
  • Sista ansökan16 dagar kvar
  • Publicerad30 okt.

Om tjänsten

Flyktningtenesta i Bygland har kontor på kommunehuset i Bygland og er organiserte under avdeling for helse og livsmeistring. Stillinga inneber sakshandsaming, klargjere bustad, hjelpa til med etablering og integrering i dagleglivet, ordne skuleplass, tilby og rettleia i introduksjonsprogrammet og arbeid for at flyktningana kjem ut i arbeid.

Arbeidsoppgaver

Busetjing og oppfølgjing av flyktningar.

Kartlegge, rettleie og følgje opp menneske med fokus på arbeid, utdanning og integrering

Koordinering av tenester og tett samhandling med andre aktører internt og eksternt.

Fatte vedtak og sakshandsaming etter integreringslova

Tilby og rettleie deltakarane i introduksjonsprogrammet

Utarbeide og følgje opp integreringsplanen saman med flyktningen

Kvalifikasjoner

Relevant universitets-/høgskoleutdanning innen helse- og sosialfag.

Erfaring frå tilsvarande oppgåver kan kompensere for delar av kompetansekravet.

Erfaring frå å jobbe med menneske, gjerne rettleiings- og motivasjonsarbeid, er ein fordel.

Gode datakunnskapar, og god muntleg og skriftleg framstillingsevne vil bli tillagt stor vekt.

Førerkort kl. B er eit absolutt krav.

Personlige egenskaper

Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar som:

Engasjement og interesse for flyktningarbeid.

Evne til å arbeide sjølvstendig, planlegge, prioritere og strukturere arbeidskvardagen din.

Evne til å motivere og skape gode relasjonar.

Løysingsorientert innanfor gjeldande rammer.

Godt humør og god kommunikasjonsevne.

Vi tilbyr

Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar som står i ein spennande arbeidskvardag med

varierte og utfordrande arbeidsoppgåver.

I tillegg får du pensjonsordning gjennom Kommunal Landspensjonskasse og god personal- og

skadeforsikringsordning.

Lønn etter gjeldande tariff.

Kontaktinformasjon

Anna Nawrotzka, Avdelingsleiar helse og livsmeistring, +4748021159

Arbeidssted

Sentrum 18

4745 Bygland

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Bygland Kommune

Referansenr.: 5202986142

Stillingsprosent: 50%

Fast

Søknadsfrist: 16.11.2026

Restid & pendling

Arbetsgivare • Helse og Livsmeistring, Bygland Kommune

Representerar du arbetsgivaren? Få prioriterad topp-placering i Bygland och dölj konkurrerande annonser på sidan.