Hoppa till huvudinnehållet
Havnahuset Bu- Og Servicesenter logo

ID 1074 Helgestillingar i heimebaserte tenester, havnahuset 16,9 % og 13,6 %

Havnahuset Bu- Og Servicesenter
  • OrtFitjar
  • Omfattning–
  • Sista ansökan20 dagar kvar
  • Publicerad6 nov.

Om tjänsten

Helgestillingar i heimebaserte tenester - Havnahuset

Vil du gjere ein forskjell for andre i kvardagen?

Fitjar kommune har ledige faste helgestillingar ved heimebaserte tenester inne sone (Havnahuset):

  • 1 fast helgestilling på 16,9 %
  • 1 fast helgestilling på 13,6 %

Stillingane inngår i turnus med arbeid kvar tredje helg.

Stillingane passar godt for studentar, elevar innan helsefag eller andre som ønskjer erfaring frå helse- og omsorgssektoren.

Ved Havnahuset yter me tenester til personar med ulike hjelpebehov. Me søkjer etter deg som trivst med å arbeide med menneske, viser omsorg og tek ansvar.

Arbeidsoppgåver

  • Praktisk bistand og pleie- og omsorgsoppgåver
  • Oppfølging av brukarar ut frå individuelle behov
  • Samarbeid med kollegaer og pårørande
  • Bidra til eit trygt og godt miljø for bebuarar og tenestemottakarar
  • Delta aktivt i avdelinga sitt daglege arbeid

Kvalifikasjonar

  • Gjerne sjukepleiar, vernepleiar eller helsefagarbeidar
  • Studentar innan helse- og sosialfag og ufaglærte er òg velkomne til å søkje
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og samarbeide godt med andre
  • Interesse for og glede av å arbeide med menneske med ulike hjelpebehov
  • Strukturert arbeidsmåte og vilje til å ta ansvar og initiativ

Personlege eigenskapar

Me legg vekt på at du:

  • Er positiv og serviceinnstilt
  • Er ansvarsbevisst og påliteleg
  • Er fleksibel og løysingsorientert
  • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Me tilbyr

  • Eit triveleg arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
  • God opplæring og rettleiing
  • Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
  • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar gjennom KLP

Fitjar kommune ønskjer eit mangfaldig arbeidsmiljø og oppmodar alle kvalifiserte til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn.

Den som vert tilsett må levere politiattest av nyare dato før tiltreding.

Vitnemål og attestar skal takast med ved eventuelt intervju. Aktuelle kandidatar kan verte kalla inn til intervju fortløpande.

Nærare opplysningar

For spørsmål om stillingane, ta kontakt med einingsleiar Olav Sande , telefon 936 09 390 eller avdelingsleiar Kristine Østrem Vik.

Restid & pendling

Spara jobb & deadline-påminnelse

Sista ansökningsdag: 27 nov.

Inte redo att söka direkt? Spara annonsen och få påminnelse innan den stänger

När du sparar tjänsten samlas den under Mina sidor (Ansökningskoll) och vi skickar automatiskt en påminnelse på mejlen 3 dagar innan sista ansökningsdag så att du inte missar att söka.

Arbetsgivare • Havnahuset Bu- Og Servicesenter

Representerar du arbetsgivaren? Få prioriterad topp-placering i Fitjar och dölj konkurrerande annonser på sidan.